Viktig informasjon

Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.

Sjå skatteoppgjeret ditt

Dei fleste får skatteoppgjeret i juni. Nokon får det tidlegare, medan andre får det mellom august og november.

Etter at du har levert skattemeldinga di, må vi behandle ho og lage eit skatteoppgjer. I skatteoppgjeret står det kor mykje pengar du får igjen (til gode) eller kor mykje du må betale (restskatt). Dersom du har pengar til gode, vil du få desse utbetalt innan eit par dagar etter at du har fått skatteoppgjeret.

Når kjem skatteoppgjeret?

Dei fleste får skatteoppgjeret i juni. Nokon får det tidlegare, medan andre får det mellom august og november.

Du kan få skatteoppgjeret tidlegare dersom du leverer skattemeldinga før fristen 30. april og har pengar til gode. Dersom du er gift, må også ektefellen din levere før fristen og ha pengar til gode.

Dersom du ikkje leverte før fristen eller har restskatt, får du tidlegast skatteoppgjeret i juni.

Det kan vere fleire grunnar til at skatteoppgjeret ditt kjem seinare, til dømes:

  • Du har gjort mange endringar eller lagt til vedlegg.
  • Du er næringsdrivande eller har søkt om utsetjing
  • Du er tatt ut til tilfeldig kontroll.
  • Du har ikkje oppgitt alle nødvendige opplysningar i skattemeldinga di, til dømes om eigedomar du eig.
  • Du har fått etterbetaling frå Nav eller andre pensjonsutbetalarar. Då tar det lengre tid fordi me bereknar skatten på etterbetalinga slik at du får lågast mogleg skatt.
  • Du må betale restskatt. Då får du tidlegast skatteoppgjeret i juni.

Me kan dessverre ikkje svare på kvifor akkurat skatteoppgjeret ditt tar lengre tid. Du får beskjed når ditt er klart.

Ektefellar får skatteoppgjeret samtidig

Om du er gift, får du og ektefellen din skatteoppgjeret samtidig – etter at begge skattemeldingane er ferdig behandla. Om nokon av punkta over gjeld ektefellen din, kan det hende dykk begge får skatteoppgjeret seinare.

Viss ektefellen din får restskatt eller ikkje leverte innan fristen, får de tidlegast skatteoppgjera i juni.

Viktig informasjon

Vi kan dessverre ikkje svare deg på kvifor ditt skatteoppgjer tar lengre tid. Vi varslar deg når det er klart.

Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje har fått utbetalt skattepengane:

Når du veit korleis det gjekk

Etter at du har fått skatteoppgjeret ditt, veit du om du får pengar igjen (til gode) eller må betale pengar (restskatt).

 

Sjå også

Skatteoppgjer for tidlegare år finn du blant skattedokumenta dine. Logg deg inn på Mi side.

Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i Folkeregisteret. 

Viss det er registrert ein kontaktperson i Folkeregisteret, vil skattemeldinga bli sendt ut automatisk. 

Skatteoppgjer blir sendt ut automatisk til dei som har registrert kontaktperson i Folkeregisteret.

Meir om skattemelding og skatteoppgjer for den avdøde.

Viss du har valt å få tilskot til energitiltak frå ENOVA som ein del av skatteoppgjeret, vil dette bli avrekna mot skatteoppgjeret ditt for i fjor.

Dersom du lurer på noko om dette, må du kontakte ENOVA.