Sats for:

Bil – satsar for firmavarebilar klasse 2 og små lastebilar

Privat bruk av firmabil er ein trekkpliktig og skattepliktig fordel. Fordelen blir vanlegvis fastsett etter standardreglar basert på listeprisen til bilen som ny.

Har du brukt yrkesbilen til arbeidsgivarl til private reiser, gjeld særlege reglar for verdsetjing av fordelen. Med yrkesbil meiner vi i denne samanhengen varebilar klasse 2 og lastebilar med totalvekt under 7 501 kg.

Det er eit vilkår for bruk av dei særlege verdsetjingsreglane for yrkesbil at du har eit tenestleg behov for ein slik bil. Har du ikkje behov for til dømes ein varebil klasse 2 i yrket, skal fordelen ved privat bruk av varebil verdsetjast etter standardreglane.

Det finst to ulike alternativ for utrekning av den skattemessige fordelen av den private bruken:


Sjablongmetoden (med botnfrådrag)

Den private fordelen ved bruk av yrkesbilar blir verdsett etter sjablongmetoden for ordinære firmabilar, men med eit særskilt botnfrådrag for å ta omsyn til at yrkesbilar i mindre grad enn ordinære firmabilar er eigna til privat bruk. Reduksjonen skal skje ved at listeprisen blir redusert med 50 prosent, avgrensa oppover til 150 000 kroner.

Det blir ikkje gitt reduksjon for yrkeskøyring over 40 000 km i tillegg til botnfrådraget. Dette går mellom anna fram av Skatte-ABC under emnet Bil – privat bruk.

Kilometersats (individuell verdsetjing)

Den private fordelen kan òg verdsetjast på bakgrunn av faktisk bruk (kilometersats). Når ein verdset på bakgrunn av kilometersats, skal det førast ei elektronisk køyrebok som arbeidsgivar administrerer. Den elektroniske køyreboka skal dokumentere total køyrelengd og total lengd for yrkeskøyring, slik at differansen utgjer talet på kilometer bilen er brukt privat. Moglegheita til å fastsetje fordelen etter kilometersats gjeld for all privatkøyring, og ikkje berre reiser til og frå jobb.

Les meir om elektronisk køyrebok.

For 2024 er satsen for berekning av trekkpliktig privat fordel basert på faktisk bruk kr 3,40 per km uansett køyrelengde.

Reknedøme

Døme 1:

Arbeidsgivaren vel ordninga med elektronisk køyrebok. Ho viser at du har køyrt 5 000 km som ikkje er yrkeskøyring. Det inkluderer privat køyring og køyring mellom heimen og fast arbeidsstad. Køyring mellom heimen og arbeidsoppdrag er derimot yrkeskøyring. Reknestykket blir 5 000 km x 3,40 kr = 17 000 kr. Då blir 17 000 kroner lagt til inntekta di og berekna skatt av.

Døme 2:

Arbeidsgivaren vel ordninga med sjablongskattlegging. Du har eit tenesteleg behov for å disponere ein bil som har ein listepris på 350 000 kroner. Det skal trekkjast frå eit botnfrådrag på 50 prosent av listeprisen, men maks 150 000 kroner. Då blir reknestykket slik:

Listepris:
350 000 kr - 150 000 kr = 200 000 kr
Skattepliktig inntekt:
200 000 kr x 30 % = 60 000 kr

Døme 3:

Du køyrer 10 000 km som ikkje er yrkeskøyring, og bilen har ein listepris på 200 000 kroner. Dersom arbeidsgivar vel alternativet med elektronisk køyrebok, blir den skattepliktige inntekta 34 000 kroner. Dersom arbeidsgivar vel sjablongskattlegging basert på listepris, blir den skattepliktige inntekta 30 000 kroner ((200 000 kr x 50 %) x 30 %).

Døme 4:

Dersom du køyrer 16 000 km og bilen er registrert 11.11.2013 og har ein listepris på 400 000 kroner, blir den skattepliktige inntekta 54 400 kroner dersom arbeidsgivaren vel alternativet med elektronisk køyrebok.
Med sjablongskattlegging blir reknestykket slik:

Listepris:
400 000 kr x 75 % = 300 000 kr
300 000 kr - 150 000 kr = 150 000 kr
Skattepliktig inntekt:
150 000 kr x 30 % = 45 000 kr