Leggje inn eller rette brukseiningsnummer (bustadnummer)

Brukseiningsnummeret (bustadnummeret) er ein del av den offisielle adressa di og fortel kva for leilegheit i bygningen du bur i. 

Skjermbilde: Bruksenhetsnummer

Brukseiningsnummeret består av

  • éin bokstav
  • fire tal

Bokstaven fortel om du bur i U (Underetasje), K (Kjellar), H (Hovudetasje) eller L (Loft). Saman med bokstaven fortel dei to første sifra kva etasje du bur i. Dei neste to siffera fortel kva nummer leilegheita di har i denne etasjen.

H0301 tyder for eksempel at bustaden ligg i tredje etasje (03), første dør frå venstre (01).

Einebustader med berre éin bustadeining har alltid bustadnummer H0101.

Når vi veit brukseiningsnummeret ditt, gjer du det enklare for ambulanse, politi og brannvesen å finne raskare fram til leilegheita di i ein nødssituasjon.

Du skal alltid oppgi brukseiningsnummeret i flyttemeldinga.

Kor finn eg bustadnummeret

Brukseiningsnummeret finn du på adressemerket som skal vere klistra på eller ved sida av døra. Det kan òg vere klistra på innsida av dørkarmen inn til leilegheita di.

Dersom du ikkje kjenner brukseiningsnummeret ditt, kan du ta kontakt med kommunen du bur i. Dersom du leiger ei leilegheit, bør du kontakte utleigar.

Du kan òg sjå Kartverket sine nettsider for å få meir informasjon og rettleiing.

Melde flytting