Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Utanlandske artistar og idrettsutøvarar
Utanlandske artistar og idrettsutøvarar skal betale artistskatt når dei opptrer eller er med på arrangement i Noreg. Det er den trekkpliktige sitt ansvar å trekkje og betale inn artistskatten. Satsen på artistskatt er for tida 15 prosent.
Gjeld det meg?
Denne sida er for deg som er
- utanlandsk artist eller idrettsutøvar
- meldepliktig
- Du har meldeplikt viss det er du som har engasjert ein utanlandsk artist/idrettsutøvar eller arrangerer framsyningar der utanlandske artistar / idrettsutøvarar skal delta.
- trekkpliktig
- Du er trekkpliktig viss det er du som har ansvar for å trekkje og utbetale skatt. Vanlegvis er det den som utbetaler honoraret til artisten (arbeidsgivaren eller oppdragsgivaren), som er trekkpliktig.
- Når det ikkje er nokon norsk arrangør som står for arrangementet, er den som stiller plass til rådvelde trekkpliktig.
- har aktivitet som artist eller idrettsutøvar i Noreg, på norskregistrert skip eller norsk kontinentalsokkel, og
- ikkje er skattemessig busett i Noreg
- Om du reiser til Noreg for korte arbeidsoppdrag (under 183 dagar i løpet av 12 månader eller under 270 dagar i løpet av 36 månader), skal du betale artistskatt.
Du kan kombinere artistskatt med vanleg skatt om du har fleire roller (annan eller delt aktivitet).
Artistar: Personar som driv med musikk, dans, skodespel, sirkus og liknande. Omgrepet inkluderer også personar som får honorar for opptreden med religiøst, politisk, sosialt eller velgjerande innhald.
Idrettsutøvarar: Fotballspelarar, hockeyspelarar, skiløparar, utøvarar innan motorsport, biljard, sjakk, bridge og annan idrett.
Både profesjonelle utøvarar og amatørar skal betale artistskatt når dei får honorar for å opptre eller vere med på eit arrangement.
Desse er som regel ikkje skattepliktige etter artistskattelova:
- administrativt og teknisk personell («road crew», riggarar, kamerafolk, filminstruktørar, koreografar, regissørar, trenar, jurymedlem)
- standby-artistar utan opptreden
- personar med aktivitet som kunstnar (til dømes målar, skulptør, tatovør)
- modellar og mannekengar
Artistar og idrettsutøvarar som berre skal betale artistskatt
- skal ikkje søkje om d-nummer eller skattekort
- har ikkje plikt til å levere skattemelding
- får ikkje eit vanleg skatteoppgjer, men kan be om ei stadfesting på betalt artistskatt
Skattegrunnlaget for berekning av artistskatt
Skattegrunnlaget etter artistskattelova er bruttoinntekta som artisten får ved å opptre i Noreg. Dette omfattar alt økonomisk vederlag som blir tent opp, uavhengig av om betalinga skjer før, under eller etter arrangementet.
Døme på inntekt som inngår i skattegrunnlaget:
Honorar for prøveframsyning i Noreg før framsyninga for publikum, eller bonus utbetalt etter opptredenen i Noreg.
Alle kostnader som blir dekte av arrangøren skal inngå i skattegrunnlaget. Det er berre arrangøren sin dekning av utgiftene artisten har til transport, kost og losji som ikkje skal inngå. Dersom artisten sjølv dekkjer desse utgiftene, kan hen krevje frådrag i skattegrunnlaget ved å leggje fram dokumentasjon.
Plikta til å rapportere og betale artistskatt av inntekta gjeld uavhengig av om inntekta går til artisten sjølv, ein representant for artisten eller eit føretak. Plikta til å betale skatt gjeld også uavhengig av om honoraret blir betalt via faktura.
Døme: Plikta til å betale skatt gjeld også royalty som arrangøren betaler via tredjepart til ein artist som både opptrer og er opphavsmann.
Bruttoinntekter skal ikkje rapporterast i a-meldinga og utgjer ikkje grunnlag for arbeidsgivaravgift.
Viss honoraret er avtalt som eit beløp etter skatt (netto), må honoraret gis opp som om artisten sjølv skulle betalt skatten. Det betyr at beløpet må oppjusterast (oppgrossast) til eit beløp før skatt.
