Solidaransvar ved utleige av arbeidskraft
Når ein arbeidstakar blir leigd ut, har både oppdragstakar (den som leiger ut) og oppdragsgivar (den som leiger inn) ansvar for at arbeidsgivarpliktene blir overhaldne. Det inneber mellom anna å betale arbeidsgivaravgift og forskotstrekk. Dette gjeld også for enkeltpersonføretak som har tilsette.
Dette er solidaransvar
Solidaransvar vil seie at både oppdragstakar og oppdragsgivar er ansvarlege for ubetalte krav. Oppdragstakar og oppdragsgivar kan avtale kven som skal ha arbeidsgivaransvaret. Ein slik avtale fritar ikkje den andre for ansvar ovanfor det offentlege.
Fritak for solidaransvar kan søkjast av verksemder eller enkeltpersonføretak som leiger ut eller leiger inn arbeidstakarar. Vi kan gi fritak frå den datoen søknaden er mottatt. Fritak kan gjelde for opptil eitt år om gongen, første gong inntil 6 månader.
Skattetrekkskontoen er avvikla
Frå 1. januar 2026 er kravet fjerna om at forskottstrekk skal overførast til ein skattetrekkskonto. I staden skal du betale forskottstrekk og utleggstrekk direkte til Skatteetaten, seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetaling. Samtidig er også ordninga med at du kan stille ein bankgaranti for skattetrekket fjerna.
Januar er ein overgangsmånad
Det nye regelverket gjeld frå 1. januar 2026, men for løn som er utbetalt i 2025, skal du følgje dei gamle reglane.
- Du må betale 6. termin for 2025 frå skattetrekkskontoen innan 15. januar 2026.
- Samtidig må du byrje med løpande betaling av forskottstrekk direkte til Skatteetaten på løn som blir utbetalt frå januar 2026.
- Hugs å byte kontonummer for innbetaling.
Frå januar 2026 bør rekneskapssystemet deira støtte løpande betaling av forskottstrekk.
Du skal rapportere lønnsutbetalingsdatoen i a-meldinga frå 2026.
Det er ikkje lenger behov for ordninga med å stille bankgaranti som alternativ til å bruke skattetrekkskonto.
Slik søkjer du fritak
Både oppdragsgivar og oppdragstakar kan søkje om fritak for solidaransvar
- kva type fritak du søkjer om
- kven som skal ha arbeidsgivaransvaret
- kontaktperson
- dersom ikkje generelt fritak: kven som skal ha fritak for arbeidsgivaransvaret
Søknaden må innehalde tilleggsopplysningar avhengig av kva du søkjer fritak for.
Svar på søknaden
Svar på søknaden blir sendt til innnboksen din i Altinn.
Typar fritak og krav
-
Utanlandsk bemanningsføretak som er registrert i Arbeidstilsynet sitt register for bemanningsføretak, kan søkje om fritak for solidaransvar for oppdragsgivarane sine.
-
Du må oppgi kontraktsnummeret i søknaden.
Legg ved følgjande dokumentasjon for den som skal ha arbeidsgivaransvaret:
- Kontrakt mellom oppdragstakar og oppdragsgivar dersom han ikkje er send til Skatteetaten tidlegare.
- Avtale som er underskriven av begge partar om kven som skal ha arbeidsgivaransvaret (dersom dette ikkje går fram av kontrakten).
-
For å få samanhengande fritak må ny søknad sendast før førre periode er avslutta.
Vedlegg er ikkje nødvendig dersom tidlegare innsend dokumentasjon framleis gjeld.
For å få fritak må den som skal ha arbeidsgivaransvaret
- rapportere kontrakt og arbeidstakarar – Oppdrags- og arbeidsforholdsregisteret - skjema RF-1199 og RF-1198
- levere a-melding (gjeld også enkeltpersonføretak som har tilsette)
- overføre skatten du trekk frå lønna til dei tilsette til Skatteetaten seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetaling. Du skal betale skattetrekket kvar gong du betaler ut lønn, og du skal rapportere datoen for lønnsutbetaling i a-meldinga.
Generelt fritak betyr at ein oppdragstakar får innvilga fritak for alle oppdragsgivarane sine. Denne typen fritak er berre aktuelt for selskap som driv med utleige av arbeidskraft, slik som vikarbyrå. Oppdragstakar må vere registrert i Arbeidstilsynet sitt register for bemanningsføretak.
- Det kan søkjast om utvida enkelt fritak på grunnlag av ein rammeavtale.
- Det er ikkje nødvendig å gi opplysningar om kva for tilsette som er utleigde.
Legg ved følgjande dokumentasjon for den som skal ha arbeidsgivaransvaret:
- Kontrakt mellom oppdragstakar og oppdragsgivar.
- Avtale som er underskriven av begge partar om kven som skal ha arbeidsgivaransvaret (dersom dette ikkje går fram av kontrakten).
- Enkelt fritak gjeld berre for dei arbeidstakarane som er spesifiserte i kontrakten.
Legg ved følgjande dokumentasjon for den som skal ha arbeidsgivaransvaret:
- Kontrakt mellom oppdragstakar og oppdragsgivar.
- Avtale som er underskriven av begge partar om kven som skal ha arbeidsgivaransvaret (dersom dette ikkje går fram av kontrakten).
For å få samanhengande fritak må ny søknad sendast før førre periode er avslutta.
Vedlegg er ikkje nødvendig dersom tidlegare innsend dokumentasjon framleis gjeld.
For å få fritak må den som skal ha arbeidsgivaransvaret
- levere a-melding (gjeld også enkeltpersonføretak som har tilsette)
- overføre skatten som du har trekt frå lønna til dei tilsette til Skatteetaten seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetaling.