Forenkla melding om lønt arbeid i heimen

Den forenkla meldinga gjer det lett å oppfylle pliktene ein arbeidsgjevar har overfor skatteetaten.

Melding om løna arbeid i heimen (A04) kan du fylle ut og sende inn elektronisk til skatteetaten gjennom Altinn.

Bruk fødselsnummeret som arbeidsgjevarnummer

I den forenkla meldinga fungerer fødselsnummeret ditt som ”arbeidsgjevarnummer” (organisasjonsnummer). Fødselsnummeret vert brukt i kontakten med skatteetaten og NAV. Dersom du har fått tildelt eit organisasjonsnummer som næringsdrivande arbeidsgjevar, må du ikkje bruke dette nummeret i den forenkla meldinga.

Forskotstrekk

Du trekkjer skatten og betaler inn beløpet samstundes som du betaler ut løna. Når du fyller ut og leverer meldinga gjennom Altinn, vil du automatisk få eit kundeidentifikasjonsnummer (KID) og kontonummer for innbetaling av skatten.

Kor mykje du skal trekkje i skatt (forskotstrekk) går fram av skattekortet til arbeidstakaren. Skattekortet kan du hente automatisk inn i meldinga når du leverer det elektronisk.

Er du ein biarbeidsgjevar for arbeidstakeren, vil skattekortet vere eit prosentkort. Då skal forskotstrekket reknast av løna med denne prosenten. Er du hovudarbeidsgjevar kan skattekortet vere eit tabellkort. Forskotstrekket går fram av den tabellen som det er oppgitt tabellnummer for. Her finn du trekktabellene. Er skattekortet eit frikort med beløpsgrense, skal ein ikkje trekkje skatt før fribeløpet er brukt opp.

Det er unnatak fra plikta til å gjere forskotstrekk for små utbetalingar av løn. Du kan la vere å trekkje skatt dersom

  • løna til ein person ikkje overstig 500 kroner i løpet av ein kalendermånad
  • samla forskotstrekk i kalendermånaden ikkje overstig 100 kroner
  • utbetalinga av løn for arbeid i heimen ikkje overstig 6 000 kroner til éin person i løpet av inntektsåret

Dette gjeld berre forskotstrekket. Sjølve skatteplikta og plikta til å sende inn forenkla melding, følgjer andre reglar, sjå seinere i artikkelen.

Arbeidstakar skal ha kopi

Arbeidstakar skal ha kopi av meldinga. Arbeidstakaren må ta vare på sine eksemplar av meldinga for kontroll og utfylling av skattemeldinga.

Ditt eksemplar

Ta vare på ditt eksemplar av meldinga som dokumentasjon. Ved å fylle ut meldinga og ta vare på din del i fem år, oppfyller du krava skatteetaten har til lønssrekneskap for private arbeidsgjevarar.

Same rapporteringsordning for alle arbeidstakarar

For same år kan berre ein person i husstanden vere privat arbeidsgjevar. Du må velgje same type rapporteringsordning for alle arbeidstakarar som utfører lønt arbeid i heimen eller fritidsbustaden dette året. Sjølv om vilkåra for forenkla melding er oppfylte, er den forenkla ordninga frivillig. Andre rapporteringsordninger er omtalte i artikkelen Løn betalt over 60 000. Kva for ei ordning du vel har inga verknad for fritaket for arbeidsgjevaravgift.

Om betalingene går over grensa på 60 000 kroner

Dersom husstanden sine samla utbetalinger av løn per år overstig 60 000 kroner, må du berekne og betale arbeidsgjevaravgift av heile beløpet. Grensa på 60 000 kroner gjeld summen av løn, feriepengar, sjukepengar og verdien av fri kost og losji. Då må du etterberekne arbeidsgjevaravgift av alle lønnsutbetalinger som er gjort etter den forenkla ordninga. Du skal likevel fortsetje å bruke den forenkla meldinga ut året. Her kan du lage KID til bruk ved elektronisk innbetaling (nettbank) av arbeidsgjevaravgift.

Utbetaling av løn for privat pass av barn under 12 år og pass av eldre barn som har særlege behov for omsorg og pleie, er friteke for arbeidsgjevaravgift. Det betyr at beløpsgrensa på 60 000 kroner ikkje gjeld i desse tilfella.