Døme
- Avtalt honorar etter skatt er 30 000 kroner
- Artisten dekkjer utgifta til reise med eigen bil 400 km (400 km x gjeldande skattesats på 3,50 kroner = 1 400 kroner)
- Artisten betaler 3 000 kroner i agentprovisjon
Nettohonorar som skal oppgrossast:
| Honorar | NOK 30 000 |
| - frådrag for transport | NOK 1 400 |
| - frådrag for agentprovisjon | NOK 3 000 |
| = | NOK 25 600 |
| Oppgrossing: | |
| NOK 25 600 x 100/85 = | NOK 30 118 |
| Skatteberekning: | |
| NOK 30 118 x 0,15 = | NOK 4 518 |
= artistskatt som skal trekkjast er 4 518 kroner
Fradrag
Fradrag betyr at du kan trekke fra noen utgifter eller kostnader fra inntekten når skatten beregnes. Fradrag vil derfor redusere den totale artistskatten som skal betales.
Når trekkpliktig sender inn melding om trekk av artistskatt (RF-1092), kan det gjøres fradrag for artistens egne utgifter til
- transport av artisten selv og personlig utstyr, for eksempel instrument
- kost og losji
- agentprovisjon
Utgiftene må dokumenteres. Det er ikke mulig å få fradrag for andre utgifter.
Hvis artisten ikke kan dokumentere størrelsen på utgiftene, kan hen likevel få fradrag etter satser hvis det sannsynliggjøres at det har påløpt slike utgifter.
For å krevje frådrag etter satsar må utgiftene sannsynleggjerast ved å leggje ved ei oversikt saman med skjemaet “Melding om trekk av artistskatt”.
Oversikta skal minst innehalde desse opplysningane:
- dato for avreise frå og innkomst til bustadlandet
- dato for innkomst til og avreise frå Noreg
- reisemåte og reiseveg (kopi av billettar må leggjast ved)
- namn og adresse på overnattingsstad/utleigar. Om det er fleire overnattingsstader, må datoane for overnattingane også takast med.
- Type losji (hotell, pensjonat eller annan nærare skildra losji)
Viss artisten har betalt transport, mat og overnatting for utanlandske medarbeidarar i samband med arrangementet i Noreg, kan hen få frådrag etter dei same satsane per person per døgn.
Dei årlege satsane blir fastsette i Finansdepartementet si forskrift om takseringsreglar for artistskatt. Søk på “Forskrift om takseringsreglar, artistskatt + inntektsår”.
Det er ulike frådragssatsar ut frå korleis artisten har innretta seg ved opphaldet i Noreg. Satsane finn du i punkt 1.1 i forskrifta.
Dokumentasjon på at artistskatt er betalt i Noreg
Den trekkpliktige eller artisten sjølv kan be om å få skrive ut ei stadfesting på betalt artistskatt. Denne stadfestinga dokumenterer at artistskatten er betalt i Noreg, og kan leggjast fram for skattestyresmaktene i heimlandet.
Spesielt for deg som
Om du er trekkpliktig når artisten blir skattemessig busett i Noreg, kan du ikkje halde fram med å rapportere artistskatt. Då får du rapporteringsplikt etter vanlege reglar.
Om du som trekkpliktig er arbeidsgivar når artisten blir skattemessig busett i Noreg, har du også tilbakeverkande oppgåveplikt for året før artisten vart skattemessig busett her. Du må endre rapporteringa til a-melding og betale arbeidsgivaravgift.
Om du som utanlandsk artist i Noreg er arbeidstakar etter folketrygdlova, er du medlem av norsk folketrygd. Du kan kontakte Nav om du har spørsmål om medlemskap eller rettar. Hugs å opplyse om at du er artist som har betalt artistskatt.
Nav kan også vurdere om du kan få fritak frå folketrygda (A1). Satsen for artistskatt blir ikkje endra om du har fritak.
Om du ønskjer innsyn i skatteforholda dine, kan du be om ei oversikt over periodane du har hatt artistskatt. Du må presisere kva år og utbetalarar (trekkpliktige) førespurnaden din gjeld. Viss førespurnaden din eventuelt også gjeld opptreden i ei gruppe, må du oppgi gruppenamnet.
