Skattemelding for næringsdrivande

Fristen for å levere skattemeldinga for næringsdrivande er 31. mai kvart år.

Tilleggsskatt

Du kan bli pålagd tilleggsskatt viss du ikkje leverer riktige og fullstendige opplysningar i skattemeldinga. Leverer du etter fristen, kan skatten bli fastsett ved skjønn.

Å sende inn frå system blir hovudløysinga for næringsdrivande

Frå 2022 skal dei aller fleste næringsdrivande sende inn skattemeldinga på eit "standardisert digitalt format". Du kan lese meir om kva dette betyr for verksemda di.

Næringsdrivande som ikkje hadde nokon aktivitet i fjor må likevel levere skattemelding. Det er ikkje leveringsfritak for næringsdrivande.

Du skal levere skattemelding for næringsdrivande elektronisk med næringsoppgåve 1 (RF-1175), utan å fylle ut næringsoppgåva. 

Dersom du oppdagar feil i skattemeldinga di kan du sjølv endre grunnlaget. Du kan endre også etter at du har fått skatteoppgjeret. Du kan endre fleire gonger, men meldinga om endring må ha kome fram til oss seinast 3 år etter fristen for å levere skattemeldinga.

Skattegrunnlaget som er fastsett av skattestyresmaktene kan berre endrast ved å sende ei skriftleg klage.

  • Næringsdrivande kan søkje om utsetjing innan 31. mai for levering av skattemeldinga.
  • Søkjer du utsetjing som næringsdrivande er ny utsatt frist 20. august. Det vil ikke bli gitt utsetjing utover 20. august.
  • Dersom skattemeldinga blir levert etter fristen, må du leggje ved en forklaring på kvifor den leverast etter fristen.
  • Ektefeller til næringsdrivande, som sjølv ikkje er næringsdrivande, treng ikkje å søke om utsatt frist. Ektefellen vil automatisk få samme utsette frist som den næringsdrivande har fått godkjend.

Hvis du ikke leverer innen fristen kan du få tvangsmulkt.

Ny skattemelding for næringsdrivande blir ført inn gradvis frå 2021

Skatteetaten skal forenkle skattemeldinga for næringsdrivande. Målet er at det skal bli enklare og meir effektivt for næringsdrivande å levere riktige opplysningar med betre kvalitet.

Dei første som skal teste den nye løysinga er personleg næringsdrivande.

Les meir om ny skattemelding for næringsdrivande.

Hør vår podskatt - en podcast om skatt

Skattejuristene Lene og Therese i Skatteetaten gir deg de beste skatterådene før du leverer skattemeldingen. 

Du kan høre episodene direkte her på nettsiden.