Russebuss som er registrert i utlandet

Viss du planlegg du å leige ein utanlandsregistert buss som russebuss i Noreg, må du sjekke kva krav som gjeld for å kunne bruke bussen og kven som skal melde inn bruken.

Skjema RF-1338

Bruke utanlandsregistrert leigebil

Du kan bruke utanlandsk leigebil i Noreg i inntil 42 dagar i løpet av ein periode på 12 månader. Perioden på 42 dagar kan delast opp.

Du melder frå elektronisk ved å logge inn via ID-porten før du tek bilen til Noreg.

Du kan sjølv endre opplysningane du har meldt inn. 

Ordninga gjeld for alle typar køyretøy, tilhengjarar og campingvogner òg.

Som leigetakar er du sjølv ansvarleg for at køyretøyet har godkjent forsikring.

Du må ha med deg stadfestinga og leigekontrakten i bilen

Tilbakemeldinga du får på at opplysningane er sende til skattestyresmaktene blir rekna som ei stadfesting på at køyreløyve er gitt. Du må ha med deg løyvet og leigekontrakten i bilen.

Du må melde frå i forkant

Dei som skal bruke køyretøyet må melde frå til Skatteetaten før køyretøyet blir ført inn til Noreg. Det er berre den eller dei som står oppført i leigekontrakten som kan melde bruken til Skatteetaten.

Ver merksam på følgjande:

  • Innan utgangen av den innmelde perioden må du anten føre bilen ut av landet att eller levere bilen til utleigaren sin representant.
  • Dersom du ikkje følgjer regelverket, må du betale avgifter. Du kan òg bli pålagt tilleggsskatt.

Finn ut kva som gjeld for bruk av utanlandsregistrert køyretøy i Noreg

Viss du er usikker på kva som gjeld for deg, kan du bruke vegvisaren vår for bruk av utanlandsregistrert køyretøy. Då svarer du på 2-8 spørsmål og får vite kva reglar som gjeld for deg.

Kva er eit utleigekøyretøy?

Med utleigekøyretøy meiner vi motorvogn som ledd i profesjonell verksemd stilt til rådvelde for leigetakaren mot vederlag for eit bestemt tidsrom. Dersom leigeavtalen inneheld ein kjøpsopsjon, blir ikkje køyretøyet rekna som eit utleigekøyretøy.

Dersom køyretøyet er stilt til rådvelde for deg av ein privatperson, blir det ikkje rekna for å vere eit utleigekøyretøy. Det finst ei eiga meldingsløysing for slike køyretøy.

Regelverk

Reglane for bruk av utanlandsregistrert utleigekøyretøy finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge (Lovdata). 

Skattedirektoratet har utarbeidd kommentarar til forskrifta. Kommentarane finn du i årsrundskriv for engangsavgift.