Skattemeldinga og skatteoppgjeret til den avdøde: Få oversikt over økonomien til den avdøde

Når du skal vurdere om du skal overta dødsbuet, må du finne ut kva den avdøde etterlet seg. Det vil seie at du må skaffe deg oversikt over formuen og gjelda til den avdøde.  

Slik bestiller du

Ektefelle eller registrert partnar kan bestille skattemeldinga og skatteoppgjeret til den avdøde. Du treng ikkje å sende oss dokumentasjon for å få dette. 

Vi sender skattemelding og skatteoppgjer for avdøde til kontaktpersonen når dette er klart. 

Dersom du treng innsyn i formuen og gjeldsforholda til den avdøde, må du kontakte tingretten for å få ei formuesfullmakt. Det er den lokale tingretten der den avdøde budde som kan gi ei slik fullmakt. 

Når du har fått ei slik fullmakt, kan du bestille utskrift av formue og gjeld: 

Du kan også bestille per post. Hugs å leggje ved fullmakt frå tingretten. 

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Bustyrar som har fullmakt til å forvalte buet etter den avdøde, kan òg få tilsendt eller utlevert skatteoppgjeret til avdøde. Ein må dokumentere retten til å få opplysningane ved å leggje ved ein kopi av fullmakta.

Førespurnaden med den nødvendige dokumentasjonen skal sendast via kontaktskjema eller per post til adressa:

Skatteetaten
Postboks 9200 - Grønland
0134 OSLO

Gravferdsbyrå kan etter fullmakt frå arvingane søkje om gravferdsstøtte. Gravferdsbyrået har i slike tilfelle rett til å få utlevert dei opplysningane frå den avlidne si skattemelding som må leggjast ved søknaden til NAV. Ein må dokumentere retten til å få opplysningane ved å leggje ved ei fullmakta. De kan bruka fullmakta vår for gravferdsbyrå

Førespurnaden med den nødvendige dokumentasjonen skal sendast via kontaktskjema eller per post til adressa:

Skatteetaten
Postboks 9200 - Grønland
0134 OSLO

Alle som har rett til å få utlevert dokumenter eller andre opplysninger om avdøde, har rett til å få bistand eller bli representert av en fullmektig. Fullmektig kan være privatpersoner, begravelsesbyråer, advokater, osv. 

Alle, med unntak av advokater, legge fram en fullmakt.

Send forespørselen med nødvendig informasjon via kontaktskjema . Du kan også sende oss en skriftlig henvendelse for å få skattemeldingen på papir:

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Når du har bestemt deg

Når du har bestemt deg for å overta dødsbuet, kontaktar du tingretten. 

Det er berre viss du vel å overta dødsbuet (gjennomføre skifte) eller får fullmakt frå tingretten til å disponere dødsbu av liten verdi, at du må levere eller rapportere inn noko om skatteforholda til den avdøde.  

Då kan du lese meir om kva du må gjere når du har overtatt dødsbuet