Ekteskap etter utenlandsk rett – steg for steg
Dersom de skal gifte dykk etter utanlandsk rett, må de sjølve undersøkje med styresmaktene i det aktuelle landet om kva dokumentasjon dei krev at de legg fram.
Dei grunnleggjande vilkåra for å få ekteskapet godkjent i Noreg, er at
- begge partane må vere til stades under vigselen
- begge partane må vere over 18 år
- ingen av partane kan allereie vere gifte
- partane kan ikkje vere i nær slekt. Det vil seie at dei ikkje kan vere søsken eller slektningar i rett opp- eller nedstigande linje. Det er også forbode å inngå ekteskap med andre slektningar som er søskenbarn eller nærare i slekt.
Dersom landet de skal gifte dykk i krev ein attest for å inngå ekteskap, kan vi utferde ekteskapsattest. Ein ekteskapsattest vil vere eit bevis på at det etter norsk lov ikkje er noko som hindrar at du kan gifte deg. For å få ekteskapsattest må Skatteetaten gjennomføre ei prøving av ekteskapsvilkåra.
Viss begge er busette i Noreg
Viss begge er busette i Noreg, vil Skatteetaten normalt kunne gjennomføre prøvinga av ekteskapsvilkåra for begge partar.
Sjølv om du er busett i Noreg som utanlandsk statsborgar, er det ikkje sikkert du treng ekteskapsattest frå norske styresmakter.
Er du utanlandsk statsborgar busett i Noreg, vil det som regel også vere behov for ekteskapsattest frå statsborgarlandet ditt.
Sjekk med styresmaktene der du skal gifte deg om kva dokumentasjon du treng å leggje fram.
Norsk statsborgar og utanlandsk statsborgar som ikkje er busett i Noreg
Viss du som norsk statsborgar skal gifte deg med ein utanlandsk statsborgar som ikkje er busett i Noreg eller ikkje har anna tilknyting til Noreg, skal Skatteetaten normalt berre prøve ekteskapsvilkåra for deg.
Den kommande ektefellen din leverer dokumentasjon frå statsborgarlandet sitt til styresmaktene i landet der de skal gifte dykk.
Dette betyr at dei gjeldande dokumentasjonskrava for prøving av ekteskapsvilkår i Noreg berre gjeld for deg.
Norsk statsborgar som ikkje bur i Noreg
Norske statsborgarar som er utflytta frå Noreg, må normalt leggje fram dokumentasjon på sivilstand frå bustadlandet sitt for å få prøvings- eller ekteskapsattest.
Det går raskast å søkje om ekteskapsattest elektronisk.
For å søkje elektronisk må
- både du og forlovaren kunne logge inn med BankID eller liknande
- du ha fødselsnummeret til forlovaren tilgjengeleg
- du sende inn nødvendig tilleggsdokumentasjon per post
Det elektroniske søknadsskjemaet omfattar både eigenerklæring og forlovarerklæring.
Dersom du har vore gift tidlegare, sjå informasjon om erklæring om skifte.
Dersom du ikkje kan søkje digitalt, må du søkje på papir. Du må sende inn ferdig utfylte skjema og nødvendig tilleggsdokumentasjon samla til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Skjema du må sende inn
- Erklæring frå brurefolka før prøving av ekteskapsvilkåra
- Personen som skal gifte seg, må fylle ut skjemaet.
- Personen du skal gifte deg med, må i nokre tilfelle stadfeste at hen er kjend med opplysningar du har gitt i eigenerklæringa, ved å skrive under på erklæringa.
- Forlovarerklæring
- Personen du vel til å vere forlovar, må fylle ut forlovarerklæring.
- Erklæring om skifte
- Dersom du har vore gift tidlegare, må du fylle ut erklæring om skifte. Skjemaet er delt i tre delar. Fyll ut den delen som er relevant for situasjonen din.
- Opplysningar om tilkommande ektefelle
- Vi treng nokre opplysningar om personen du skal gifte deg med, for at vi skal kunne skrive ut ekteskapsattest til deg.
Dersom søknaden om ekteskapsattest er godkjent, vil du få ei stadfesting på dette i Altinn eller i posten. Samtidig vil vi sende attesten vidare til Statsforvaltaren eller Utanriksdepartementet for at dei skal føre på nødvendig apostille eller legalisering.
Du får ekteskapsattesten i posten etter at apostille eller legalisering er ført på.
Du/de må sjølv vidaresende ekteskapsattesten til vigslaren og avtale tidspunktet for vigselen.
Ekteskapsattesten er gyldig i 4 månader.
![]()
Vi i Skatteetaten ønskjer dykk til lukke med dagen og framtida!
For å få ekteskapet godkjent i Noreg må de sende inn ei erklæring om ekteskapet og den originale vigselattesten.
Les meir om kva de må dokumentere:
Når ekteskapet er godkjent i Noreg, blir det registrert i Folkeregisteret, og vi sender deg oversikt over opplysningane som er registrerte. På Min side vil du kunne sjå namnet og fødselsdatoen til ektefellen din og at sivilstanden din har blitt endra.
Sjå saksbehandlingstida for å godkjenne vigsel etter utanlandsk rett