Du kan ikkje betale artistskatt når du blir skattemessig busett i Noreg. Då må du betale skatt etter skattelova frå og med året før det året du vart skattemessig busett her.
Døme: Du blir skattemessig busett i Noreg i 2026. Då må du betale vanleg skatt for inntektsåret 2025.
Artistskatt som allereie er trekt, vil bli omgjord til forskottstrekk eller forskottsskatt, avhengig av om du er næringsdrivande eller lønnstakar. Når du blir skattepliktig etter skattelova, gjeld vanlege reglar for levering av skattemelding.
Viss arrangementet blir avlyst før fristen for melding om artistar (RF-1091)
Den meldepliktige treng ikkje å sende inn meldinga, så lenge artisten ikkje skal ha artistaktivitet i Noreg.
Viss trekkpliktige allereie har fått melding om artistskatt (RF-1092)
Du må levere meldinga sjølv om ein opptreden er avlyst. Du skal ikkje berekne artistskatt om du har utbetalt kanselleringshonorar til ein artist som ikkje har hatt aktivitet i Noreg. Då fyller du ut null i beløp i meldinga før du leverer.
Døme på delt aktivitet er om du både instruerer ei framsyning og opptrer i henne, eller er tilsett som både fotballspelar og trenar for ein fotballklubb.
Viss honoraret er fordelt i kontrakten
Du skal berre betale artistskatt for den delen som gjeld artistaktivitet. For den andre delen må du betale skatt etter vanlege reglar. Du kan då kombinere artistskatt med kjeldeskatt på lønn.
Viss honoraret ikkje er fordelt i kontrakten
Du må betale artistskatt av heile honoraret viss artistaktiviteten utgjer den største delen av arbeidet.
Om du også har jobb hos ein annan arbeidsgivar
Om du har ein annan jobb som ikkje er artistaktivitet, skal du betale vanleg skatt for denne jobben.
Døme: Du jobbar som fotballspelar for ein fotballklubb, men også som rekneskapsførar i eit rekneskapsfirma. Då skal du betale artistskatt for inntekta frå fotballen, og vanleg skatt for inntekta frå rekneskapsjobben.
Du skal ikkje betale artistskatt når du ikkje oppheld deg fysisk i Noreg. Til dømes om du som artist har konsert i utlandet, som blir strøymt til Noreg og du får utbetaling for strøyminga.
Den norske arbeidsgivaren kan likevel ha rapporteringsplikt.
Viss det ikkje er nokon norsk arrangør som står for arrangementet, er den som stiller plass til rådvelde for den utanlandske artisten eller arrangøren, ansvarleg for at skatten blir trekt og betalt inn. Dette føreset at plassutleigaren har hatt tilgang til inntektene ved billettsalet eller liknande.
Om det ikkje er nokon norsk arrangør, plassutleigar eller annan utbetalar som kan haldast ansvarleg, er det artisten sitt eige ansvar å trekkje og betale inn skatten.
Retten Noreg har til å skattleggje artistinntekta di kan vere avgrensa av ein skatteavtale mellom Noreg og bustadlandet ditt.
Uavhengig av skatteavtalen må meldepliktige levere RF-1091 og trekkpliktige levere RF-1092. I RF-1092 kan trekkpliktige oppgi skatteavtalen som årsak til at artistskatt ikkje blir berekna.
Du finn skatteavtalane Noreg har inngått med andre land, på regjeringa si nettside.
- Inntekt til artistar og idrettsutøvarar er ofte regulert i artikkel 16 eller 17 i skatteavtalen, så lenge opptredenen er på fastlandet og ikkje på eit skip i internasjonalt farvatn.
- Sjå artikkel 14 A i skatteavtalen mellom USA og Noreg, i tillegg til artikkel 13 (2) c om du er sjølvstendig næringsdrivande.
Du kan søke om fritak fra å betale artistskatt hvis forestillingen artisten/idrettsutøveren deltar i, er en offentlig støttet kulturutveksling med et annet land.
For å få fritak, må arrangementet oppfylle disse vilkårene:
- Arrangementet/forestillingen må hovedsakelig være finansiert med statlige, fylkeskommunale eller kommunale midler og/eller midler fra et annet lands myndigheter.
