Au pair i Noreg
For deg som jobbar som au pair i Noreg.
Au pair-ordninga er avvikla med verknad frå 15. mars 2024.
Skatt og skattekort
Det du får frå vertsfamilien må du betale skatt av, men norsk-kurset som vertsfamilien betaler, er skattefritt. Det betyr at du skal betale skatt av lommepengar og lønn og verdien av gratis kost og losji.
Skattekort
Vertsfamilien/arbeidsgivaren din hentar skattekortet ditt elektronisk. Skattekortet viser kor mykje skatt vertsfamilien skal trekkje før dei betaler ut lønn til deg.
Kjeldeskatt på lønn
Ordninga med kjeldeskatt på lønn går kort fortald ut på at pengane du får frå vertsfamilien din blir skattlagde med 25 prosent. Det er vertsfamilien som trekkjer skatten direkte frå lønna di. Skatten er dermed ferdig oppgjord når du får utbetalt lønna di. I denne ordninga kan du ikkje krevje frådrag for kostnader, og du slepp å levere ei skattemelding og vente på skatteoppgjeret.
For dei fleste au pairar i Noreg utan anna skattepliktig inntekt her, vil det lønne seg å bli skattlagd etter dei vanlege reglane. Du kan derfor velje deg ut av kjeldeskatteordninga ved å søkje om eit nytt skattekort og hake av for at du vil skattleggjast etter dei vanlege reglane i skattelova.
Skattemelding
Dersom du vel deg ut av ordninga med kjeldeskatt på lønn og skal skattleggjast etter dei vanlege reglane, skal du levere skattemelding.
Dersom du har valt ordninga med kjeldeskatt på lønn, får du ikkje ei skattemelding. I staden vil du året etter få ei skattekvittering frå Skatteetaten som viser kor mykje lønn og skatt arbeidsgivaren din har rapportert til Skatteetaten for jobben du gjorde i fjor.
Adresse og flytting
Rett adresse i Noreg
Det er viktig at du har oppdaterte adresser i Folkeregisteret, og at du melder flytting eller endrar postadressa dersom du får ei anna adresse.
Du vil normalt vere medlem i den norske folketrygda frå første dagen som au pair i Noreg. Sjekk med Nav om reglane for dette, og kva for nokre andre rettar du har i trygdesystemet.
Flytter frå Noreg
Drar du frå Noreg, og du har vore busett med eit norsk fødselsnummer, må du hugse å melde flytting til utlandet og oppgi den nye adressa. Dersom du har eit d-nummer må du hugse å melde om endring av postadressa.
Lønnsslipp
Ein lønnsslipp er ei kvittering som viser den lønna du har fått og den skatten som er trekt. Du skal få ei utskrift av den elektroniske meldinga eller ein kopi av meldinga på papir som lønnsslipp for kvar utbetaling.
Summen av alle meldingane/lønnsslippane erstattar ei årleg samanstilling frå vertsfamilien av det som er opptent i løpet av året. Du må derfor ta vare på meldinga/meldingane, slik at du sjølv kan kontrollere skattemeldinga eller dokumentasjonen din for den betalte kjeldeskatten, eller for forskottstrekket etter dei vanlege reglane.