Pressemelding

No er er skattemeldinga sendt til alle – 8 av 10 ligg an til å få igjen på skatten

  • Publisert:
Viktig informasjon

Denne pressemeldingen er mer enn 1 år gammel. Vær oppmerksom på at det kan ha skjedd endringer etter at den ble publisert.

Skatteetaten har no sendt skattemeldinga til 4,9 millionar personar. –  Husk å sjekke at opplysningane stemmer og fyll ut det som manglar, slik at du betalar rett skatt, oppfordrar skattedirektør Hans Christian Holte.

Mellom 18. og 31. mars har dei fleste lønnstakarar og pensjonistar fått ei heilt ny digital og enklare skattemelding. Næringsdrivande og dei som får skattemeldinga på papir får den i kjent format. Skattemeldinga er førehandsutfylt med mange opplysningar om inntekt, formue, bustad, gjeld og frådrag. Men det er framleis opplysningar du sjølv må fylle inn i skattemeldinga, for eksempel ekstra inntekter eller verdiar i andre land.

Tidlegare skatteoppgjer

8 av 10 lønnstakarar og pensjonistar ligg an til å få skatt til gode ifølge den foreløpige skatteberekninga.

– Har du skatt til gode og leverer den nye skattemeldinga på skatteetaten.no, kan du få skatteoppgjeret og pengane på konto innan eit par veker etter at du har levert, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

2,8 millionar skattytarar får tilbake til saman 33,7 milliardar kroner på skatten, viser den foreløpige skatteberekninga.

Tidlegare har skatteoppgjeret kome mellom slutten av juni og oktober. Det nye systemet gjer det mogleg å få utbetalt skatt til gode tidlegare, men det er likevel nokre vilkår:

  • Du har fått ny skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar
  • Du og eventuell ektefelle må trykke på knappen for å sende inn skattemeldinga
  • Du må ha skatt til gode
  • Skattemeldinga di må ikkje ha blitt tatt ut til kontroll

Foreløpige tal viser at 822.000 personar, som tilsvarar to av ti skattytarar, får restskatt på til saman 20,5 milliardar kroner. 

– Dersom du må betale restskatt, får du skatteoppgjeret tidlegast i juni. Det gjeld også dei som ikkje sender inn skattemeldinga, det vil seie at du lar den bli levert automatisk ved fristen, forklarar skattedirektøren.

Årleg skattesjekk

Skatteetaten får stadig meir informasjon om deg, men du er sjølv ansvarleg for å gi fullstendige opplysningar som blir brukt til å berekne skatten. Du er ansvarleg for at skattemeldinga er fullstendig og korrekt også viss du brukar leveringsfritak.

– Eg oppfordrar alle til å sjekke tala nøye og samanlikne dei med årsoppgåver frå til dømes bank, kommune, arbeidsgivar og burettslag. Tenk også gjennom om du har ekstra verdiar som skal rapporterast, eller frådrag du har krav på, seier Holte.

– Det er endå enklare å sjekke og endre opplysningar i den nye skattemeldinga. Det kan lønne seg å bruke ein halvtime på denne årlege skattesjekken og sørge for at du har alt på stell, seier skattedirektøren.

Vi hjelper deg

I skattemeldinga får du rettleiing og enkelte svar undervegs. I tillegg finn du alt frå reisekalkulator til frådragsrettleiar på skatteetaten.no. Har du spørsmål, får du raskast hjelp viss du kontaktar oss på chat, Facebook/skatten min eller telefon. Skattekontora er for tida stengt for publikum for å redusere risiko for virusspreiing.

Leveringsfrist

Frist for innlevering av skattemeldinga er 30. april for lønnstakarar og pensjonistar, og 31. mai for næringsdrivande. Næringsdrivande må levere skattemeldinga elektronisk.

Viss du treng meir tid til å sjekke skattemeldinga di, kan du utsette leveringsfristen automatisk med ein månad ved å søke på skatteetaten.no/utsettelse.

Du kan også delegere tilgang til å sjå, endre eller levere skattemeldinga di til nokon  andre du stolar på - skatteetaten.no/delegere.

Ny skattemelding

Den nye skattemeldinga gjer det enklare å forstå og sjekke. Postane slik vi kjenner dei frå tidlegare er erstatta av tema som hører naturleg saman:

  • Arbeid, trygd og pensjon
  • Bank, lån og forsikring
  • Bustad og eigedelar
  • Familie og helse
  • Finans
  • Gåve og arv
  • Personlege forhold

Viss du endrar eit tal, så ser du oppdatert skatteberekning i skattemeldinga med ein gong.

I skattemeldinga får du rettleiing og hjelp undervegs. Dette gjer det enklare å levere korrekte opplysninger og få riktig skatt.

Fylkestal

Tala viser foreløpig skatteberekning for 2019. Både skattepliktige og Skatteetaten kan endre tal i skattemeldinga før skatteoppgjeret. Opplysningar i skattemeldinga er basert på grunnlagsdata levert av tredjepartar og kan innehalde feil.

Fakta om skattemeldinga

  • Skattemeldinga inneheld ei foreløpig skatteberekning. 8 av 10 (2,8 millionar) ligg an til å få skatt til gode når skatteoppgjeret er klart, mens 2 av 10 (800.000) truleg må betale restskatt. For dei som fekk skatt til gode var snittbeløpet 11 900 kroner, mens snittbeløpet for dei som fekk restskatt var
    25 000 kroner.

  • Beløpa på restskatt og skatt til gode er foreløpige. Det er først når du får skatteoppgjeret at du får endeleg berekning av skatten. I skatteoppgjeret er det tatt omsyn til eventuelle endringar og nye opplysningar du sjølv har lagt inn. Skatteoppgjeret er klart mellom april og oktober.

  • Nokon får ikkje foreløpig skatteberekning i skattemeldinga, som for eksempel dei som har fått skattemelding for næringsdrivande og deira ektefelle og andre med meir komplekse skatteforhold.

  • I den nye skattemeldinga blir foreløpig skatteberekning oppdatert med ein gong viss du legg til opplysningar om til dømes bil eller bustad, eller gjer andre endringar.

  • I fjor brukte 7 av 10 lønnstakarar og pensjonistar leveringsfritak. Det vil sei at dei ikkje gjorde endringer, men let den førehandsutfylte skattemeldinga bli levert automatisk ved leveringsfristen. Dei aller fleste som leverer skattemelding, leverer den elektronisk. Lever du på papir får du skatteoppgjeret tidlegast i august.

  • 4 millionar får skattemeldinga kun elektronisk. Desse får varsel på e-post når skattemeldinga er tilgjengeleg. 

  • Skatteetaten sender 695 000 skattemeldingar på papir. Det er 90 000 færre enn i fjor, og talet blir mindre år for år. Dei som mottar skattemeldinga på papir er dei 200 000 som har reservert seg mot å motta elektronisk kommunikasjon frå stat og kommune, og alle som vi ikkje har e-postadresse eller mobiltelefonnummer til. Dei sistnevnte får skattemeldinga både elektronisk og på papir. 

  • Skattemeldinga for 2019 er sendt ut på fleire språk og målformer.
    • Bokmål: ca. 4,3 millionar
    • Nynorsk: ca. 470 000
    • Samisk: ca. 200
    • Engelsk: ca. 175 000

Sjå skatteetaten.no/skattemelding og nyheitsrommet for informasjon, statistikk, bilete og presseeksemplar av skattemeldinga.