Kven er skattemessig busett på Svalbard

Alle som er busette på Svalbard, skal i utgangspunktet betale skatt til Svalbard av all formue og inntekt. Skattemessig busett er du når du har teke varig opphald på Svalbard. 

Personar som har opphalde seg på Svalbard i minst 12 månader, blir rekna som busette frå byrjinga av opphaldet. Varig opphald vil seie at det blir etablert ei reell bustadmessig tilknyting til Svalbard. Kortare fråvær som til dømes tenestereiser og ferieopphald fører ikkje til at opphaldet på Svalbard blir rekna for avbrote. Om det er etablert ei reell bustadmessig tilknyting er ei konkret vurdering i kvart einskild tilfelle.

I praksis betyr skatteplikt etter bustad at inntekter som renter av bankinnskott, gevinst ved sal av aksjar og liknande, aksjeutbytte, netto overskott ved utleige av fast eigedom på Svalbard blir skattepliktig på Svalbard. Slike inntekter er kapitalinntekter/andre inntekter. Les om skattlegging av anna inntekt på Svalbard.

Sjølv om du er skattepliktig til Svalbard etter bustad, er det ikkje skatteplikt til Svalbard for

  • lønn og annan godtgjersle for arbeid som er utført utanfor Svalbard
  • inntekt av næringsverksemd som er drive utanfor Svalbard
  • dersom det blir godtgjort at inntekta blir skattlagd i Noreg eller er skattepliktig i ein annan stat.
  • formue og inntekt av fast eigedom som ligg utanfor Svalbard er ikkje skattepliktig til Svalbard

Dersom du flyttar til Svalbard direkte frå utlandet, har du dei første 5 åra berre avgrensa skatteplikt til Svalbard. Du blir skattepliktig for opptent lønn/næringsinntekt og trygdeytingar o.a. du tek imot på Svalbard. Du blir òg skattepliktig til Svalbard for inntekter frå fast eigedom som du eig på Svalbard.

Vilkåret for avgrensa skatteplikt til Svalbard dei første 5 åra er at du ikkje har vore skattepliktig til Noreg/Svalbard etter bustad i løpet av dei 10 siste åra før du flytta til Svalbard.

Vi viser òg til det neste punktet, "Skatt gjennom trekk i lønn (lønnstrekkordninga)".

Skatteplikt til Svalbard etter bustad fell bort frå og med det inntektsåret du oppheld deg utanfor Svalbard meir enn 183 dagar innanfor ein 12-månadersperiode. Når du reknar ut talet på dagar, skal heile eller delar av kalenderdøgn med opphald utanfor Svalbard reknast med. Opphald utanfor Svalbard treng ikkje vere samanhengande.

Det har som hovudregel ikkje noko å seie kvifor du oppheld deg utanfor Svalbard. Opphald utanfor Svalbard på grunn av tenesteoppdrag, arbeid eller ferie tel difor med når du skal rekne ut talet på dagar.

I tilfelle der nødvendig medisinsk behandling eller liknande vektige grunnar gjer at du må opphalde deg utanfor Svalbard meir enn 183 dagar, kan Svalbard skattekontor etter ei heilskapleg vurdering av bustadmessig tilknyting vedta at du likevel skal reknast som busett på Svalbard. Dette unnataket blir praktisert svært strengt.

Opphøyr av skatteplikt til Svalbard etter bustad skjer etter gjeldande regelverk anten 1. januar i utflyttingsåret eller 1. januar i året etter utflyttingsåret, avhengig av i kva år du oppheld deg meir enn 183 dagar i ein 12-månadersperiode utanfor Svalbard.

Tidspunktet for når bustadskatteplikta opphøyrer kan difor vere relativt viktig for kvar einskild skattepliktig. Heile pensjonen ein tek imot for utflyttingsåret blir anten skattepliktig eller til Svalbard, avhengig av om skatteplikt til Svalbard etter bustad opphøyrer i utflyttingsåret eller i året etter utflytting. Tilsvarande skal all kapitalinntekt, kapitalgevinstar og tap, i tillegg til alle frådrag for gjeldsrenter o.a. anten skattleggjast til fastlandet eller til Svalbard.

For at lønn som er opptent på Svalbard skal kunne skattleggjast til Svalbard, blir det kravd anten skatteplikt etter bustad eller avgrensa skatteplikt til Svalbard. Dersom skatteplikt etter bustad opphøyrer 1. januar i utflyttingsåret kan lønn som er opptent før fråflytting kome inn under avgrensa skatteplikt til Svalbard. Kvart einskild opphald i samband med arbeidsforholdet må då vare samanhengande i minst 30 dagar.

Døme:

Alt 1

Utrekning – Opphald utanfor Svalbard

 

f.o.m 

t.o.m

2011

2012

Haustferie 

10.09.2011

19.09.2011

10 dagar

 

Arbeidsreise

03.10.2011

05.10.2011

3 dagar

 

Juleferie

15.12.2011

10.01.2012

17 dagar

10 dagar

Arbeidsreise

13.02.2012

16.02.2012

 

4 dagar

Sjukmeld

30.03.2012

10.04.2012

 

12 dagar

Sommarferie

01.06.2012

30.06.2012

 

30 dagar

Sum

 

 

30 dagar

56 dagar

Fastlandet

01.09.2012 

31.12.2012

 

122 dagar

Opphald utanfor Svalbard i 2012

 

 

 

178 dagar

Skatteplikt til Svalbard etter bustad opphøyrer frå og med 01.01.2013 fordi opphald utanfor Svalbard i ein 12-månadersperiode passerer 183 dagar først 5. januar 2013.

Skatteplikt til Svalbard etter bustad opphøyrer såleis 01.01.2013 sjølv om fråflyttinga skjer allereie 1. september 2012. Konsekvensen av dette er mellom anna at ein eventuell pensjon som ein tek imot i perioden frå 1. september og ut inntektsåret 2012 blir skattepliktig til Svalbard. På same måte skal all kapitalinntekt, kapitalgevinstar og tap, i tillegg til frådrag for gjeldsrenter o.a. i same inntektsår takast med ved skattlegginga på Svalbard. Lønn opptent på fastlandet etter at du har flytta frå Svalbard er skattepliktig på fastlandet.

Alt 2

Utrekning – Opphald utanfor Svalbard

 

f.o.m 

t.o.m

2011

2012

Haustferie 

10.09.2011

19.09.2011

10 dagar

 

Arbeidsreise

03.10.2011

05.10.2011

3 dagar

 

Juleferie

15.12.2011

10.01.2012

17 dagar

10 dagar

Arbeidsreise

13.02.2012

16.02.2012

 

4 dagar

Sjukmeld

30.03.2012

10.04.2012

 

12 dagar

Sommarferie

01.06.2012

30.06.2012

 

30 dagar

Sum

 

 

30 dagar

56 dagar

Fastlandet

01.08.2012 

31.12.2012

 

153 dagar

Opphald utanfor Svalbard i 2012

 

 

 

209 dagar

Skatteplikt til Svalbard etter bustad opphøyrer frå og med 01.01.2012 når opphald utanfor Svalbard i ein 12-månadersperiode passerer 183 dagar 5. desember 2012.

Skatteplikt til Svalbard etter bustad opphøyrer såleis 01.01.12 sjølv om fråflyttinga først skjer 1. august 2012. Konsekvensen av dette er mellom anna at pensjon ein tek imot i 2012 (også pensjon ein tek imot før fråflytting) skal skattleggjast til fastlandet. På same måte skal all kapitalinntekt, alle kapitalgevinstar og tap, i tillegg til frådrag for gjeldsrenter o.a. skattleggjast på fastlandet.

Den skattepliktige kan frå 01.01.2012 ha avgrensa skatteplikt til Svalbard. Lønn som er opptent ved samanhengande opphald på Svalbard over 30 dagar blir då skattepliktig til Svalbard. Dersom 30 dagars samanhengande opphald ikkje ligg føre, blir lønn for slike periodar skattepliktig til fastlandet i fråflyttingsåret. Lønn opptent på fastlandet skal skattleggjast på fastlandet.