Stadfesting av namneendring

Viss du har endra namn, har du mottatt ei stadfesting av namneendring. Dersom du treng stadfestinga på nytt, kan du bestille ho her.

Sjå opplysningane dine

Viss du vil sjå kva for opplysningar vi har registrert om deg og barn som du har foreldreansvar for, kan du logge deg inn på Mi side

Slik får du stadfestinga

Du får stadfestinga tilsendt digitalt til innboksen din i Altinn. Viss du treng stadfestinga på papir med stempel og signatur, vel du det når du bestiller. Utskrift på papir blir sendt til den folkeregistrerte adressa di. Postgang kjem i tillegg. Stadfesting av namneendring finst på norsk og engelsk.

Du kan bestille stadfesting av namneendring for

  • deg sjølv
  • barna dine under 18 år som du har del i foreldreansvaret for
  • ein person du er oppnemnt som verje for
  • ein klient du som advokat er prosessfullmektig for

  • fødselsnummer
  • dato for namneendring
  • noverande namn
  • namn før namneendring

Utskrifta viser berre namneendringar som er tilgjengelege digitalt i Folkeregisteret. Folkeregisteret har vore fulldigitalisert sidan 01.01.1995. Historikk som er eldre enn dette, kan derfor vere mangelfull.

Skal stadfestinga bli brukt i utlandet, vel du dette når du bestiller. Då får du ho på papir med stempel og signatur. Du må sjølv sende ho til Statsforvaltaren for apostille eller til Utanriksdepartementet for legalisering. Hugs å oppgi kva for eit land stadfestinga skal brukast i. Attestar og stadfestingar som skal brukast i nordiske land treng ikkje apostille eller legalisering. Les meir om apostille og legalisering.