Fordeling av lån og renter når du har lån saman med andre
Har du lån saman med andre, til dømes ein ektefelle, ein sambuar eller foreldre, bør de sjekke at lån og renter er fordelte rett mellom dykk i skattekortet og i skattemeldinga.
Gjeld dette meg?
Alle som har lån saman med andre, bør sjekke at fordelinga er rett både i skattemeldinga og i skattekortet.
Dette må du gjere for å betale rett skatt.
Du får frådrag for renter på lån (gjeld). Det vil seie at du betaler mindre skatt. Frådraget er på 22 prosent av rentekostnadene.
De kan fordele lån og renter slik de sjølve vil dersom de er
- ektefellar
-
To partnarar av same kjønn som registrerte partnarskapen før den nye ekteskapslova i 2008.
-
For at de skal bli rekna som meldepliktige sambuarar, må minst ein av dykk få, eller ha søkt om, pensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon (AFP). I tillegg må de anten ha vore gifte eller registrerte partnarar tidlegare eller ha eller ha hatt felles barn.
For sambuarar og andre som har lån saman, er lånet delt likt mellom dykk.
- Dersom de er to som er ansvarlege for lånet, er andelen dykkar på 50 prosent kvar. Er de tre, er andelen dykkar på 33,3 prosent kvar, og så frametter.
- Det speler inga rolle kven som faktisk har betalt rentene. Det er andelane dykkar, eller ein annan intern avtale mellom dykk, som avgjer korleis de skal fordele.
Dersom de skal endre fordelinga i skattemeldinga, må éin av dykk auke andelen sin medan den andre må redusere andelen sin, slik at de til saman har 100 prosent av lånet og rentene. De treng ikkje å leggje ved nokon avtale eller annan dokumentasjon i skattemeldinga, så lenge de er einige og oppgir 100 prosent av lånet og rentene til saman. Er de ueinige om fordelinga?
Når fleire er ansvarlege saman for eit lån, er dei medlåntakarar. Dette gjeld same kor mykje du betaler, også om du ikkje betaler noko i det heile. Dei aller fleste er medlåntakarar, ikkje kausjonistar. Det kan til dømes vere foreldre som er ansvarlege for lånet til barnet deira, sjølv om barnet betaler heile lånet. Då er foreldra vanlegvis medlåntakarar.
Er du ikkje ansvarleg for lånet, men berre garanterer for nokon andre sitt lån, er du kausjonist. Du blir då berre ansvarleg for lånet viss låntakaren ikkje betaler, og kausjonsansvaret tar til å gjelde. Derfor står ikkje lånet i skattemeldinga di. Du får heller ikkje frådrag for renter før du eventuelt må overta ansvaret for lånet. Då får du berre frådrag for renter som har komme på etter at du overtok ansvaret for lånet.
Slik endrar de fordelinga
De bør ha den same fordelinga av lån og renter i skattekortet og i skattemeldinga. Har de ikkje det, kan det vere at ein av dykk får restskatt medan den andre får skatt til gode. Både du og dei du har lån saman med må sjekke opplysningane i skattekortet og i skattemeldinga, og endre om fordelinga er feil.
I skattekortet
Lån og renter er førehandsutfylte basert på det førre skatteoppgjeret. Det vil seie at skattekortet for 2026 bruker den same fordelinga som de hadde i skatteoppgjeret for 2024, som de fekk i 2025. Dersom de er to medlåntakarar, og lånet vart delt 50/50 i skatteoppgjeret for 2024, vil skattekortet også dele lånet og rentene 50/50.
De kan sjølve endre fordelinga i skattekortet. Der må de oppgi lånebeløpet. Har de til dømes 50/50 av eit lån på 1 million kroner, skal de ha 500 000 kroner kvar av lånet. Det same gjeld for rentene.
I skattemeldinga
Lån som du har saman med andre er fordelt likt mellom dykk i skattemeldinga. Er de to, får de 50 prosent av lånet kvar. Er de tre, får de 33,3 prosent av lånet kvar, og så frametter. Rentene er også fordelte likt.
