Dagdiett på reiser
Ein dagdiett er ei utgiftsgodtgjersle du som arbeidstakar får av arbeidsgivaren din. Dagdietten skal dekkje utgifter du har til kost (diett) når du er på dagsreise på oppdrag for ein arbeidsgivar.
Når kan arbeidsgivaren utbetale dagdiett trekkfritt?
Arbeidsgivaren din kan utbetale kostgodtgjersle (dagdiett) utan å trekkje skatt når desse vilkåra er oppfylte:
- Kostgodtgjersla (dagdietten) er utbetalt i samsvar med føresegnene i ein tariffavtale eller eit statleg regulativ.
- Du som arbeidstakar må ha meirkostnader/ekstra utgifter til mat på tenestereisa. Det avgjerande er ikkje kva du faktisk har av ekstra utgifter til mat. Om du har meirkostnader, blir vurdert ut frå om du vanlegvis vil få ekstra utgifter på denne typen reiser. Kva som er ei tenestereise må du vurdere etter yrkesreiseomgrepet. Du finn meir informasjon om det skatterettslege reiseomgrepet i denne kunngjeringa. Kva som er ein meirkostnad kan du lese meir om på denne sida i avsnittet "Meirkostnad".
- Kostgodtgjersla (dagdietten) må ikkje overstige Skattedirektoratet sine forskottssatsar.
Dersom eitt eller fleire måltid er dekte av arbeidsgivaren, oppdragsgivaren, arrangøren eller vertskapet, skal arbeidsgivaren gjere trekk for desse måltida etter døgnsatsen for kost ved overnatting:
Måltidstrekk |
Reiser innanlands |
Reiser utanlands |
Frukost |
20 % |
20 % |
Lunsj |
30 % |
30 % |
Middag |
50 % |
50 % |
Døme:
Ola får dekt kost etter staten sine satsar når han er på tenestereise. Ola skal på kurs i Stavanger. Han overnattar ikkje, men reisa varer 13 timar. Lunsjen blir dekt av arbeidsgivaren gjennom kursavgifta.
Måltidsstrekket for brutto kostgodtgjersle for lunsj for 2025 blir berekna ut frå Statens reiseregulativ på 713 kroner.
Skattedirektoratet sin forskottssats for 2025 for trekkfri godtgjersle til kost på tenestereiser utan overnatting over 12 timar er 400 kroner. I dette dømet vil då måltidsstrekket for trekkfri kostgodtgjersle utgjere 120 kroner. (30 % av 400 kroner). Trekkfri godtgjersle utan overnatting etter Skattedirektoratet sine forskottsatsar blir dermed 280 kroner (400 kroner - 120 kroner).
Skilnaden mellom kostgodtgjersla etter Statens reiseregulativ og Skattedirektoratet sine forskottssatsar vil utgjere den trekkpliktige godtgjersla til kost på reiser, som i dette tilfellet blir 200 kroner (480 kroner - 280 kroner).
Ola får dekt kostgodtgjersle skatte- og trekkfritt med 280 kroner, og den skatte- og trekkpliktige kostgodtgjersla blir 200 kroner.
Du må levere ei reiserekning
Reiserekninga må innehalde desse opplysningane:
- namn, adresse og underskrift
- dato og klokkeslett for avreise og heimkomst for kvar yrkes- eller tenestereise
- føremålet med reisa
- kva arrangement du har deltatt på
Meirkostnad
Sjølv om du har utgifter til mat på ei yrkes- eller tenestereise, gir det ikkje automatisk rett til ei skattefri kostnadsdekning frå arbeidsgivaren din. Ein meirkostnad betyr at du har hatt ein ekstra kostnad til mat på den aktuelle reisa.
Det avgjerande for ei skattefri dekning er ikkje kva du faktisk har av ekstra utgifter til mat. Om du har meirkostnader, blir vurdert ut frå om du vanlegvis vil få ekstra utgifter på denne typen reiser. Vurderinga tar utgangspunkt i om reisa er ein del av den normale arbeidssituasjonen din eller ikkje. Når arbeidet krev regelmessige reiser, vil kostnadene til mat på reisene vanlegvis bli likestilte med utgifter til kantine, matbutikk og liknande som arbeidstakarar utan reiseverksemd har. Du får ikkje skattefri dekning på slike reiser. Med regelmessig reising siktar ein til dei tilfella der du reiser som ein naturleg del av arbeidet ditt fordi du ikkje har ein stadbunden arbeidsplass, som til dømes handverkarar og seljarar.
Dersom du vanlegvis arbeider på ein fast stad (stadbunden arbeidsplass), men har nokre reiser til kundemøte, kurs og liknande, vil du normalt ha meirkostnader på slike reiser. Du har då ikkje høve til å planleggje dagen og måltida på same måte som på ein vanleg arbeidsdag. Kva som blir rekna som den normale arbeidssituasjonen din må vurderast konkret.