Kreditfrådrag for skatt betalt i utlandet
Kreditfrådrag er frådrag for skatt som er betalt i utlandet, for å unngå dobbel skattlegging.
For å krevje frådrag må det gjelde den same inntekta, og skatten i utlandet må vere fastsett og betalt.
Gjeld det meg?
Dette gjeld deg som har eit selskap som har betalt skatt i utlandet.
Dette må du gjere
Skattemelding
Du krev kreditfrådrag for utanlandsk betalt skatt i skattemeldinga, og du må levere skattemeldinga og næringsspesifikasjonen seinast 31. mai.
- Du krev frådrag for skatt betalt i utlandet ved å fylle ut «Metode ved dobbel skattlegging»
Dokumentasjon
Du kan ikkje krevje kreditfrådrag i skattemeldinga før du har fått dokumentasjon på at den utanlandske skatten er fastsett og betalt.
Dokumentasjonen må vere anten på norsk, eit anna nordisk språk eller engelsk. Viss du har dokumentasjon på eit anna språk må du få han omsett av ein offentleg godkjend translatør.
Vilkåra for å få frådrag
Du kan krevje frådrag i norsk skatt viss du har dokumentasjon, og alle desse tre vilkåra er oppfylte:
- selskapet høyrer heime i Noreg
- inntekta er skattlagd i Noreg og i utlandet same året
- skatten er fastsett, bestemt og betalt i utlandet
Eit selskap er vanlegvis heimehøyrande i Noreg viss eitt av desse vilkåra er oppfylt:
- selskapet er stifta etter norsk selskapsrett
- selskapet er registrert i Brønnøysundregistera
- selskapet har reell leiing i Noreg
Dette kan du ikkje krevje frådrag for
Du kan ikkje krevje kreditfrådrag dersom:
- den utanlandske inntekta er unntatt frå skattlegging i Noreg på grunn av ein eigen skatteavtale. Sjå landa Noreg har skatteavtale med.
- skatt av utbytte eller gevinst frå aksjesal er omfatta av fritaksmetoden. Fritaksmetoden gjeld for selskap heimehøyrande i EØS-land.
- den utanlandske skatten gjeld avgift, gebyr eller skatt som svarer til norsk tilleggsskatt.
- den utanlandske skatten svarer til norsk toll eller meirverdiavgift.
Kva er maksimalt kreditfrådrag for skatt betalt i utlandet?
- Maksimalt frådrag er det beløpet Noreg er forplikta til å gi i frådrag i samsvar med skatteavtalen det enkelte landet har med Noreg.
- Du kan krevje frådrag i norsk skatt med det same beløpet som du har betalt i skatt i utlandet.
- Frådraget for utanlandsk betalt inntektsskatt kan ikkje vere større enn skatten du betaler i Noreg.
-
Utanlandsk skatt som du ikkje har fått frådrag for, kan du krevje frådrag for i seinare år, inntil fem år fram i tid.
Døme
Du har betalt 100 000 kroner i skatt i utlandet. Norsk skatt er 100 000 kroner.
Du kan krevje frådrag for 100 000 kroner i norsk skatt.
Du har betalt 60 000 kroner i skatt i utlandet. Norsk skatt er 100 000 kroner.
Du kan krevje frådrag for 60 000 kroner i norsk skatt.
Du har betalt 150 000 kroner i skatt i utlandet. Norsk skatt er 100 000 kroner.
Du kan krevje frådrag for 100 000 kroner i norsk skatt. Frådraget du ikkje får dette året, 50 000 kroner, kan du krevje frådrag for i seinare år.
Frådrag frå tidlegare år og frådrag fram i tid
Du kan krevje kreditfrådrag for utanlandsk skatt som du ikkje fekk frådrag for i skatteoppgjeret. Dette kan du gjere inntil fem år fram i tid.
Retten til å overføre frådrag gjeld også dersom Noreg og utlandet har ulike tidfestingsreglar.
