Russebuss som er registrert i utlandet
Viss du planlegg du å leige ein utanlandsregistert buss som russebuss i Noreg, må du sjekke kva krav som gjeld for å kunne bruke bussen og kven som skal melde inn bruken.
Bruke utanlandsregistrert lånebil
Du kan bruke utanlandsk lånebil i Noreg i inntil 25 dagar i løpet av ein periode på 12 månader. Perioden på 25 dagar kan delast opp.
Du melder frå elektronisk ved å logge inn via ID-porten.
Ordninga gjeld for alle typar køyretøy, tilhengjarar og campingvogner òg.
Som låntakar er du sjølv ansvarleg for at køyretøyet har godkjent forsikring.
Du kan sjølv endre opplysningane du har meldt inn.
Du må ha med deg stadfestinga i bilen
Tilbakemeldinga du får på at opplysningane er sende til skattestyresmaktene blir rekna som ei stadfesting på at køyreløyve er gitt. Du må ha med deg løyvet i bilen.
Du må melde frå i forkant
Dei som skal bruke køyretøyet må melde frå til Skatteetaten før køyretøyet blir ført inn til Noreg. Det er berre den eller dei personane som har lånt køyretøyet som kan melde bruken til Skatteetaten.
Ver merksam på følgjande:
- Innan utgangen av den innmelde perioden må låntakaren føre køyretøyet ut av landet att.
- Dersom du ikkje følgjer regelverket må du betale avgifter. Du kan òg bli pålagt tilleggsskatt.
Finn ut kva som gjeld for bruk av utanlandsregistrert køyretøy i Noreg
Viss du er usikker på kva som gjeld for deg, kan du bruke vegvisaren vår for bruk av utanlandsregistrert køyretøy. Då svarer du på 2-8 spørsmål og får vite kva reglar som gjeld for deg.
Kva er privatlånt køyretøy?
Med privatlånt køyretøy meiner vi motorvogn som blir stilt til rådvelde for privatpersonar av privatpersonar med eller utan vederlag.
Utanlandsregistrerte utleigekøyretøy blir ikkje rekna for å vere privatlånte. Det finst ei eiga meldingsløysing for slike køyretøy.
Regelverk
Reglane for bruk av utanlandsregistrerte privatlånte køyretøy finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge (Lovdata).
Skattedirektoratet har utarbeidd kommentarar til forskrifta. Kommentarane finn du i årsrundskriv for engangsavgift.