Opprette skattetrekkskonto – utanlandsk aksjeselskap og enkeltpersonføretak
Kravet om skattetrekkskonto er fjerna frå 1. januar 2026. Alle arbeidsgivarar som betaler ut lønn skal no betale forskottstrekket direkte til Skatteetaten.
Skattetrekkskontoen er avvikla
Frå 2026 skal du betale forskottstrekk og utleggstrekk direkte til Skatteetaten, seinast første arbeidsdag etter lønnsutbetalinga.
Hvis du har pengar igjen på skattetrekkskontoen kan du bruke desse til å betale forskotstrekk i 2026. Du kan overføre pengane frå skattetrekkskontoen til Skatteetaten. Sjå kontonummer for å betale inn.
Ansvaret til arbeidsgivaren
Som arbeidsgivar skal du gjere forskottstrekk etter gjeldande tabell eller satsar ved kvar lønnsutbetaling.
Som arbeidsgivar er du ansvarleg for at forskottstrekket blir trekt og innbetalt. Selskapet kan bli gjort økonomisk ansvarleg dersom trekket ikkje blir gjort.
Frigi beløp på skattetrekkskonto
Pengar som er sette inn på skattetrekkskontoen, kan berre overførast til Skatteetaten eller til ein annan skattetrekkskonto. Har du ved ein feil overført pengar til skattetrekkskontoen, må du søkje om å få dei tilbake.
Frigi midlar frå skattetrekkskonto
Viss verksemda har pengar igjen på skattetrekkskontoen når han blir avvikla, er det fleire måtar de kan få igjen pengane på:
- De kan de bruke pengane til å betale forskotstrekk i 2026 ved å overføre pengane frå skattetrekkskontoen til Skatteetaten. Sjå kontonummer for å betale inn.
- Viss beløpet på skattetrekkskontoen er under 12 000 kroner etter at 6. termin for 2025 er betalt, blir beløpet automatisk frigjeve etter 10. april 2026. Beløpet blir anten overført til ei anna konto de har i banken eller kontoen blir omgjort. Ta kontakt med banken din for å få vite kva som gjeld for dykk.
- Om de har 12 000 kroner eller meir på skattetrekkskontoen etter at 6. termin for 2025 er betalt, må de søkje om å få pengane tilbake.