Dersom kreditfrådrag til framføring gjeld fleire tidlegare år, skal det eldste året trekkjast frå først.
Utanlandsk skatt som ikkje kjem til frådrag i norsk skatt, kan tilbakeførast til tidlegare år.
Frådraget kan ikkje vere større enn maksimalt kreditfrådrag året før.
Du kan berre tilbakeføre ubrukt kreditfrådrag dersom du kan sannsynleggjere at du ikkje kjem til å ha inntekt frå utlandet dei neste fem åra.
Spesielt for
Avvikande rekneskapsår skildrar i kva år ei inntekt skal skattleggjast eller ei utgift skal frådragsførast.
Når det er avvikande rekneskapsår skal frådraget for den utanlandske skatten fordelast mellom inntektsåra.
Periode:
Kalenderår i Noreg (01.01.–31.12.)
Avvikande rekneskapsår i utlandet, perioden (01.04.–31.03.)
Betalt skatt i utlandet:
01.04. år 1 – 31.03. år 2: Betalt skatt i utlandet 90 000 kroner
01.04. år 2 – 31.03. år 3: Betalt skatt i utlandet 30 000 kroner
01.04. år 3 – 31.03. år 4: Betalt skatt i utlandet 60 000 kroner
Kreditfrådrag i Noreg:
År 1
Perioden er 9 månader.
01.04.–31.12.: 90 000 kroner x 9/12 år = 67 500 kroner
Kreditfrådraget i norsk skatt blir 67 500 kroner.
År 2
Periodane er til saman 12 månader, og blir fordelte mellom år 1 og år 2.
01.01.–31.03.: 90 000 kroner x 3/12 år = 22 500 kroner
01.04.–31.12.: + 30 000 kroner x 9/12 år = 22 500 kroner
Sum kreditfrådrag år 2: 45 000 kroner
Kreditfrådraget i norsk skatt blir 45 000 kroner.
År 3
Periodane er til saman 12 månader, og blir fordelte mellom år 2 og år 3.
01.01.–31.03.: 30 000 kroner x 3/12 år= 7 500 kroner
01.04.–31.12.: + 60 000 kroner x 9/12 år = 45 000 kroner
Sum kreditfrådrag år 3: 52 500 kroner
Kreditfrådraget i norsk skatt blir 52 500 kroner.
År 4
Perioden er 3 månader.
01.01.–31.03.: 60 000 kroner x 3/12 år = 15 000 kroner
Kreditfrådraget i norsk skatt blir 15 000 kroner.
Som hovudregel lønner det seg å krevje kreditfrådrag.
Krav om kreditfrådrag
Frådraget i norsk skatt kan svare til 100 prosent av skatt betalt i utlandet.
I staden for kreditfrådrag kan du krevje frådrag for skatt betalt til utlandet i den norske inntekta.
Krav om frådrag i inntekt
Frådraget i norsk inntekt kan svare til 22 prosent av skatten betalt i utlandet.
Maksimalt frådrag svarer til skattesatsen for norske aksjeselskap.
Du kan ikkje krevje både inntektsfrådrag og kreditfrådrag for den same utanlandske skatten.
Noreg har skatteavtalar med mange land for å unngå dobbel skattlegging.
- Kreditmetoden
Du kan krevje frådrag i norsk skatt for skatten som er fastsett og betalt i utlandet. Frådraget er avgrensa til norsk skatt på den same inntekta. Dette er den vanlegaste metoden. - Fordelingsmetoden (unntaksmetoden)
I nokre tilfelle skal ikkje inntekt opptent i utlandet skattleggjast i Noreg. Skatteavtalen mellom Noreg og det aktuelle landet avgjer om fordelingsmetoden kan brukast.
Metoden som blir brukt i skatteavtalane: Skatte ABC U-6-10 Oversikt over metode for å unngå dobbel skattlegging i skatteavtalane
Sjå landa Noreg har skatteavtale med