Lønn og andre ytingar til utanlandske artistar
Gjeld honorar, lønn eller andre ytingar til utanlandske artistar som kjem inn under artistskattelova og blir skattemessig busette i Noreg.
Kort om lønn og andre ytingar til utanlandske artistar
Før opp honorar til utanlandske artistar som opptrer, som:
- skodespelarar
- songarar
- musikarar
- idrettsutøvarar
- andre som kjem inn under artistskattelova
Artisten må vere skattemessig busett i Noreg.
Når ein utanlandsk artist blir skattemessig busett i Noreg, må du føre opp lønn o.a. du har utbetalt til artisten i inneverande år i perioden før artisten blei skattepliktig som busett.
Du skal òg føre opp det du har utbetalt året før artisten blei skattemessig busett.
Det er berre desse ytingane du skal føre opp som «lønn o.a. til utanlandske artistar».
Etter at artisten er skattemessig busett i Noreg
Lønn o.a. du betaler ut i perioden etter at artisten er blitt skattemessig busett skal du føre opp som vanleg fastlønn, timelønn o.a. For artistar med nettolønnsordning skal du bruke skatte- og avgiftsregelen «nettolønn».
Skattemessig busett i utlandet
Det gjeld ei eiga ordning for rapportering og oppgjer av skatt så lenge artisten er skattemessig busett i utlandet. Ein skal difor ikkje føre opp ytingane i a-meldinga før artisten blir skattemessig busett i Noreg.
Kva for opplysningar skal du oppgi
Beløp | x kroner |
Type lønn eller yting | kontantyting, lønn utanlandsk artist |
Trekkplikt | nei |
Grunnlag for arbeidsgivaravgift |
ja/nei |
Skatte- og avgiftsregel | - |
Tilleggsinformasjon: |
|
Inntektsår | årstal |
Oppgrossingsgrunnlag | samla netto godtgjersle |
Trekt artistskatt | beløp |
Beløp
Før opp bruttobeløpet du har utbetalt til artisten for inneverande år.
Gjeld perioden før artisten blei skattepliktig som busett og det du har utbetalt året før artisten blei skattemessig busett. Du skal føre opp eitt beløp per inntektsår.
Type lønn eller yting
Før opp «kontantyting» og «lønn utanlandsk artist».
Trekkpliktig
Ytinga er ikkje trekkpliktig.
Du skal ikkje gjennomføre forskotstrekk i godtgjersler til utanlandske artistar o.a. som det blir trekt skatt av etter føresegnene i artistskattelova.
Lønn o.a. som blir utbetalt i perioden etter at artisten er blitt skattepliktig som busett, er trekkpliktig etter vanlege reglar.
Grunnlag for arbeidsgivaravgift
Du skal berekne arbeidsgivaravgift av denne ytinga.
Den som er arbeidsgivar på det tidspunktet artisten blir skattepliktig som busett, har òg plikt til å rekne ut og betale arbeidsgivaravgift av utbetalt lønn o.a. til artisten i det aktuelle inntektsåret i perioden før artisten blir skattepliktig som busett.
Unnatak:
Du kan late vere å berekne arbeidsgivaravgift når inntektsmottakaren
- kjem inn under trygdelovgivinga i eit anna land i samsvar med ein sosialkonvensjon eller EØS-avtalen
- er ein utanlandsk arbeidstakar som ikkje er medlem av trygda og som arbeider på norsk kontinentalsokkel eller i norsk territorialfarvatn
Arbeidstakar har i nokre tilfelle stadfesting på at medlemskap blir halde aktivt hos eiga trygdestyresmakt (A1 eller annan blankett). NAV Medlemskap og avgift vurderer all dokumentasjon og registrerer eit eventuelt unntak frå medlemskap i folketrygda med periode, og om unntaket gjeld heile eller delar av folketrygda. Registrert unntak frå medlemskap i norsk folketrygd blir sendt elektronisk frå NAV til Skatteetaten.
Det er berre registrert unntak hos Skatteetaten som gir arbeidsgivar fritak frå å berekne arbeidsgivaravgift for arbeidstakar.
Skatteetaten kan fastsetje arbeidsgivaravgift for arbeidsgivar viss arbeidstakar ikkje er registrert med unntak og rapportert lønn eller yting ikkje inngår i avgiftspliktig grunnlag.
Arbeidsgiver eller den tilsette kan kontakte NAV for å spørje om unntak frå medlemskap i folketrygda er registrert.
Skatte- og avgiftsregel
Du kan ikkje bruke særskilde skatte- og avgiftsreglar for denne ytinga.
Tilleggsinformasjon
- Inntektsår
Den som er arbeidsgivar på det tidspunktet artisten blir skattepliktig som busett, har plikt til å sende opplysningar om lønn m.m. som er utbetalt til artisten det føregåande år og inneverande år i perioden før artisten blei skattepliktig som busett. Når du rapporterer lønn for to inntektsår, skal du gi opplysningar om beløp per år. - Oppgrossingsgrunnlag
Før opp samla netto godtgjersle (skattepliktig del). Det vil seie grunnlaget for oppgrossing for artistar som er på nettolønnsordning. I oppgrossingsgrunnlaget inngår kontant lønn og trekkpliktige naturalytingar, utgiftsgodtgjersler o.l. (berre skattepliktig del). Skattepliktig del skal reknast ut etter norske reglar. - Trekt artistskatt
Oppgi det som er trekt etter artistskattelova fram til artisten blei skattemessig busett.
Oppteningsperiode (frivillig)
Du kan oppgi oppteningsperiode for alle typar lønn og andre ytingar i a-meldinga. Både startdato og sluttdato for oppteningsperioden må vere innanfor same rapporteringsmånad.
Når skal du rapportere
Når ein utanlandsk artist blir skattemessig busett, har den som er arbeidsgivar på det tidspunktet artisten blir skattepliktig som busett, plikt til å sende opplysningar om lønn m.m. som er utbetalt til artisten i inneverande år i perioden før artisten blir skattepliktig som busett.
Fram til det tidspunktet artisten blir skattepliktig som busett skal meldeskjema RF-1091 sendast til Sentralskattekontoret for utanlandssaker på vanleg måte. Lønnsopplysningsplikta kjem i tillegg for dette tidsrommet.
Lønn o.a. som blir utbetalt i perioden etter at artisten er blitt skattepliktig som busett, skal førast opp som fastlønn, timelønn o.a.
Rette feil
MAGNET_EDAG-114 Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-114B Ugyldig verdi for denne kalendermånaden |
MAGNET_EDAG-200 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
MAGNET_EDAG-230B Ugyldig verdi |
MAGNET_EDAG-243 Opplysningar om oppteningsperiode er ugyldig |
MAGNET_EDAG-298 Denne inntekta er rapportert med feil opplysningar og er ugyldig |
Kva brukar vi opplysningane til
NAV brukar opplysningane til kontroll.
Skatteetaten brukar opplysningar om lønn til utanlandske artistar og beløpet blir summert med andre kontantytingar og overført til skattemeldinga. Opplysningar om inntektsår, trekt artistskatt og oppgrossingsgrunnlag skal ikkje førast opp på skattemeldinga.
Statistisk sentralbyrå (SSB) brukar opplysningane til statistikkføremål.
Aktuelt regelverk