Vigselattest

Ein vigselattest dokumenterer at du er gift og kven du er gift med. Han inneheld også opplysningar om stad og dato for vigselen

De får stadfestinga automatisk

Alle som giftar seg i Noreg eller etter norsk rett i utlandet får automatisk ei stadfesting på vigselen etter at han er registrert hos oss. Stadfestinga blir sendt til innboksen din i Altinn, viss du er digital brukar. Er du ikkje digital brukar eller ikkje busett i Noreg, sender vi stadfestinga til den folkeregistrerte adressa di. Normalt tar dette tre arbeidsdagar, postgang kjem i tillegg.

Sjå opplysningane dine

Viss du vil sjå kva for opplysningar vi har registrert om deg og barn som du har foreldreansvar for, kan du logge deg inn på Mi side

Bestill vigselattest

Dersom ekteskapet vart inngått før 1. oktober 2004, eller du har gifta deg i utlandet etter utanlandsk rett, må du kontakte vigslar direkte for å få kopi av vigselattesten.

Slik får du attesten

Vigselattesten kjem på papir med stempel og signatur. Attesten blir sendt til den folkeregistrerte adressa di.

Du kan bestille vigselattest for

  • deg sjølv
  • ein person du er oppnemnt som verje for
  • ein klient du som advokat er prosessfullmektig for

  • fødselsdato
  • fødselsnummer
  • namna du og ektefellen din hadde då de gifta dykk
  • dato for vigselen
  • vigselsmyndigheit
  • vigselstad

Vigselattesten blir utlevert i norsk eller fleirspråkleg utgåve. Fleirspråkleg vigselattest kjem på språka engelsk, fransk, norsk, spansk, tysk og italiensk.

Dersom du skal bruke attesten i utlandet, må du sjølv sende attesten til Statsforvaltaren for apostille eller til Utanriksdepartementet for legalisering. Hugs å oppgi kva land attesten skal brukast i. Attestar som skal brukast i nordiske land treng ikkje apostille eller legalisering.

Les meir om apostille og legalisering.