Slik oppgir du inntekt og formue i utlandet

Når du er , er du skattepliktig til Noreg for all inntekt og formue du har i Noreg og i utlandet. Dette må du oppgi i den norske skattemeldinga di.

Du kan krevje frådrag i norsk skatt for skatten du har betalt i utlandet.

Gjeld dette meg?

Dette gjeld for deg som har hatt inntekt eller formue i utlandet.

Dette må du gjere

Du kan logge inn i skattemeldinga og føre opp inntekt og formue i utlandet det siste inntektsåret. 

Du kan føre opp beløpa i norske kroner eller i utanlandsk valuta. 

I punkta nedanfor kan du sjå kva som gjeld for ulike typar inntekt og formue.

Viss inntekta eller formuen er frå 2023, 2024 eller 2025, kan du sjølv endre skattemeldingane dine for desse åra. 

Viss inntekta eller formuen er frå 2021 eller 2022, kan du be Skatteetaten om endring. Du kan søkje frivillig retting – såkalla skatteamnesti ti år tilbake i tid.

 

Noreg har eigne reglar for å unngå dobbel skattlegging. Korleis du skal unngå dobbel skatt kjem an på den norske skattelova og skatteavtalen mellom Noreg og kvart enkelt land. 

Typar inntekter og formue i utlandet

Logg inn i skattemeldinga, gå til “Arbeid, trygd og pensjon” og legg inn beløp, type pensjon og frå kva land han er utbetalt. Ikkje alle skal betale trygdeavgift for pensjon utbetalt i utlandet. Er du usikker, må du undersøkje med Nav kva som gjeld for deg.

Logg inn i skattemeldinga, gå til “Arbeid, trygd og pensjon” og legg inn beløpet du har tent på arbeid i utlandet. Ikkje alle skal betale trygdeavgift for lønn opptent i utlandet. Er du usikker, må du undersøkje med Nav kva som gjeld for deg.

Det er særskilde reglar for grensegjengarar og nokre andre arbeidstakargrupper, til dømes sjømenn, flygande personell, sokkelarbeidarar og offentleg tilsette.

Næringsinntekt er resultatet i verksemda di; inntekter frå sal av varer eller tenester, minus kostnader og frådrag. 

Har du næringsinntekt i utlandet, må du oppgi denne inntekta i  næringsspesifikasjonen.

Har du næringsinntekt i Noreg og i utlandet, må du oppgi all inntekta i næringsspesifikasjonen.   

Dersom du har betalt skatt til utlandet på den utanlandske næringsinntekta, kan du krevje kreditfrådrag. Då må du må opprette og fylle ut desse korta i skattemeldinga:

Her fyller du ut

  • kva land næringsinntekta kjem frå
  • sum driftsinntekter i det aktuelle landet
  • sum driftskostnader i det aktuelle landet
  • sum finansinntekter og/eller sum finanskostnader i det aktuelle landet

Hugs at alle inntekter og kostnader du har oppgitt under “Grunnlag for kreditfrådrag i næringsinntekt i utlandet“, også må takast med i næringsspesifikasjonen. 

Her fyller du ut

  • i kva land inntektsskatten er betalt
  • inntektsskatten som er betalt i det aktuelle landet

Når du har fylt ut desse opplysningane, kan du sjå berekna kreditfrådrag under «Oppsummering og skatteberekning».

Finn ut kva du skal gjere med skatten og kva du eventuelt kan få frådrag for når du eig ein eigedom i utlandet.

Har du selt, arva eller overtatt ein eigedom i utlandet? 
Finn ut kva du skal gjere med skatten og kva du eventuelt kan få frådrag for.

Leiger du ut ein eigedom i utlandet?
Finn ut kva du skal gjere med skatten og kva du eventuelt kan få frådrag for.

Dette må du gjere:

  1. Før opp formuesverdien av aksjar og verdipapir i skattemeldinga di
    Oppgi verdien per 31.12 i inntektsåret.

  2. Før opp utbytte på aksjar og verdipapirfond (aksjedel)
    Dersom du har fått utbytte på aksjar eller verdipapirfond, fører du opp det samla utbyttet i skattemeldinga di. Om du krev skjermingsfrådrag, må du også føre dette opp i skattemeldinga.
     
  3. Før opp gevinst eller tap ved sal av aksjar og andre verdipapir
    Det er ikkje vanleg at bankar/forvaltarar i utlandet lagar oppstillingar over gevinstar/tap ved sal av aksjar. Du må derfor berekne dette sjølv etter norske reglar. Du kan krevje frådrag for skjerming i berekninga.

    Du bereknar gevinst eller tap slik:

    Finn verdien til aksjen/verdipapiret på tidspunktet du kjøpte han (inngangsverdi). Om du har fleire aksjar/verdipapir av same type, skal du bruke “først inn, først ut“-prinsippet. 

