Feil i a-meldingane kan gi arbeidstakaren tilleggsskatt

Sjølv om arbeidstakaren har eit sjølvstendig ansvar for å sjekke at ho/han har fått ei årleg samanstilling over innrapporterte opplysningar og at alt stemmer, er det arbeidsgivaren sitt ansvar å sende inn rette opplysningar.

Opplysningane blir fylte ut automatisk i skattemeldinga til arbeidstakaren

Desse opplysningane blir lagde til grunn også ved fastsetjinga og avrekninga av skatt for arbeidstakaren, med mindre det kjem inn andre opplysningar.

Opplysningane som arbeidsgivaren legg inn i a-meldingane, er difor særs viktige for at arbeidstakaren skal få rett skatt.

 

Konsekvenser

Det kan få fleire konsekvensar dersom arbeidsgivaren anten ikkje sender inn a-meldingar, eller leverer opplysningar med feil eller manglar:

  • Inntekta til arbeidstakaren blir ikkje fylt ut automatisk i skattemeldinga til arbeidstakaren.
  • Arbeidstakaren kan ikkje nytte seg av ordninga med leveringsfritak, då ho/han sjølv må rette opp i skattemeldinga.
  • Dersom arbeidstakaren gløymer å korrigere opplysningane i skattemeldinga og dette fører til at skatten er eller kunne ha blitt sett for lågt, vil arbeidstakaren vanlegvis få tilleggsskatt. Tilleggsskatten blir rekna ut med 20 prosent av den skattemessige fordelen som er eller kunne ha vore oppnådd. Satsen er 10 prosent dersom dei ukorrekte eller ufullstendige opplysningane gjeld opplysningar som er gitte også av arbeidsgivar eller andre. 
  • Det som er trekt i skatt av inntekta til arbeidstakaren, blir ikkje registrert på arbeidstakaren.
  • Skatteoppgjeret til arbeidstakaren blir feil.
  • Samanstillinga til arbeidstakaren over opplysningane som arbeidsgivar har sendt inn i a-meldingane blir feil.
  • Arbeidsgivarar som oppdagar feil eller manglar i allereie innsende a-meldingar, må korrigere dei aktuelle opplysningane snarast. Hovudregelen er at arbeidsgivar må korrigere a-meldinga i den månaden feilen er gjort.