Arbeidsfrådrag for unge

Regjeringa har innført ei forsøksordning der nokre unge kan få frådrag i arbeidsinntekt. Her får du vite meir om forsøket og om frådraget påverkar deg.

Om forsøksordninga

Regjeringa ønskjer å vite om lågare skatt kan gjere at unge vel å jobbe meir. Derfor gjennomfører dei ei forsøksordning med arbeidsfrådrag for unge.

Om lag 100 000 personar fødde mellom 1991 og 2006 er tilfeldig trekte ut til å ha rett på frådraget så lenge forsøket varer. Arbeidsfrådraget kan redusere skatten på lønnsinntekta for dei som er trekte ut.

Dei som ikkje er trekte ut til å få arbeidsfrådrag vil betale skatt etter vanlege skattereglar. Ingen vil betale meir skatt som følgje av arbeidsfrådraget, men nokre vil betale mindre.

Forsøket startar i 2026 og er planlagt å vare i fem år. Les meir om forsøket på regjeringa sine nettsider.

Gjeld det meg?

Alle som er fødde mellom 1991 og 2006 er i målgruppa for forsøket, men berre nokre er trekte ut til å ha rett på frådraget. Arbeidsfrådraget gjeld frå inntektsåret 2026, og dei som er trekte ut vil sjå det på skattemeldinga som kjem i 2027.

Frå 15. desember kan dei som er i målgruppa logge inn for å finne ut om dei er trekt ut eller ikkje.

Trekkinga er ferdig, og vi trekkjer ikkje fleire gonger. Trekkinga er heilt tilfeldig, og om du ikkje er trekt ut no, kan du heller ikkje ble trekt ut seinare. Slik vart trekkinga gjort

Du treng ikkje å gjere noko sjølv

Du treng ikkje å gjere noko med arbeidsfrådraget. Dersom du er trekt ut, blir frådraget automatisk berekna og tatt med i skattekortet ditt.

Uansett om du er trekt ut eller ikkje, bør du sjekke skattekortet ditt for å unngå å betale for mykje eller for lite i skatt, og endre det viss det er nødvendig.

Slik fungerer arbeidsfrådraget

Viss du er trekt ut til å ha rett på arbeidsfrådrag, kan det hende du skal betale mindre skatt.

Inntekta di må vere mellom 210 000 kroner og 657 500 kroner i året for å få frådrag.
Dersom inntekta di er høgare eller lågare enn dette, får du 0 kroner mindre i skatt.
Maksimalt kan du få 27 500 kroner mindre i skatt. Det kan du få viss du har ei inntekt på 345 000 kroner.
Dersom inntekta di er høgare enn 345 000 kroner, blir frådraget gradvis mindre.

Sjølv om du er trekt ut til å ha rett på frådraget, er det ikkje sikkert at du faktisk betaler mindre skatt.

Det kjem an på

Du kan berre få arbeidsfrådrag på inntekt frå arbeid. Det er hovudsakleg lønnsinntekt og næringsinntekt, men om du får foreldrepengar, sjukepengar, pleiepengar, omsorgspengar eller opplæringspengar, så er dette også med.

Du får ikkje arbeidsfrådrag på trygdeytingar som dagpengar, uføretrygd eller andre uføreytingar, arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad, introduksjonsstønad, overgangsstønad for einslege forsørgjarar eller pensjon.

Dersom du har andre frådrag, til dømes fordi du betaler renter på lån, påverkar det skatteberekninga di. Derfor kan det også påverke kor mykje du kan få i arbeidsfrådrag.

Slik heng frådrag og skatt saman

Eit frådrag reduserer den delen av inntekta di du skal betale skatt av. Nokre frådrag får du automatisk, medan andre heng saman med ulike utgifter du har i løpet av året. 

Når vi skal rekne ut kor mykje skatt du skal betale, startar vi med lønna di før skatt. Så trekkjer vi frå frådraga du har rett på, til dømes renteutgifter på lån. Talet vi sit att med då, er beløpet vi bruker for å rekne ut kva du skal betale i skatt. Det er dette beløpet vi trekkjer arbeidsfrådraget frå, før vi bereknar skatten.

Kjeldeskatt på lønn er ei ordning for utanlandske arbeidstakarar som anten er nye i Noreg eller som har fleire korte arbeidsopphald i Noreg. 

Du kan ikkje krevje nokon frådrag når du har kjeldeskatt på lønn. Om du har blitt trekt ut til å få rett på arbeidsfrådraget, vil du ikkje få nokon effekt av frådraget. 

Du kan velje å melde deg ut av kjeldeskatt på lønn-ordninga og heller betale skatt med ordinære skattereglar. Du må sjølv vurdere kva som lønner seg for deg. 

Spesielt for deg som

Dersom du har frikort og tener under 100 000 kroner i året, vil du ikkje få nokon effekt av frådraget sjølv om du er trekt ut til å få det. 

Du må tene frå 220 000 kroner i året før du kan få lågare skatt som følgje av arbeidsfrådraget.

Dersom du trur du kjem til å tene meir enn 100 000 kroner og har frikort, bør du heller søkje om skattekort.

Det finst fleire ulike økonomiske ytingar som kan bli reduserte dersom inntekta aukar. Døme på slike ytingar er uføretrygd, arbeidsavklaringspengar og dagpengar. Andre økonomiske støtteordningar kan også bli påverka av at inntekta di aukar, til dømes bustøtte eller sosialhjelp.

Du må sjølv undersøkje vilkåra for ytinga di. Om du lurer på korleis ytinga di blir påverka av auka arbeidsinntekt, må du ta kontakt med den som utbetaler ytinga di. Dette kan til dømes vere Nav.

Er du student med studielån frå Lånekassen, kan du få delar av lånet ditt gjort om til stipend. For å få gjort om lån til stipend, må du oppfylle vilkåra til Lånekassen. Tener du for mykje eller har for mykje i formue, blir stipendet ditt redusert.

Du finn informasjon om grensene for inntekt og formue på nettsidene til Lånekassen.