Frivillige organisasjonar som får gåver

For at givarane skal få skattefrådrag for pengegåver, må organisasjonen vere godkjend av Skatteetaten og rapportere inn gåvene elektronisk.

Gjeld dette deg?

Dette gjeld frivillige organisasjonar, trussamfunn og livssynssamfunn som oppfyller krava for å bli godkjende som gåvemottakarar i gåvefrådragsordninga.

 

For å bli godkjend som gåvemottakar, må organisasjonen 

  • drive utan økonomisk motiv (utan erverv til føremål)
  • ha vedtekter som skildrar
    • føremålet med verksemda til organisasjonen
    • korleis eventuelle attverande middel skal fordelast ved ei oppløysing
  • drive med aktivitetar innan eitt eller fleire av desse områda:
    • omsorgs- og helsefremjande arbeid for barn, ungdom, eldre, sjuke, funksjonshemma eller andre svakstilte grupper 
    • barne- og ungdomsretta arbeid innan musikk, teater, litteratur, dans, idrett, friluftsliv eller liknande
    • religiøs eller anna livssynsretta verksemd 
    • vern om menneskerettar eller utviklingshjelp  
    • katastrofehjelp og verksemd for å førebyggje ulukker og skadar  
    • kulturvern, miljøvern, naturvern eller dyrevern 
  • ha hovudkontor (sete) i Noreg eller i eit anna EØS-land
  • ha nasjonalt omfang per 1. januar det året organisasjonen får gåva
  • vere registrert i Einingsregisteret. Utanlandske organisasjonar må vere registrerte i eit relevant register i heimlandet, det vil seie der organisasjonen har sete. 

Stiftingar må få offentleg støtte for å kunne bli godkjende.

Kravet til nasjonalt omfang gjeld ikkje for stiftingar.

Dette må du gjere

Send søknaden om godkjenning til Skatteetaten.

Du kan også sende inn søknaden på papir til

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

 

Søknaden må kome inn til oss i løpet av det aktuelle året søknaden gjeld.

Du kan sende søknaden på norsk, engelsk, dansk eller svensk.

  • kopi av vedtekter, årsrekneskap og årsmelding
  • ei skildring av kva organisasjonen driv med
  • ei forklaring på korleis de skaffar midlar og korleis de bruker desse midla, slik at det går fram at de driv utan økonomisk motiv (utan erverv til føremål)
  • dokumentasjon på at organisasjonen har nasjonalt omfang per 1. januar det året de får gåva, til dømes ved å
    • skildre kvar aktivitetane går føre seg geografisk
    • leggje ved medlemslister for å dokumentere talet på medlemmar/givarar og kvar dei bur

Stiftingar treng ikkje ha nasjonalt omfang. Stiftingar må i staden sende inn dokumentasjon på at dei får offentleg støtte. 

Vi sender deg svaret på søknaden i form av eit vedtak. 

Dersom vilkåra er oppfylte og Skatteetaten godkjenner søknaden, blir  organisasjonen ført opp på lista over

Godkjenninga gjeld frå og med søknadsåret så lenge organisasjonen oppfyller krava.

Du har rett til å klage på eit eventuelt avslag på søknaden om godkjenning.

Du kan sende inn klagen same staden som søknaden.

Det er Skattedirektoratet som behandlar klagen.

Når organisasjonen er godkjend, må de rapportere inn gåvene elektronisk til Skatteetaten.

Rapporteringsfristen er 20. januar året etter at organisasjonen fekk gåva.

Lister over godkjende organisasjonar

Rettskjelder