Kjeldeskatt - Pensjonspoeng og pensjonsbehaldning
Det er ikkje kjeldeskatt på pensjonar og uføreytingar frå private pensjonsordningar dersom du ikkje har pensjonsbehaldning i folketrygda.
Kva skal til for å få pensjonsbehaldning i folketrygda?
- pensjonsgivande inntekt
- uføretrygd og enkelte andre trygdeytingar
- ulønna omsorgsarbeid, når bestemte kriterier for dette er oppfylt
Kva bør du gjere viss du får trekt skatt?
Dersom du:
- får trekt skatt av pensjons- eller uføreytingar og
- du tidlegare ikkje har hatt inntekt i Noreg og
- du berre mottar pensjonar eller uføreytingar gjennom private pensjonsordningar,
då bør du:
- Kontakte Nav og be om ei skriftleg stadfesting på at du ikkje har pensjonsbehaldning i Noreg.
- Sende denne stadfestinga til Skatteetaten.
Slik kan du kontakte oss
Send førespurnader elektronisk eller per post til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO