Utskrift av registrerte opplysningar
Viss du har behov for å stadfeste opplysningane som er registrerte på deg i Folkeregisteret, kan du bestille ei utskrift av registrerte opplysningar.
Sjå opplysningane dine
Viss du vil sjå kva for opplysningar vi har registrert om deg og barn som du har foreldreansvar for, kan du logge deg inn på Mi side
Bestill utskrift av registrerte opplysningar
Utskrifta inneheld opplysningar om mellom anna sivilstand og statsborgarskap. Ho inneheld ikkje opplysningar om foreldra dine eller barn.
Slik får du utskrifta
Utskrift av registrerte opplysningar blir send digitalt til innboksen din. Treng du utskrifta på papir med stempel og signatur, vel du dette når du bestiller. Du må rekne med postgang i tillegg til saksbehandlingstida. Sjå saksbehandlingstider. Utskrift av registrerte opplysningar finst på norsk og engelsk.
Du kan du få utskrift av registrerte opplysningar viss du er registrert som busett i ein norsk kommune, eller viss du er registrert som utvandra. Du kan også få utskrift av registrerte opplysningar viss du har d-nummer.
Du kan bestille utskrift av registrerte opplysningar for
- deg sjølv – frå du har fylt 12 år
- barna dine under 18 år som du har del i foreldreansvaret for
- ein person du er oppnemnt som verje for
- ein klient du som advokat er prosessfullmektig for
Utskrifta kan innehalde informasjon om følgjande:
- namn
- fødselsdato
- fødselsnummer/d-nummer
- kjønn
- statsborgarskap
- fødestad/fødeland
- personstatus
- registrerte adresser
- sivilstand (ugift, gift, separert, skild, enkje, enkjemann)
- namn og fødselsdato på ektefelle
Skal utskrifta bli brukt i utlandet, vel du dette når du bestiller. Då får du ho på papir med stempel og signatur.
Du må sjølv sende utskrifta til tingretten for notarialstadfesting, før du kan sende ho til Statsforvaltaren for apostille eller til Utanriksdepartementet for legalisering. Hugs å oppgi kva for eit land utskrifta skal brukast i. Attestar og utskrifter som skal brukast i nordiske land treng ikkje apostille eller legalisering. Les meir om apostille og legalisering.