Betalingsavtalar for krav vi krev inn for andre
Om du ikkje kan betale heile beløpet på ein gong, kan du søkje om å dele opp eller utsetje kravet.
Vi krev inn erstatningar, forseinkingsgebyr, rettsgebyr, tvangsmulkter, gebyr og andre kravtypar på vegner av andre offentlege aktørar.
Denne sida gjeld krav frå ei rekkje offentlege aktørar, med unntak av Nav, Lånekassen, Husbanken, Helfo og Garantikassen for fiskarar.
Gå til betalingsavtale for
Vi tilrår at du heller deler opp kravet, enn at du utset betalinga.
Det er viktig at du følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing og trekk i inntekta di.
Du kan dele opp betalingstida i inntil 24 månader eller minimum 500 kroner per månad.
Om du har fleire ubetalte krav eller treng lengre nedbetalingstid
Du må logge inn for å søkje om ein nedbetalingsplan viss du
- har fleire ubetalte krav
- ønskjer lengre nedbetalingstid enn 24 månader (seks månader for erstatningar)
- ønskjer eit lågare månadsbeløp enn 500 kroner
Om du ikkje har høve til å bruke digitale tenester, kan du søkje på papir. Du må leggje ved relevant dokumentasjon på den økonomiske situasjonen din.
Send søknaden til:
Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Om du treng meir enn to månader på å betale, tilrår vi at du heller deler opp betalinga.
Om du ikkje har høve til å bruke digitale tenester, kan du søkje på papir. Du må leggje ved relevant dokumentasjon på den økonomiske situasjonen din.
Send søknaden til:
Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana
Om du får betalingsutsetjing, får du ein ny faktura frå oss.
Du kan ikkje få betalingsutsetjing dersom
- fristen i varselet om tvangsinnkrevjing er passert
- du er under 18 år
Om du har fleire krav du ønskjer å utsetje betalinga av, må du logge deg inn for å søkje om betalingsutsetjing.