Betale krav frå Nav
Betalingsopplysningar for bedrifter og organisasjonar som skal betale lønnsgaranti, tilbakekrevjing av sjukepengar og andre krav frå Nav.
Kontonummer
Bruk kontonummer 7694 05 69814.
Du skal betale til dette kontonummeret viss saka di gjeld til dømes
- tilbakekrevjing av sjukepengar frå arbeidsgivar
- tvangsmulkt/gebyr på vegner av Nav Aa-register (arbeidsgivar-/arbeidstakarregisteret)
- lønnsgarantikrav
- refusjon for utlegget til staten i yrkesskadeordninga frå Yrkesskadeforsikringsforeningen
Bruk KID-nummeret som står på fakturaen
Du skal alltid bruke det KID-nummeret som står på fakturaen. Skriv heile KID-nummeret. Dersom det er ein bindestrek på slutten av KID-nummeret, skal bindestreken også vere med.
Kan de ikkje betale heile kravet?
De bør alltid betale kravet om de kan.
Hvis de ikkje betaler innen fristen, må de betale forsinkelsesrenter i tillegg til sjølve kravet. Det betyr at det blir dyrare.
Hvis de ikkje kan betale, kan de søkje om betalingsavtale.
Kontonummer
IBAN: NO31 7694 0569 814
SWIFT/BIC: DNBANOKK
Bank: DnB, N-0021 Oslo
Merking av innbetalinga
Dersom du betaler frå utlandet (via IBAN/SWIFT), og ikkje har KID, må du merkje innbetalinga di med norsk fødselsnummer / D-nummer eller med saksnummeret ditt.
Ta kontakt med Skatteetaten om du er usikker på korleis du skal merkje innbetalinga frå utlandet.
Betaling med utanlandsk valuta og gebyr
Ver merksam på at rekneskapen vår blir ført i norske kroner (NOK). Dersom du er usikker på konvertering av valuta, kan du kontakte banken din. Vi tilrår deg å betale i norske kroner for å sikre at du betaler rett beløp.
Bankane kan ta eit gebyr for overføringar til/frå bankar i andre land. Eventuelle gebyr som følgjer av bankoverføringa, må du dekkje sjølv.