Kjeldeskatt på pensjon – avgrensingar etter skatteavtalar
Noreg har skatteavtalar med fleire land. Det kan vere at visse pensjonar og uføreytingar ikkje skal skattleggjast i Noreg som følgje av ein slik avtale. Du må i så fall dokumentere at du er skattemessig busett i eit anna land.
Gjeld det meg?
Gjeld for deg som
- får pensjonar og uføreytingar frå Noreg, og
- er skattemessig emigrert frå Noreg, eller aldri har vore skattemessig busett i Noreg
Gjeld ikkje for deg som flyttar frå eller til Noreg, og har skatteplikt som busett både i Noreg og i eit anna land. Sjå bustad etter skatteavtale.
Bustadsfesting (Certificate of residence)
Du dokumenterer du er busett i eit anna land med ei bustadsfesting (Certificate of residence). Bustadsfestinga får du frå skattestyresmaktene i landet der du bur. Det må gå fram av stadfestinga at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg.
- Stadfestinga må vere i original,
- ho må vise til skatteavtalen med Noreg, og
- ho kan ikkje vere eldre enn seks månader.
Nokre av dei mest aktuelle skatteavtalane er omtalte under. Sjå alle skatteavtalane Noreg har inngått.
Kor mykje skatt du skal betala på pensjonen/uføreytinga di kan også påverkast av andre forhold, til dømes om du ikkje har tent opp pensjonspoeng i Noreg, eller du bur i eit anna EØS-land. Les meir om kjeldeskatt på pensjon.
Skatteavtalar med andre land
Bur du i Argentina, Brasil, Bulgaria, Canada, Filippinane, Hellas, Indonesia, Kypros eller Tyskland, er alle pensjonar og uføreytingar som blir betalte ut frå Noreg skattepliktige i Noreg.
Dersom du bur i Estland, Irland, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Latvia, Litauen, Marokko, Russland eller Spania, skal pensjon og uføreytingar ikkje skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og Australia regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 17, 18 og 21.
Bur du i Australia, skal ikkje pensjon skattleggjast i Noreg når du aldri har arbeidd for ein offentleg arbeidsgivar i Noreg. Uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) skal heller ikkje skattleggjast i Noreg. Er du australsk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.
Er du ikkje australsk statsborgar, og du har arbeidd for ein offentleg arbeidsgivar i Noreg, skal den delen av pensjonen som er knytt til tidlegare offentleg teneste (inkludert den tilsvarande delen av grunnpensjonen), skattleggjast i Noreg. Dette gjeld både når pensjonen blir utbetalt frå Nav og frå andre offentlege pensjonsordningar.
Uføretrygd frå folketrygda og andre uføreytingar (med unntak av livrenter) skal skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen med Belgia vart endra frå 2019.
Bur du i Belgia, skal alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skattleggjast i Noreg. Er du belgisk statsborgar, skal pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 18, 19 og 22.
Bur du i Frankrike, er desse pensjonane og uføreytingane skattepliktige i Noreg:
- grunnpensjon frå folketrygda
- tilleggspensjonar som blir utbetalte av Nav
- pensjon tent opp ved arbeid i norsk offentleg teneste som blir utbetalt av andre enn Nav
- uføretrygd frå folketrygda
Desse pensjonane og uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:
- pensjon tent opp ved arbeid i privat teneste når pensjonen blir utbetalt av andre enn Nav. Dette gjeld mellom anna pensjon frå pensjonsordningar knytte til tidlegare arbeidsforhold i privat teneste og pensjon over drift.
- pensjon som er knytt til tidlegare næringsverksemd når pensjonen blir utbetalt av andre enn Nav
- pensjon frå ei private pensjonsordning som ikkje er knytt til eit arbeidsforhold, til dømes individuell pensjonssparing
- uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda
Bur du i Italia, skal ikkje pensjon skattleggjast i Noreg dersom du aldri har arbeidd for ein offentleg arbeidsgivar i Noreg. Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal heller ikkje skattleggjast i Noreg. Er du italiensk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.
Dersom du ikkje er italiensk statsborgar, og du har arbeidd for ein offentleg arbeidsgivar i Noreg, skal den delen av pensjonen som er knytt til tidlegare offentleg teneste (inkludert den tilsvarande delen av grunnpensjonen), skattleggjast i Noreg. Dette gjeld både når pensjonen blir betalt ut frå Nav og frå andre offentlege pensjonsordningar.
Bur du i Malaysia skal pensjon knytt til tidlegare privat teneste og livrenter ikkje skattleggjast i Noreg. Uføreytingar som er erstatning for skadar, skal heller ikkje skattleggjast i Noreg.
Andre pensjonar og uføreytingar skal skattleggjast i Noreg.
Bur du i Nederland, skal alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygden og uføreytingar frå andre ordningar, skattleggjast i Noreg.
Dersom du budde i Nederland og hadde norsk pensjon eller uføreyting i 2013, skal pensjon frå folketrygda, pensjon eller uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og pensjon eller uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg. Andre pensjonar og uføreytingar er skattepliktige i Noreg. Dette gjeld om du ikkje før utgangen av 2015 har meldt frå til Skatteetaten både i Noreg og Nederland om at du vil skattleggjast i Noreg for alle norske pensjonar og uføreytingar.
Dersom du bur i eit anna nordisk land, skal uføreytingar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (med unntak av livrenter) ikkje skattleggjast i Noreg.
Alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) skal skattleggjast i Noreg.
Bur du i Pakistan, skal pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg.
Uføreytingar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (med unntak av livrenter) skal skattleggjast i Noreg.
Bur du i Polen, skal pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er obligatoriske pensjonsordningar eller skattefavoriserte pensjonsordningar ikkje skattleggjast i Noreg.
Pensjonar, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte av Nav skal skattleggjast i Noreg. Pensjonar og uføreytingar frå innskotts- og føretakspensjonsordningar og frå livrenter (IPA og IPS) skal også skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og Portugal regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 18, 19 og 22.
Personar med NHR-status kan også reknast som busette i Portugal dersom det blir lagt fram dokumentasjon på at dei er busette i Portugal etter artikkel 4 nr. 1 i skatteavtalen.
Bur du i Portugal, er desse pensjonane og uføreytingane skattepliktige i Noreg:
- grunnpensjon frå folketrygda
- uføretrygd frå folketrygda
- pensjon og uføreytingar knytte til tidlegare lønnsarbeid i norsk offentleg teneste når mottakaren ikkje er portugisisk statsborgar
- pensjon og uføreytingar som er knytt til tidlegare næringsverksemd
- pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er knytte til tidlegare arbeidsforhold, og livrenter
Desse pensjonane og uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:
- pensjon knytt til tidlegare lønnsarbeid i privat teneste. Dette gjeld både tilleggspensjon som blir utbetalt av Nav og pensjon frå private tenestepensjonsordningar og pensjon over drift.
- pensjon og uføreytingar knytte til tidlegare lønnsarbeid i norsk offentleg teneste når mottakaren er portugisisk statsborgar
- uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar
Bur du i Storbritannia, skal pensjon, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar skattleggjast i Noreg.
Uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar skal ikkje skattleggjast i Noreg. Er du britisk statsborgar, skal pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.
Budde du i Storbritannia og hadde norsk pensjon den 16. desember 2013, kunne du velje at desse typane ytingar framleis ikkje skal skattleggjast i Noreg:
- pensjon og uføretrygd frå folketrygda når ytingane ikkje er knytte til tidlegare offentleg teneste
- pensjon frå private tenestepensjonsordningar
- pensjon frå andre private pensjonsordningar
- uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS)
Valet var endeleg, og det gjeld så lenge du har desse ytingane frå Noreg.
Bur du i Sveits, skal pensjonar knytte til tidlegare privat eller offentleg teneste skattleggjast i Noreg.
Andre pensjonar og uføreytingar skal ikkje skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og Thailand regulerer skattleggingsretten til pensjonar og uføreytingar i artiklane 18, 19 og 22 og 23 nr. 3e
Blir ikkje skattlagt i Noreg
Bur du i Thailand, skal den delen av pensjonen som blir skattlagd i Thailand, ikkje blir skattlagd i Noreg. Den delen av uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) som blir skattlagd i Thailand, skal heller ikkje skattleggjast i Noreg.
Blir skattlagt i Noreg
Uføreytingar frå offentlege og private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar som ikkje er livrenter, skal alltid skattleggjast i Noreg.
Bur du i Thailand, skal den delen av pensjonen som ikkje blir skattlagd i Thailand, blir skattlagd i Noreg. Den delen av uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) som ikkje blir skattlagd i Thailand, blir skattlagd i Noreg.
For å dokumentere kor mykje av den norske pensjonen eller uføreytinga som er skattlagd i Thailand, må du sende inn “Income Tax Payment Certificate: R.O.21 og Certificate of Residence: R.O.22 frå thailandske skattestyresmakter.
Søkjar du om frikort/skattekort må du:
- opplyse kven som utbetaler pensjonen/uføreytinga
- leggje ved ei bustadstadfesting (Certificate of Residence, R.O.22) frå skattestyresmaktene i Thailand
- leggje ved ei eigenerklæring der det kjem fram:
- at du vil opphalde deg i Thailand i minst 180 dagar i løpet av året
- kva beløp som vil bli oppgitt til skattlegging i Thailand i den thailandske skattemeldinga for det aktuelle året
Bur du i Tyrkia, skal pensjon knytt til tidlegare privat teneste, uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og pensjon og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg. Er du tyrkisk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar heller ikkje skattleggjast i Noreg.
Andre pensjonar og uføreytingar skal skattleggjast i Noreg.
Skatteavtalen mellom Noreg og USA regulerer retten til å skattleggje pensjon og uføreytingar frå folketrygda i artikkel 17, 18 og 19.
Bur du i USA er desse pensjonane og uføreytingane skattepliktige i Noreg:
- pensjon frå folketrygda
- uføretrygd frå folketrygda
- pensjon og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar
- pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er knytte til tidlegare arbeidsforhold, med unntak av individuell pensjonssparing (IPA/IPS) og andre livrenter
Desse pensjonane og uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:
- pensjon og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar. Dette gjeld mellom anna pensjon og uføreytingar frå pensjonsordningar knytte til tidlegare arbeidsforhold i privat teneste og pensjon over drift.
- pensjon og uføreytingar frå livrenteforsikringar, mellom anna individuell pensjonssparing som IPA og IPS
Dokumentasjon på skattemessig bustad i USA er "Form 6166 – Certification of U.S. Tax Residency" frå amerikanske skattestyresmakter.