Betale forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, finansskatt og utleggstrekk

Du rapporterer månadleg i a-meldinga og betaler arbeidsgivaravgift og finansskatt annankvar månad. Forskotstrekk og utleggstrekk skal du betale seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga. Vi sender ikkje ut betalingskort for betaling av forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, finansskatt og utleggstrekk.

Skattetrekkskontoen er avvikla

Frå 2026 skal du betale forskottstrekk og utleggstrekk direkte til Skatteetaten, seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga.


Hvis du har pengar igjen på skattetrekkskontoen kan du bruke desse til å betale forskotstrekk i 2026. Du kan overføre pengane frå skattetrekkskontoen til Skatteetaten. Sjå kontonummer for å betale inn.

Meir om endringane for arbeidsgivarar frå 2026

Levere a-meldinga

Arbeidsgivar skal i regelen levere a-meldinga minst éin gong per kalendermånad. A-meldinga blir automatisk kontrollert ved mottak, og du får tilbakemelding etter kort tid.

Levering frå lønssystem:

Tilbakemeldinga kjem direkte inn i lønnssystemet eller til Innboksen i Altinn. Det vil variere alt etter lønnssystem korleis dette er løyst.

Direkte registrering i Altinn:

Tilbakemeldinga kjem i Min meldingsboks i Altinn.

Viss du har sendt inn fleire a-meldingar i løpet av ein månad, vil den siste tilbakemeldinga oppsummere alle a-meldingane som er sende i løpet av månaden.

Tilbakemeldinga inneheld beløp, KID-nummer og kontonummer for betaling av arbeidsgivaravgift, finansskatt, forskotstrekk og utleggstrekk.

Ver merksam på at beløpa på tilbakemeldinga er oppsummerte berre for den månaden tilbakemeldinga gjeld.

Betaling og fristar

Du må sjølv sørgje for å betale summerte beløp for arbeidsgivaravgifta og finansskatten dei to føregåande månadene. Fristane for å betale er 15. januar, 15. mars, 15. mai, 15. juli, 15. september og 15. november.
Forskotstrekk og utleggstrekk skal du betale seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga.

Innbetalingane skal vere elektroniske og dei må ha gyldig KID-nummer. Bankane er pålagde å avvise elektroniske betalingar som manglar gyldig KID-nummer. 

Ver merksam på at det er ulike KID-nummer for forskotstrekk, finansskatt, arbeidsgivaravgift og utleggstrekk. Du skal bruka det same KID-nummeret for ordinær arbeidsgivaravgift og ekstra arbeidsgivaravgift.

Minstegrensa for innbetaling for ein oppgjersperiode (termin) er 100 kroner, jamfør skattebetalingsforskrifta § 10-4-1. Arbeidsgivar er ikkje friteken frå å levere a-melding sjølv om det ikkje blir gjort ei innbetaling.

For forskuddstrekk, finansskatt og arbeidsgivaravgift får du ei tilbakemelding med betalingsinformasjon når du har levert a-meldinga.