Kva for opplysningar skal arbeidsgivar gi inntektsmottakar?

Kvart år innan 1. februar skal arbeidsgivarar gi ei årleg samanstilling til dei tilsette over inntekter, frådrag og trekk som er rapporterte føregåande år.

Arbeidsgivarar og andre som har betalt ut lønn eller ytingar skal gi ei samanstilling

Alle arbeidsgivarar, pensjonsutbetalarar og andre som betaler ut lønn, ytingar og godtgjersler m.m., skal lage ei slik samanstilling til kvar einskild tilsett eller inntektsmottakar.

 

Samanstillinga skal du levere til inntektsmottakar

Du skal ikkje sende samanstillinga til Skatteetaten, men berre levere ho til dei tilsette / inntektsmottakarane.

 

Unnatak:

  • Arbeidsgivarar som leverer forenkla melding for lønna arbeid i heimen er fritekne frå å levere samanstilling.
  • Arbeidsgivarar som leverer forenkla a-melding for ein velgjerande og allmennyttig organisasjon eller institusjon er fritekne frå å levere samanstilling.

 

Frist

Fristen er 1. februar. Samanstillinga skal sendast ut innan 1. februar i året etter inntektsåret.

 

Innhald

Samanstillinga skal innehalde

  • summen av rapporterte inntekter (lønn, ytingar, godtgjersler). Ytingar av same type kan ein summere og oppgi samla. Med same type yting meiner vi ytingar som har like eigenskapar i rapporteringa.
  • summen av feriepengegrunnlaget
  • summen av rapportert forskotstrekk
  • tilsettnummer eller anna nummer som er brukt til å identifisere inntektsmottakaren i arbeidsgivaren sine system

HUGS! Har du endra opplysninger i a-meldinga etter at du har sendt sammenstillinga til inntektsmottakar, må du óg gi inntektsmottakar ei ny oppdatert sammenstilling.

 

Har du lønnssystem?

Kontakt lønnssystemleverandøren din for å få vite meir om samanstillinga i ditt lønnssystem.

 

Leverer du a-meldinga direkte på skatteetaten.no eller i Altinn?

Vi har laga døme på korleis samanstillinga kan utformast og fyllast ut for dei som leverer a-melding direkte på skatteetaten.no eller i Altinn. Det er ikkje noko formkrav til korleis samanstillinga skal sjå ut, berre krav til innhaldet.