Klage på skatteoppgjeret
I dei fleste tilfella kan du sjølv endre skattemeldinga di for dei tre siste inntektsåra, sjølv om leveringsfristen er passert.
Sjekk om du kan endre sjølv eller om du må sende inn klage:
Meir om temaet
Eigedomsskatt
Det er berre i dei tilfella der kommunane bruker Skatteetatens bustadverdiar som grunnlag, at eventuelle klager kan rettast til Skatteetaten.
Les meir om å klage på eigedomsskatten
Feil forskottstrekk
Viss arbeidsgivaren din har rapportert feil forskottstrekk, må du be arbeidsgivar rette feilen. Viss arbeidsgivar ikkje gjer dette, kan du sende oss ein førespurnad.
Les meir om å klage på feil eller manglande forskottstrekk
Bustadsparing for ungdom
Er grunnlaget for bustadsparing for ungdom (BSU) feil, må du i tillegg til å klage på skatteoppgjeret be banken din om å sende ny melding om beløpet til Skatteetaten.