Vegen til ekteskapet - steg for steg

Her kan du følgje den formelle prosessen for å inngå ekteskap, eller du kan gå rett til det punktet du er mest interessert i.

Når de søkjer om prøvingsattest, må de sende inn ei eigenerklæring og ei forlovarerklæring.

Tips!
Det er lurt å berekne god tid til søknaden om prøvingsattest, i tilfelle de må innhente meir dokumentasjon. Sjå saksbehandlingstider.

Godkjend prøvingsattest er gyldig i fire månader.

For å søkje elektronisk må de

  • kunne logge inn med BankID eller anna godkjend innlogging
  • ha klart fødselsnummera til brudeparet og forlovarane
  • sende eventuell tilleggsinformasjon i posten

Det elektroniske søknadsskjemaet består av ei eigenerklæring og ei forlovarerklæring. Forlovarerklæringa må fyllast ut av to forlovarar/vitne, éin for kvar av dykk. Forlovarane må vere 18 år eller eldre.

Viss ein av dykk har vore gift tidlegare, må de også sende inn erklæring om skifte.  

Norske statsborgarar som er utflytta frå Noreg må sende inn dokumentasjon på sivilstand frå bustadlandet sitt for å få prøvingsattest.

De må sende tilleggsinformasjonen i posten.

Om de ikkje kan søkje elektronisk, må de søkje på papir. Send inn ferdig utfylte skjema og nødvendig tilleggsdokumentasjon samla til:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Dette må de fylle ut

  • Eigenerklæring 
    • Brudeparet skal fylle ut kvar si eigenerklæring.
  • Forlovarerklæring 
    • Dei de vel til å vere forlovarar, må fylle ut forlovarerklæringa.
    • Brudeparet kan ikkje sjølv vere forlovarar for kvarandre. Forlovarane må vere 18 år eller eldre. Den som fyller ut forlovarerklæringa, treng ikkje å vere den same personen som er vitne under sjølve vigselen.
  • Viss ein av dykk har vore gift tidlegare, må de sende inn erklæring om skifte.
  • Norske statsborgarar som er utflytta frå Noreg må sende inn dokumentasjon på sivilstand frå bustadlandet sitt for å få prøvingsattest. 

Om de ønskjer å endre namn i samband med at de giftar dykk, kan de søkje om endring av namn samtidig som de søkjer om prøvingsattest.  

Om de søkjer om prøvingsattest elektronisk, kan de søkje om namneendring som ein del av same søknad. 

Norsk lov krev ikkje at du må endre namn når du giftar deg. Om du skal ut og reise etter bryllaupet, tilrår vi at du ventar med å endre namn til reisa er over. Om du likevel ønskjer å endre namn, hugs å berekne god tid til saksbehandling og bestilling av nytt pass. 

Om de oppfyller krava for å inngå ekteskap, skriv vi ut ein prøvingsattest.

Attesten er gyldig i fire månader, og er gyldig utan stempel og signatur. Vi sender attesten til dykk begge i Altinn.

Om de har reservert dykk mot digital post, får de attesten i posten.

Om de ikkje oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, får de brev i Altinn eller i posten. Er de usamde i vedtaket, kan de klage til Statsforvaltaren der ein av dykk bur.

De må sjølve sende prøvingsattesten til vigslaren.

Hugs at de må avtale tidspunkt for vigsling med vigslaren på førehand.

De må legitimere dykk for vigslaren med til dømes pass, nasjonalt ID-kort, førarkort eller bankkort med bilete.

Viktig informasjon

Hjerte

Vi i Skatteetaten ønskjer dykk til lukke med dagen og framtida!

Vigslaren skal sende vigselsmelding til Skatteetaten innan tre dagar etter at ekteskapet er inngått.

Om du har endra namn og skal på bryllaupsreise i utlandet, sørg for at namnet i passet stemmer med namnet på billetten. 

Om ikkje kan du få problem med innsjekkinga. Treng du nytt pass? Ta kontakt med politiet i distriktet ditt.

Då tilrår vi at du ventar med å endre namn. I periodar har vi lengre saksbehandlingstid, og tida kan bli knapp når du i tillegg skal ha nytt pass. Norsk lov krev ikkje at du må endre namn når du giftar deg. Det er enkelt å endre namn når reisa er over.

 

Vi sender ei stadfesting til dykk begge i Altinn når ekteskapet er registrert i Folkeregisteret. Om de ikkje er digitale brukarar, sender vi stadfestinga til dykk i posten.

Det kan ta litt tid frå vigslaren sender inn vigselsmeldinga til Skatteetaten har registrert vigselen. Sjå saksbehandlingstider.

Om de har behov for ein vigselsattest, kan de bestille vigselsattest etter at Skatteetaten har registrert vigselen.