Har ikkje fått barnebidrag

Viss du har rett på bidrag og ikkje får dette, kan vi følgje opp saka for deg. Du kan også ha rett på bidragsforskott.

Dersom den bidragspliktige ikkje betaler bidraget til deg, kan vi krevje inn bidraget for deg. Dette søkjer du om hos Nav via søknadsskjemaet deira for bidragsmottakar.

Søkje om bidragsforskott

Du kan også søkje om bidragsforskott hos Nav viss barnebidraget ikkje blir betalt. Får du bidragsforskott, skal innkrevjing av bidraget alltid skje gjennom oss. 

Gå til søknadsskjema hos Nav:

Søk om bidragsforskott

Ikkje alle har krav på bidragsforskott

For å kunne få bidragsforskott, må du tilfredsstille visse kriterium, til dømes kor mykje du tener. 

Når kjem bidraget?

Fristen for å betale barnebidrag er den 25. kvar månaden. Datoen for når du får utbetalt barnebidraget, vil likevel kunne variere.

Dersom du ikkje har fått barnebidraget og du er innvilga bidragsforskott, kjem det i starten av den følgjande månaden.

 

Dersom den bidragspliktige ikkje betaler

Vi vil følgje det opp for deg, men ver merksam på at prosessen tar tid.

Dersom den bidragspliktige ikkje betaler, vil vi gi eit purregebyr og sende eit varsel om tvangsinnkrevjing.

Dersom du ikkje har fått noko bidrag etter at den bidragspliktige har fått purring og varsel, kan vi tvangsinnkrevje bidraget.

Då vil vi først vurdere trekk i lønn eller yting hos den som skal betale bidrag. 

Ved trekk i lønn eller yting skal den bidragspliktige ha tilstrekkelege midlar til livsopphald og andre nødvendige utgifter. Økonomien din som bidragsmottakar vil ikkje vere med i denne vurderinga.

Vi kan også tvangsinnkrevje kravet ved andre tvangstiltak som pant i eigedom, lausøyre eller andre verdiar.