    Rekn om inngangsverdien til norske kroner. Du skal bruke valutakursen på kjøpstidspunktet.

    Finn salsverdien til aksjen/verdipapiret og rekn han om til norske kroner. Du skal bruke valutakursen på salstidspunktet.

    Rekn om eventuelle kostnader i utanlandsk valuta til norske kroner. Du skal bruke valutakursen på tidspunktet du betalte kostnadene.

    Gevinst eller tap = Salsverdi i norske kroner - inngangsverdi i norske kroner - kostnader i norske kroner - eventuell skjerming.

    Du fører gevinst eller tap på salet i skattemeldinga di. 

  4. Før opp renteinntekter frå fond, obligasjonar osb.

    Dersom du får renteutdeling frå verdipapirfond, obligasjonar eller andre renteberande papir, fører du dette i skattemeldinga di. 

Om du har betalt skatt i utlandet og vil krevje frådrag i norsk skatt

Om du har krav på frådrag for skatt betalt i utlandet, kjem an på skatteavtalen mellom Noreg og det aktuelle landet.

Dersom du krev kreditfrådrag, fører du dette i skattemeldinga di. 

Dokumentasjonskrav

Du skal ikkje leggje dokumentasjonen ved skattemeldinga, men du må kunne gi oss dokumentasjon om vi ber deg om det.

Dersom du meiner du har krav på frådrag i skatten i Noreg, må du kunne dokumentere at du har betalt skatt i utlandet.

Dokumentasjonen må vere frå skattestyresmaktene i landet det gjeld, og vise

  • kva inntektsår skatten gjeld
  • at skatten er endeleg fastsett, ikkje berre førebels berekna
  • at skatten er betalt
  • kva type skatt du har betalt (formues- eller inntektsskatt)

Skatteetaten kan krevje at dokumentasjon på andre språk enn nordisk skal omsetjast til norsk eller engelsk av offentleg godkjende translatørar.

Om du har ein bankkonto i utlandet, skal du oppgi beløpet du har på kontoen 31.12 og eventuelle renteinntekter for heile året. 

Dersom du lurer på om du må skatte av rentene, om du har krav på frådrag eller korleis du unngår dobbel skattlegging, finn du meir informasjon om i skatterettleiinga for renteinntekter. 

Dersom du eig, har selt, mina eller kjøpt krypto, kan du få hjelp til å oppgi dette i skattemeldinga.

Om du har brukt utanlandske digitale nettbankar til å formidle betalingar eller motta inntekt, vil ikkje desse opplysningane vere førehandsutfylte i skattemeldinga di.

Om du har mottatt lønn, næringsinntekt eller andre inntekter i løpet av året, eller har pengar inneståande (formue) i ein utanlandsk digital bank per 31.12, er du sjølv ansvarleg for å rapportere desse opplysningane.

Revolut og Monzo er døme på heildigitale nettbankar.

Les om skatt på virtuelle eigedelar som til dømes kryptovaluta

Om du har brukt utanlandske nettbaserte overføringar og betalingar, vil ikkje desse opplysningane vere førehandsutfylte i skattemeldinga di.

Om du har mottatt lønn, næringsinntekt eller andre inntekter i løpet av året, eller har pengar inneståande (formue) på ei utanlandsk betalingsteneste per 31.12, er du sjølv ansvarleg for å rapportere desse opplysningane.

Døme på betalingstenester er Paypal, Wise og Stripe.

Om du har brukt digital lommebok med utanlandske kort eller kontoar, vil ikkje desse opplysningane vere førehandsutfylte i skattemeldinga di.

Om du har mottatt lønn, næringsinntekt eller andre inntekter i løpet av året, eller har pengar inneståande (formue) på ei digital lommebok i utlandet per 31.12, er du sjølv ansvarleg for å rapportere desse opplysningane.

Døme på digitale lommebøker er Apple Pay og Google Wallet.

Les om skatt på virtuelle eigedelar som til dømes kryptovaluta

Dokumentasjon

Om du meiner du har krav på frådrag i skatten i Noreg, må du kunne dokumentere at du har betalt skatt i utlandet.

Du skal ikkje leggje dokumentasjonen ved skattemeldinga, men du må kunne gi oss dokumentasjon om vi ber deg om det.

 

Dokumentasjonen må vere frå skattestyresmaktene i landet det gjeld, og vise:

  • kva inntektsår skatten gjeld
  • at skatten er endeleg fastsett, ikkje berre førebels berekna
  • at skatten er betalt
  • kva type skatt du har betalt (formues- eller inntektsskatt)

Skatteetaten kan krevje at dokumentasjon på andre språk enn nordisk skal omsetjast til norsk eller engelsk av offentleg godkjende translatørar.