Betale inn trekk i lønn hos tilsett

Når du som arbeidsgivar har vorte pålagd å trekkje ein tilsett i lønn, må beløpet betalast inn på rett måte.

Viktig informasjon

Du vil få informasjon om korleis du gjennomfører og betaler inn utleggstrekket i kvart enkelt tilfelle.

Det er viktig at du som arbeidsgivar gjennomfører utleggstrekket slik du får beskjed om, så ikkje verksemda di blir ansvarleg for trekkbeløpet.

Moderniseringa av statleg innkrevjing og ny innkrevjingslov frå 2026 inneber ein gradvis overgang frå gamle til nye ordningar i perioden 2020–2029.

Det betyr at du som arbeidsgivar kan ha enkelte tilsette med trekk etter gammal ordning og andre tilsette med trekk etter ny ordning samtidig. Du må derfor kunne handtere begge ordningane parallelt i denne perioden.

Innbetalinga skjer på ulike måtar for gammal og ny ordning.

Om du har tilsette med utleggtrekk etter gammal ordning, må innbetalinga skje på ulike måtar for dei ulike kravtypane:

 

 

Krav om skatt og arbeidsgivaravgift – eigne tilsette

Dei vanlegaste skattekrava er restskatt og forskottsskatt.

Utleggstrekk for desse krava mot lønnsmottakarar skal betalast inn første arbeidsdag etter lønnsutbetaling og rapporterast i a-meldinga.

 

Krav om skatt og arbeidsgivaravgift – sjølvstendige næringsdrivande som jobbar for verksemda

Dei vanlegaste skattekrava er restskatt og forskottsskatt.

Utleggstrekk for desse krava mot sjølvstendig næringsdrivande skal rapporterast i oppgjerslister.

Betalingsinformasjonen vil stå i oppgjerslista som arbeidsgivaren får tilsendt.

 

Andre avgiftskrav – som mva., særavgifter og toll

Utleggstrekk for å dekkje avgiftskrav som meirverdiavgift (mva), særavgifter, toll og så vidare skal ikkje rapporterast i a-meldinga.

Du vil få informasjon frå oss om KID- og kontonummeret du skal bruke.

 

Du finn betalingsinformasjonen i brevet du har fått om trekket.

Du skal alltid bruke det KID-nummeret som står på fakturaen. Skriv heile KID-nummeret. Dersom det er ein bindestrek på slutten av KID-nummeret, må du taste inn denne også.

Dersom du ikkje kan betale med KID, må du oppgi fødselsnummer, organisasjonsnummer eller saksnummer når du betaler til oss.

Vi krev inn på vegner av mellom andre:

Arbeidstilsynet
Barne- og familiedepartementet
Barne,- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Brønnøysundregistera
Datatilsynet
Digitaliseringsdirektoratet
Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for medisinske produkt
Direktoratet for mineralforvaltning
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Diskrimineringsnemnda
Enova
Finanstilsynet
Fiskeridirektoratet
Forbrukartilsynet
Forsvarsbygg
Forsvarsdepartementet
Helsedirektoratet
Helseklage
Husbanken
Justervesenet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kartverket
Kontoret for valdsoffererstatning
Kulturdirektoratet
Kunnskapsdepartementet
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Luftfartstilsynet
Lånekassen
Medietilsynet
Meisterbrevnemnda
Miljødirektoratet
Norec
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Norsk filminstitutt
Norsk pasientskadeerstatning
Nærings- og fiskeridepartementet
Oslo Børs og Finansdepartementet
Pasientreiser HF
Politiet
Regjeringsadvokaten
Sjøfartsdirektoratet
Statens sivilrettsforvaltning
Statens vegvesen
Statistisk sentralbyrå
Sysselmeisteren på Svalbard
Advokattilsynet
Tolletaten
Utdanningsdirektoratet
Utanriksdepartementet

Du finn betalingsinformasjonen i brevet du har fått om trekket.

Du skal alltid bruke det KID-nummeret som står på fakturaen. Skriv heile KID-nummeret. Dersom det er ein bindestrek på slutten av KID-nummeret, må du taste inn denne også.

Dersom du ikkje kan betale med KID, må du oppgi fødselsnummer, organisasjonsnummer eller saksnummer når du betaler til oss.

Hvis du ikke kan trekke det pålagte beløpet, må du ta kontakt med oss.

Frå 2026 byrja namsmaktene å samle krava sine i eitt samordna utleggstrekk per tilsett. 

Samorda utleggstrekk skal betalast inn til Innkrevjingsmyndigheita i Skatteetaten seinast den første arbeidsdagen etter lønnsutbetaling.

Pålegget om trekk inneheld informasjon om at trekket skal startast, endrast eller avsluttast, kven som skal trekkjast, beløp eller prosentsats, startdato, konto og KID-nummer for innbetaling.

Det vil vere det same, nye kontonummeret for alle samordna utleggstrekk. KID-nummeret er unikt for kvar enkelt utleggstrekk, og skal nyttast på alle innbetalingar som gjeld dette utleggstrekket.

Samordna trekk skal rapporterast i a-meldinga med koden “utleggstrekkSamordna”.

Om du ikkje kan trekkje det pålagde beløpet, og årsaka til dette ikkje vil kome fram av a-meldinga, må du kontakte oss.