Sjølv om de endrar til ei anna fordeling i skattekortet, vil lånet bli delt likt mellom dykk i skattemeldinga. Har de avtalt ei anna fordeling, kan de sjølve endre i skattemeldinga. Der oppgir de andelane av lånet og rentene, til dømes 70/30. De skal ikkje endre beløpa.
Det er to ting de må passe på:
- Alle medlåntakarane må endre, slik at de til saman har 100 prosent av lånet og rentene. Reduserer du andelen din, må medlåntakaren din auke andelen sin, og motsett.
- Pass på å endre både i skattekortet og i skattemeldinga. Dersom de har éi fordeling i skattekortet og ei anna fordeling i skattemeldinga, kan éin av dykk få restskatt og den andre få skatt til gode.
Spesielt for
Dersom de er ueinige om fordelinga, skal lånet fordelast likt mellom dykk, med mindre de har ein annan avtale. Dersom du meiner at du skal ha ein større andel, og medlåntakaren din ikkje vil redusere andelen sin, må du kunne dokumentere andelen din med ein avtale. Avtalen må vise fordelinga, til dømes 100/0, og avtalen må vere signert av alle låntakarane. Du kan også dokumentere andelen din med ein dom eller eit forlik.
Du kan ikkje bruke kontoutskrifter for å dokumentere andelen din, fordi det ikkje har noko å seie kven som faktisk har betalt rentene, eller kven som eig det som lånet er brukt til, som bustad eller bil. Det er lik andel eller avtale som avgjer korleis de kan fordele.
Dersom medlåntakaren ikkje klarer å endre skattemeldinga si digitalt, kan hen anten endre andelen på papirskattemeldinga og sende henne inn, eller gi nokon andre tilgang til skattemeldinga si.
Gi andre tilgang til skatteforholda dine.
Dersom medlåntakaren din er død, og du skal endre fordelinga, må den ansvarlege for dødsbuet endre skattemeldinga for den avdøde.
Lån og renter på lån frå Statens pensjonskasse blir berre ført opp på hovudlåntakaren i skattemeldinga. Andre som er ansvarlege for lånet er kausjonistar, ikkje medlåntakarar. Dersom de er to som skal ha lik fordeling av lånet, må den av dykk som har fått heile lånet redusere andelen sin til 50. Den av dykk som ikkje har fått lånet, må leggje til lånet under Bank, lån og forsikring, og setje andelen til 50.
Har du fleksilån eller rammelån, blir lånet fordelt mellom dykk i skattemeldinga, på same måten som andre lån. Ofte kjem rentene på lånet berre på den av dykk som eig kontoen som lånet blir trekt frå. Dersom de er to som skal ha lik fordeling av rentene, må den av dykk som har fått rentene i skattemeldinga si redusere andelen sin til 50. Den av dykk som ikkje har fått rentene, må sjølv leggje dei til under Bank, lån og forsikring, og setje andelen til 50.
Vanlegvis blir skatten og formuen den same uansett korleis de fordeler lånet, også om éin av dykk har lågare inntekt. Det er særleg i to tilfelle at det lønner seg å endre fordelinga:
- Éin av dykk har alminneleg inntekt under personfrådraget.
- Éin av dykk har låg alderspensjon etter folketrygdlova eller avtalefesta pensjon (AFP).
Då kan de fordele ein høgare andel av lånet og rentene til den av dykk med høgare inntekt, slik at de til saman får lågare skatt.
Dette gjeld ektefellar, meldepliktige sambuarar og registrerte partnarar som kan fordele andelar av lån og renter som dei vil.
Les meir om
Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan ha ulik fordeling av renter og lån. Dersom de til dømes vil dele lånet 50/50, men alle rentene skal stå på éin av dykk, kan de velje «Legg til fleire opplysningar» i skattemeldinga og overstyre berekninga.
Sambuarar og andre som har lån saman kan ikkje ha ulik fordeling av renter og lån. De må ha same prosentandel av lånet og rentene.
Dersom éin av dykk ikkje er skattepliktig til Noreg, må de fordele lånet likt mellom dykk. Dette gjeld også når de er gifte.