Frådrag for faktiske utgifter til kost

Vel du å krevje frådrag for dei faktiske utgiftene du har til kost, får du ikkje frådrag etter sats. Du kan med andre ord ikkje velje begge delar.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I tillegg til kost, kan du krevje frådrag for utgiftene dine til losji. Beløpa legg du saman, og summen fører du i skattemeldinga di. 

MERK : Pendlarar har ikkje frådragsrett for kostutgifter viss dei bur i pendlarbolig som har kokemoglegheitar.

Frå inntektsåret 2023 er det likevel frådragsrett for kostutgifter ved overnatting på pensjonat og på brakke, sjølv om det er mogleg å lage mat på overnattingsstaden.

Kostinnsparing i heimen

Når du krev frådrag for kost etter faktiske utgifter, må du trekkje frå eit beløp på 105 kroner per døgn fordi du har mindre utgifter til mat heime. 

Døme:
Du har i pendlarperioden opphalde deg i pendlarbustaden i til saman 200 døgn.

 

Du har faktiske utgifter til kost på

52 000 kroner

-

Kostinnsparing i heimen 200 døgn x 105 kroner

21 000 kroner

=

Sum

31 000 kroner i kost

If you’re claiming a deduction for food and accommodation (board and lodging) when you qualify for the commuter deduction, enter this under Extra expenses for overnight work stays.

If you’re claiming a deduction for commuter travel (travel between your home and your commuter accommodation), enter it under Work and commuter travel.

Les mer her om kva frådragene du eventuelt kan kreva

Dokumentasjonskrav

Vel du å føre frådrag for kost etter faktiske kostnader er det eit krav at du kan dokumentere utgiftene dine til kost med kvitteringar, bilag og liknande. Du treng ikkje sende oss dokumentasjonen på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør.