Skatteklassar

Alle personlege skattytarar blir skattlagde i skatteklasse 1.

Skatteklasse 1

For skatteklasse 1 har du eit personfrådrag, eit fribeløp, når du reknar ut skatt på alminneleg inntekt (nettoinntekt). 

Alle personlege skattytarar blir skattlagde i skatteklasse 1. Det same gjeld for dødsbu i det året skattytar døydde.

Viss du skattemessig er busatt i Noreg berre delar av året, blir personfrådraget redusert høvesvis.

For einslege som forsørgjer barn under 18 år og får utvida barnetrygd, finst eit særfrådrag knytt til høgare kostnader ved forsørgjaransvar. Einslege forsørgjarar blir òg skattlagde i skatteklasse 1.

Særfrådraget for einsleg forsørgjer blir avvikla frå og med 1. mars 2023. Dette inneber særfrådrag for einsleg forsørgjer i januar og februar 2023. Den utvida barnetrygda blir auka tilsvarande maksimal skatteverdi av særfrådraget i 2022 (gjeld frå 1. mars 2023).

Det særskilde inntektsfrådraget for busette i Finnmark og i einskilde kommunar i Nord-Troms (Finnmarksfrådraget) blir gitt automatisk på bakgrunn av dei opplysningane Skatteetaten har.

Skatteklasse 0

I skatteklasse 0 blir det ikkje gitt personfrådrag. Døme: Dødsbu skattlegjast i skatteklasse 0 for år som følgjer etter dødsfallåret (når buet ikkje er oppgjort).