Skatt til Fastlands-Noreg når du oppheld deg på Svalbard

Når du flyttar til Svalbard, vil du som hovudregel vere skattepliktig til Fastlands-Noreg (fastlandet) under heile opphaldet ditt.

Innflyttingsåret 

Når du bur på Svalbard og er skattepliktig til fastlandet, blir det kalla dobbel busetjing. Det betyr at du framleis har krav på dei same standardiserte frådraga i skattemeldinga di. Til dømes blir ikkje minstefrådraget eller personfrådraget redusert, og du har det same fribeløpet for trinnskatt. Du har også fullt fribeløp ved berekninga av formuesskatten.

Når du flyttar til Svalbard, skal du fordele inntektene og frådraga dine mellom Svalbard og fastlandet. Alle inntekter du har tent opp før du flyttar til Svalbard, slik som lønn, pensjon, renteinntekter, utbytte med meir, er skattepliktige til fastlandet.

Under opphaldet på Svalbard

Fast eigedom, formue, inntekter med meir som du tener opp på Svalbard, er skattepliktige til Svalbard.

Under opphaldet på Svalbard er du også skattepliktig til fastlandet for inntekter og formue som blir tente opp der. Dette kan til dømes vere inntekter og formue av fast eigedom, lønnsinntekter eller næringsinntekter tente opp på fastlandet. 

Utflyttingsåret

Viss du har opphalde deg mindre enn 183 dagar på Svalbard i utflyttingsåret, er du skattemessig busett berre på fastlandet for dette inntektsåret. Det betyr at pensjon, kapitalinntekter og kapitalgevinstar med meir som du har fått, er skattepliktige til fastlandet i utflyttingsåret. 

Viss du i enkelte periodar ikkje kan overhalde reglane i Svalbardskattelova om avgrensa skatteplikt til Svalbard, vil lønna du har tent opp i desse periodane vere skattepliktig til fastlandet. 

For meir informasjon, sjå: Skatteplikt etter bustad – opphøyr