Skjema RF-1086

Aksjonærregisteroppgåva

Alle norske aksje- og allmennaksjeselskap, i tillegg til sparebankar med eigenkapitalbevis, skal kvart år levere ei aksjonærregisteroppgåve til Skatteetaten sitt aksjonærregister. I dette registeret samlar vi informasjon om alle hendingar og transaksjonar i selskapa.

Juni 2026 blir dagens løysing avvikla

I juni 2026 blir dagens løysing avvikla for innrapportering av aksjonærregisteroppgåva via Altinn.

Alle aksjeselskap må etter dette tidspunktet levere aksjonærregisteroppgåva gjennom eit sluttbrukarsystem. Dette vil også gjelde for alle endringsmeldingar for 2025 og tidlegare år.

Levering av aksjonærregisteroppgåva kan gjerast via Altinn som tidlegare fram til juni 2026

Logg inn og fyll ut RF-1086:

Endre og levere aksjonærregisteroppgåva

Opplysningar frå selskapa gir Skatteetaten grunnlag til å produsere og sende ut Aksjeoppgåva til aksjonærane. Aksjeoppgåva skal hjelpe aksjonærane til å levere rett skattemelding. Ho dannar grunnlaget for førehandsutfylling av skattepliktige beløp i skattemeldinga.

Selskap er fritatte for innrapporteringsplikta når Euronext VPS (VPS) står for innrapporteringa. 

Bustadaksjeselskap skal ikkje levere Aksjonærregisteroppgåva (RF-1086).

Ikkje godkjend aksjonærregisteroppgåve

Viss aksjonærregisteroppgåva ikkje blir godkjend, vil Skatteetaten mangle grunnlag for å sende ut Aksjeoppgåva.

Det gjer at skattepliktige beløp frå aksjane ikkje blir førehandsutfylte på skattemeldinga til aksjonærane, og dei vil ikkje ha leveringsfritak for skattemeldinga. Aksjonærane må sjølve berekne og føre opp alle skattepliktige beløp i skattemeldinga.

Selskapet må levere aksjonærregisteroppgåva innan fristen 31. januar

Viss de ikkje leverer opplysningar i tide, må selskapet betale tvangsmulkt til oppgåva er levert.

Hjelp til utfylling

De kan òg sjå filmar som viser døme på korleis de fyller ut ei aksjonærregisteroppgåve:

Informasjon for deg som lagar tenester og system for sluttbrukarar, og som har integrasjon mot Skatteetatens eksterne tenester og API: