Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno. Innhaldet blir for tida revidert og blir omsett så snart som mogleg. Innhald under Rettskilder blir ikkje omsett.

Sats for:

Bil - satser for firmabil (standardreglene)

Bruker du bil som eies eller leases av arbeidsgiver, skal fordelen normalt regnes som lønnsinntekt, og du skal betale skatt av fordelen.


Trekkpliktig fordel ved privat bruk av firmabil blir fastsett til:

  • 30 prosent av listeprisen på bilen som ny inntil 338 800 kroner og 20 prosent av overskytande listepris.

Satsen for trekkpliktig fordel gjeld tilsvarande ved skattefastsetjinga som skattepliktig fordel.

Ved firmabilordning i delar av inntektsåret, blir fordelsskattlegginga gjennomført i høve til talet på heile og påbyrja månader bilen har stått til din disposisjon.

Grunnlaget ved berekninga over er i utgangspunktet 100 prosent av listeprisen på bilen som ny, men det er nokre unntak. 

Unntak

Unntak

Utregningen tar utgangspunkt i:

Viss bilen er eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret

75 prosent
av listeprisen på bilen som ny

Viss du dokumenterer at yrkeskøyringa overstig 40 000 km i inntektsåret

75 prosent
av listeprisen på bilen som ny

Ved kombinasjon av

  • bil eldre enn 3 år per 1. januar i inntektsåret
  • yrkeskøyring som overstig 40 000 km i inntektsåret

56,25 prosent
av listeprisen på bilen som ny

Døme

Arbeidstakaren har fri bil i januar 2023. Bilen har ein listepris på 279 000 kroner.
Berekna fordel for januar 2023: (279 000 kr x 30 %)/12 = 6 975 kr

Arbeidstakaren har fri bil frå 20. januar 2023 (del av månad). Bilen har ein listepris på 660 000 kroner.
Berekna fordel for januar 2023: (338 800 kr x 30 %)/12 + (321 200 kr x 20 %)/12 = 13 823 kr

Arbeidstakaren har fri bil i januar 2023. Bilen er førstegongsregistrert 15. november 2017 og har ein listepris på 249 000 kroner. Sidan bilen var eldre enn 3 år per 1. januar 2023, skal listeprisen reduserast til 75 prosent av opphavleg pris.
Redusert berekningsgrunnlag: 249 000 kr x 75 % = 186 750 kr
Berekna fordel for januar 2023: (186 750 kr x 30 %)/12 = 4 669 kr

Arbeidstakaren har fri bil i januar 2023. Bilen er førstegongsregistrert 15. desember 2014 og har ein listepris på 590 000 kroner, inkl. ekstrautstyr. Sidan bilen var eldre enn 3 år per 1. januar 2023, det blir brukt elektronisk køyrebok og det er mest sannsynleg at han i løpet av 2023 kjem til å køyre over 40 000 km i yrket med bil han blir fordelsskattlagt for, skal listeprisen reduserast til 56,25 prosent av opphavleg pris.

Redusert berekningsgrunnlag: 590 000 kr x 56,25 % = 331 875 kr
Berekna fordel for januar 2023 (331 875 kr x 30 %)/12 = 8 297 kr