Eg har ikkje fått brukt det maksimale skattefrådraget mitt
Korleis finn eg ut om eg kan bruke heile eller ein del av beløpet?
Dersom de har kapitalinntekter (renter og liknande) som er førehandsutfylte i skattemeldinga til ektefellen med høgast inntekt, vil det lønne seg å endre skattemeldinga. De kan flytte delar av kapitalinntektene frå skattemeldinga til den som har høgast pensjon, eller ikkje får alderspensjon, til skattemeldinga til den som har lågast pensjon.
Dersom de har kapitalutgifter (renteutgifter og liknande) som er førehandsutfylte i skattemeldinga ektefellen med lågast pensjon, vil det lønne seg å flytte heile eller delar av kapitalutgiftene frå skattemeldinga til den med lågast pensjon, til skattemeldinga til den andre.
Vi rår dykk til å bruke skattekalkulatoren vår. Der kan de prøve dykk fram til de finn ei fordeling av kapitalinntektene som gjer at de får brukt det maksimale skattefrådraget, om mogleg.
De må levere skattemeldinga
Dersom de har kapitalinntekter eller kapitalutgifter som er førehandsutfylte i skattemeldinga, og de flytter desse mellom ektefellane, må de levere skattemeldingane. De kan då ikkje bruke ordninga med leveringsfritak.
De bør vurdere å flytte kapitalinntekter eller kapitalutgifter dersom ein av dykk eller begge er alderspensjonistar, og
- den eine har så låg pensjon ("minstepensjon") at han eller ho ikkje får brukt det maksimale skattefrådraget sitt for pensjonsinntekt, og den andre har eiga inntekt, og
- de har kapitalinntekter som er førehandsutfylte i skattemeldinga til den med høgast inntekt/pensjon eller kapitalutgifter som er førehandsutfylte i skattemeldinga til den med låg pensjon.