Trekkfri godtgjersle til kost på tenestereise utan overnatting
Gjeld godtgjersle til kost på tenestereise utan overnatting
Kort om trekkfri godtgjersle til kost på tenestereise utan overnatting
Før opp trekkfri godtgjersle til kost på tenestereise utan overnatting.
Ein føresetnad for retten til trekkfri dekning av kostutgifter er at inntektsmottakaren har meirkostnader. Det avgjerande er ikkje kva du reint faktisk har av ekstra utgifter til mat. Om du har meirkostnader blir vurdert ut frå om du normalt vil pådra deg ekstra utgifter på denne typen reiser. I vurderinga er det naturleg å ta utgangspunkt i arbeidssituasjonen din og vurdere om reisa er ein del av den normale arbeidssituasjonen din eller ikkje.
Skattebetalingsforskrifta § 5-6-12 skildrar dei andre vilkåra for trekkfri utgiftsdekning på tenestereise. Sjå òg Dagdiett på reiser.
Eit eventuelt overskot skal du øre opp som trekkpliktig godtgjersle til kost på reiser.
Dersom kostgodtgjersla er opptent i 2023, men utbetalinga skjer i 2024, skal du legge satsane for 2024 til grunn for overskuddsberekninga. Sjå Skattedirektoratets forskottssatsar for trekkfri kostgodtgjerlse.
Kva blir rekna som tenestereise
Kva som er ei tenestereise skal vurderast etter yrkesreiseomgrepet i FSFIN § 6-44-13. Inntektsmottakarar som har meirkostnader til kost på yrkesreise, kan som hovudregel få trekkfri kostgodtgjersle, dersom krava i skattebetalingsforskrifta er oppfylte.
Reiser mellom heimen og arbeidsstaden der inntektsmottakaren nyttar bil for å frakte med seg arbeidsutstyr, blir ikkje rekna som tenestereise i denne samanhengen, og inntektsmottakaren kan ikkje få dekt trekkfri kostgodtgjersle på reisa. Tilsette som har reise-/transportoppdrag som ein del av sitt ordinære arbeid, for eksempel sjåførar, flybesetning, skipsmannskap, politi i UP-teneste osv., blir heller ikkje rekna å vere på yrkesreise under utføringa av dette arbeidet.
Sjå Skattedirektoratet si presisering av reiseomgrepet av 24. oktober 2017. Denne presiseringa gjeld for rapportering frå og med 1. november 2017.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | utgiftsgodtgjersle, reise kost utan overnatting |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift | nei |
Skatte- og avgiftsregel | dersom aktuelt |
Tilleggsinformasjon: |
|
Tal | talet på dagar |
Beløp
Før opp bruttobeløpet.
Type lønn eller yting
Før opp «utgiftsgodtgjersle» og «reise kost utan overnatting».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal ikkje rekne arbeidsgivaravgift av ytinga.
Skatte- og avgiftsregel
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra, skal du bruke skatte- og avgiftsreglane:
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Svalbardskattelova
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Svalbard».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til, med nemninga «Svalbard».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Svalbard, sjå fagforeiningskontingent, premie til pensjonsordningar, premie til fond og trygd og brakkeleige.
Skatte- og avgiftsregelen gjeld:
- inntektsmottakarar som kjem inn under Jan Mayen-skattelova.
Dersom inntektsmottakaren oppfyller vilkåra skal du markere lønn og andre ytingar med «Jan Mayen og bilanda».
Du må òg markere forskotstrekk som høyrer til med «Jan Mayen og bilanda».
Sjå utfyllande informasjon om forskotstrekk i a-meldinga
Hugs óg å oppgi riktig nemning av frådraget når det er ei eiga frådragsnemning for Jan Mayen og bilanda, sjå fagforeiningskontingent og premie til pensjonsordningar.
Tilleggsinformasjon
Før opp talet på dagar.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Før opp ytinga den kalendermånaden du har utbetalt beløpet.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningar om lønn og andre ytingar til å rekne ut dagpengar og kontrollere ytingar som sjukepengar, foreldrepengar, uføretrygd og bidragsforskot.
Skatteetaten brukar opplysningane til å sikre at arbeidstakaren ikkje krev frådrag for arbeidsgivaren si dekning. Eit eventuelt overskot skal overførast til skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk