Skattetrekkskonto
Kravet om skattetrekkskonto er fjerna frå 1. januar 2026. Alle arbeidsgivarar som betaler ut lønn skal no betale forskottstrekket direkte til Skatteetaten.
Skattetrekkskontoen er avvikla
Frå 1. januar 2026 er kravet fjerna om at forskottstrekk skal overførast til ein skattetrekkskonto. I staden skal du betale forskottstrekk og utleggstrekk direkte til Skatteetaten, seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetaling. Samtidig er også ordninga med at du kan stille ein bankgaranti for skattetrekket fjerna.
Januar er ein overgangsmånad
Det nye regelverket gjeld frå 1. januar 2026, men for løn som er utbetalt i 2025, skal du følgje dei gamle reglane.
- Du må betale 6. termin for 2025 frå skattetrekkskontoen innan 15. januar 2026.
- Samtidig må du byrje med løpande betaling av forskottstrekk direkte til Skatteetaten på løn som blir utbetalt frå januar 2026.
- Hugs å byte kontonummer for innbetaling.
Frå januar 2026 bør rekneskapssystemet deira støtte løpande betaling av forskottstrekk.
Du skal rapportere lønnsutbetalingsdatoen i a-meldinga frå 2026.
Det er ikkje lenger behov for ordninga med å stille bankgaranti som alternativ til å bruke skattetrekkskonto.
Ansvaret til arbeidsgivaren
Som arbeidsgivar skal du gjere forskottstrekk etter gjeldande tabell eller satsar ved kvar lønnsutbetaling.
Som arbeidsgivar er du ansvarleg for at forskottstrekket blir trekt og innbetalt. Selskapet kan bli gjort økonomisk ansvarleg dersom trekket ikkje blir gjort.
Frigi beløp på skattetrekkskonto
Pengar som er sette inn på skattetrekkskontoen, kan berre overførast til Skatteetaten eller til ein annan skattetrekkskonto. Har du ved ein feil overført pengar til skattetrekkskontoen, må du søkje om å få dei tilbake.
Frigi midlar frå skattetrekkskonto
Viss verksemda har pengar igjen på skattetrekkskontoen når han blir avvikla, er det to måtar de kan få igjen pengane på:
- Viss beløpet på skattetrekkskontoen er under 12 000 kroner etter at 6. termin for 2025 er betalt, blir beløpet automatisk frigjeve etter 10. april 2026. Beløpet blir anten overført til ei anna konto de har i banken eller kontoen blir omgjort. Ta kontakt med banken din for å få vite kva som gjeld for dykk.
- Om de har 12 000 kroner eller meir på skattetrekkskontoen etter at 6. termin for 2025 er betalt, må de søkje om å få pengane tilbake.