- Minst 80 prosent av de totale kostnadene ved arrangementet må være dekket av ekstraordinære offentlige midler.
- Finansieringen må være et ekstraordinært tilskudd for å få i stand arrangementet som det søkes om fritak for. Det er ikke tilstrekkelig at arrangøren mottar tilskudd til alminnelig drift.
- Tilskudd fra privatpersoner, organisasjoner, stiftelser eller selskap er ikke offentlige tilskudd.
- Arrangementet kan ikke være av kommersiell art.
Du må søke på nytt selv om du tidligere har fått innvilget fritak. Et innvilget fritak gjelder kun opptreden i perioden det ble søkt om.
Dette må du dokumentere i søknaden
- "Melding fra arrangør/plassutleier om artister" (RF-1091), hvis skjemaet ikke allerede er sendt inn.
- Oversikt over alle inntekter og utgifter ved arrangementet. Dette inkluderer også billettinntekter, uavhengig av hvem som mottar disse. Hvis det ikke er billettinntekter, må du opplyse om det.
- Dokumentasjon på tilskudd til arrangementet fra stat, fylkeskommune, kommune eller andre lands myndigheter
Send inn søknad og dokumentasjon
Du kan sende søknaden og eventuell dokumentasjon i posten til
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Artistar og idrettsutøvarar som er busette i eit EU/EØS-land, kan krevje å bli skattlagde etter skattelova etter utløpet av inntektsåret.
Om du ønskjer å betale ordinær skatt, kan du skrive til oss. Arbeidsgivaren din kan be om ordinær skatt på dine vegner, men må leggje ved ei fullmakt frå deg.
Artistar busette utanfor EU/EØS og som ikkje er skattemessig busette i Noreg, kan ikkje velje ordinær skatt.
| Artistskatt | Vanlege skattereglar |
|
Du betaler 15 prosent av inntekta di i skatt. |
Kor stor del av lønna du betaler i skatt, kjem an på kor mykje du tener og kva frådrag du har. |
|
Du skal ikkje søkje om d-nummer eller skattekort. |
Du må ha eit norsk identitetsnummer og du må søkje om skattekort. |
|
Skatten din er ferdig betalt når du får utbetalt lønna di. |
Du blir trekt i skatt når du får utbetalt lønn, men me sjekkar at skatten din er rett året etter. Det betyr at du kan få tilbake på skatten eller måtte betale restskatt. |
|
Du får ikkje ei skattemelding neste år. |
Du får og leverer ei skattemelding neste år. |
|
Du får ikkje noko skatteoppgjer, men kan be om ei stadfesting på betalt artistskatt. |
Du får eit skatteoppgjer neste år som viser om du har betalt for mykje eller for lite skatt i Noreg i fjor. Har du betalt for mykje, får du pengar tilbake. Har du betalt for lite, må du betale meir skatt (restskatt). |
Om du som artist har vore skattemessig busett i Noreg og fått innvilga skattemessig emigrasjon (opphøyr av skatteplikt som busett), skal du betale artistskatt om du får eit honorar for aktivitet som artist i Noreg.
Om du framleis er skattemessig busett i Noreg, men oppfyller vilkåra for skattemessig emigrasjon, kan du betale artistskatt om du krev og får innvilga skattemessig emigrasjon.
Aktuelt regelverk
- Utenlandske artisters skatteplikt til Norge: Artistskatteloven §§ 1 og 2
- Skattegrunnlaget og fradrag: Artistskatteloven § 3
- Plikt og frist for levering av melding om artister (RF-1091) og melding om trekk av artistskatt (RF-1092): Skatteforvaltningsloven § 8-8 (2) og forskriftens § 8-8 A
- Trekkplikt: Artistskatteloven § 7
- Frist for innbetaling av artistskatt: Skattebetalingsloven § 10-12
- Bekreftelse på artistskatt: Artistskatteloven § 8
- Søknad om fritak: Artistskatteloven § 5
- Valgadgang EU/EØS-borger: Artistskatteloven § 1 annet ledd annet punktum
- Tilbakevirkende oppgaveplikt for arbeidsgiver til artist som blir bosatt: § 3-3 i forskrift til artistskatteloven