Kva er eit skattekort?

Alle som arbeider i Noreg, må ha skattekort.

Skattekortet er eit elektronisk dokument som viser kor mykje skatt arbeidsgivaren din skal trekkje før lønna blir utbetalt til deg. Beløpet som arbeidsgivaren din trekkjer, blir kalla skattetrekk eller forskotstrekk.

Du får ei skattetrekkmelding med informasjon om kva skattekort du har. Du treng ikkje å levere skattekort til arbeidsgivaren din. Arbeidsgivaren din hentar skattekortet ditt frå Skatteetaten elektronisk ved hjelp av det norske identitetsnummeret ditt. 

Dersom du er elektronisk brukar, blir du varsla på e-post/mobil når arbeidsgivaren din hentar skattekortet ditt.

Skattekortet gjeld for eitt inntektsår (kalenderår).

Døme: Dersom du arbeider i Noreg frå 1. november 2019 til 30. mars 2020, får du først eit skattekort for månadene november og desember 2019 og så eit nytt skattekort for månadene januar, februar og mars 2020. Dersom du ikkje har fått ny skattetrekksmelding innan 20. januar, bør du søkje om nytt skattekort.

Korleis er skattekortet bygd opp?

Dei fleste nye utanlandske arbeidstakarar er omfatta av ei forenkla skatteordning kalla kjeldeskatt på lønn for utanlandske arbeidstakarar. Ordninga inneber at du blir skattlagd med ein fast prosent som arbeidsgivar trekkjer ved kvar lønnsutbetaling.

Du kan velje å bli skattlagd etter ordinære reglar i staden for å få kjeldeskatt på lønn. Du kan ta dette valet anten når du søkjer om skattekort, eller seinare i inntektsåret, ved å søkje om nytt skattekort. Valet kan ikkje gjerast om.

Arbeidsgivaren din reknar ut skattetrekket ditt med prosentsatsen som er oppgitt. Eit prosentkort viser kva prosentsats det skal trekkjast skatt etter. For personar som er omfatta av ordninga for kjeldeskatt på lønn, vil dette vere det endelege skattetrekket.

For personar som ikkje er omfatta av ordninga for kjeldeskatt på lønn, skal same prosent trekkjast i skatt sjølv om inntekta di endrar seg. Det inneber at viss du tener meir enn det skattekortet er rekna ut etter, vil du bli trekt for lite skatt. Tener du mindre, vil det bli trekt for mykje skatt. Dersom du har betalt for mykje skatt, får du tilbake det du har betalt for mykje (skatt til gode). Dersom det er betalt for lite skatt, må du betale det du skuldar (restskatt).

Du kan lese meir om prosenttrekk og tabelltrekk for skattekort her.

Eit tabellkort viser kva tabell arbeidsgivaren din skal trekkje skatt etter (såkalla tabelltrekk). Tabellkortet viser også kva prosentsats arbeidsgivaren din skal bruke ved forskotstrekk i ytingar der det ikkje kan trekkjast etter tabell (såkalla prosenttrekk). Tabelltrekk skal berre brukast hos hovudarbeidsgivaren din (der du tener mest). Det skal ikkje brukast av fleire arbeidsgivarar for same periode. Biarbeidsgivar skal bruke prosentdelen på skattekortet ditt. I motsett fall kan du bli trekt for lite og få restskatt.

Med tabellkort blir det trekt meir skatt jo høgare inntekt du har. Så lenge du har eit tabellkort og uendra arbeids- eller pensjonsforhold, vil du med andre ord behalde same tabellnummer sjølv om lønna/pensjonen endrar seg, føresett at dei andre inntektene/frådraga dine er dei same.

Du kan lese meir om tabelltrekk og prosenttrekk for skattekort her.

Når du har meir enn éin arbeidsgivar

For personar som er omfatta av ordninga om kjeldeskatt på lønn, blir det trekt ein fast prosentsats både hos hovudarbeidsgivar og biarbeidsgivar.

Dersom du har tabellkort og fleire arbeidsgivarar, pensjonsutbetalarar eller liknande, bør du gjere dei merksame på om dei er hovudarbeidsgivar (der du tener mest), eller biarbeidsgivar for deg. NAV er i denne samanhengen å rekne som arbeidsgivar.

Trekkje meir skatt enn det skattekortet viser

Du treng ikkje nytt skattekort for å kunne trekkje meir skatt enn det skattekortet viser. Kontakt arbeidsgivar/lønnskontoret (eventuelt NAV/pensjonsutbetalar) og be om å bli trekt meir i skatt.

Rekn ut skattetrekket ditt og kva du får utbetalt basert på tabellen du har.