No skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no

Viss du ikkje har eit lønnssystem, skal du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. Du skal ikkje levere a-meldinga i Altinn (A01).

Vel rett måte å levere a-melding på

Dei fleste som leverer a-melding, sender meldinga frå eit system. Dette kan vere eit lønnssystem, pensjonssystem eller eit anna sluttbrukarsystem. Dersom du ikkje bruker lønnssystem, kan du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no. I somme tilfelle kan ein òg sende a-meldinga frå skjema i Altinn.

 

Måtar å levere på Kven kan bruke kva måte
Frå system (A02) For deg som har eit lønnssystem, pensjonssystem eller eit anna sluttbrukarsystem. Alle som sender a-melding kan sende frå system. 
Direkte registrering på skatteetaten.no For deg som ikkje har lønnssystem. 
Forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon (A05) For velgjerande organisasjonar med lønnsutgifter som ikkje inngår i næringsverksemd.
Melding om lønna arbeid i heimen (A04) For privatpersonar som betaler lønn til tilsette i eigen bustad eller fritidseigedom.

 

Ikkje kombiner fleire måtar

Dersom du har eit lønnssystem, bør du berre sende a-meldingar frå systemet. Kombinerer du fleire måtar er det vanskeleg å ha kontroll på kva for arbeidsforhold du har ført opp og krevjande å gjere endringar eller rette opp i feil. 

Dersom du til dømes har sendt inn opplysningar både frå eit system (A02) og direkte på skatteetaten.no for den same månaden, blir arbeidsforholda registrerte fleire gonger og tolka som ulike arbeidsforhold. Det vil seie at du neste månad må føre opp begge arbeidsforholda for ikkje å få feilmeldingar på tilbakemeldinga.

 

Levere frå system (A02)

Tenesta er for deg som har eit lønnssystem, pensjonssystem eller eit anna sluttbrukarsystem. Gjeld både om du sjølv eller rekneskapsføraren din har eit slikt system.

Dei fleste system er fullt integrerte med Altinn slik at du kan sende a-meldinga direkte i systemet. Er du usikker på korleis dette fungerer i ditt system, kan du ta kontakt med systemleverandøren din.

Somme system er delvis integrerte med Altinn. Det finst då ei eiga teneste i Altinn for å laste opp opplysningane i a-meldinga.

Vi tilrår alle verksemder å sende a-melding frå eit system (A02).

 

For deg som er systemleverandør eller skal lage ditt eige system

Dersom du ønskjer tilgang til teknisk dokumentasjon for a-meldinga, informasjon om korleis du kan teste systemet ditt eller andre nyttige tips, finn du dette på a-meldinga sine sider på i altindigital.no.

Her finn du teknisk dokumentasjon til a-meldinga, tilbakemeldinga og avstemmingsrapporten, oversikt over forretningsreglar, inntektskombinasjonar og relasedokument. Du finn óg informasjon om test og testdata, og dokumentasjon frå informasjonsmøter.

 

Dersom du ikkje har lønnssystem

Dersom du ikkje har lønnssystem, kan du levere a-meldinga direkte på skatteetaten.no.

Denne a-meldinga kan du levere for å gi opplysningar om arbeidsforhold, lønn, ytingar, forskotstrekk og utleggstrekk til dei tilsette, i tillegg til arbeidsgivaravgift.

Denne a-meldinga har desse avgrensingane:

  • berre éi a-melding per undereining
  • kan ikkje brukast av offentlege etatar

Når du leverer a-meldinga direkte, er det alltid den siste a-meldinga som er sendt for månaden som gjeld for den undereininga du leverer a-meldinga for. Det vil seie at når du rettar feil eller manglar, vil den nye a-meldinga erstatte førre a-melding for månaden.

 

Forenkla a-melding for velgjerande og allmennyttig organisasjon (A05)

Skjemaet er for velgjerande og allmennyttige organisasjonar eller institusjonar med lønnsutgifter som ikkje inngår i næringsverksemd.

Bruk dette skjemaet når

  • lønnsutgiftene per tilsett er under 80 000 kroner i løpet av året
  • dei samla lønnsutgiftene for alle tilsette er under 800 000 kroner i løpet av året

Merk!
Dersom utbetalingane overstig grensene ovanfor, skal du ikkje bruke forenkla melding (A05). Du skal då sende a-melding frå eit system (A02), direkte på skatteetaten.no. eller i skjema i Altinn (A01). 

Dersom lønnsutbetalingane er under 10 000 kroner per tilsett i løpet av året, treng du ikkje føre opp dette.

Er du i tvil om du kan bruke forenkla a-melding, kan du lese meir om kva for reglar og unnatak som gjeld denne ordninga

 

Melding om lønna arbeid i heimen (A04)

Skjemaet er for privatpersonar som betaler lønn til tilsette i eigen bustad eller fritidseigedom.

Bruk dette skjemaet når

  • samla lønn, inklusive verdien av kost og losji, er over 6 000 kroner per tilsett i løpet av året
  • samla lønn, inklusive verdien av kost og losji for alle dei tilsette er under 60 000 kroner i året
  • du betaler for pass av barn under 12 år, eller for barn med eit særskilt behov for omsorg og pleie (uavhengig av alder), og lønna er over 6 000 kroner per tilsett i løpet av året. Her skal du bruke A04 sjølv om den samla lønna for dei tilsette overstig 60 000 kroner.  
  • verje (etter verjemålslova § 30) som overstig 6000 kroner per verje i løpet av året når utbetalinga skjer frå den verjetrengande

Merk!
Dersom utbetalingane overstig grensene ovanfor, skal du ikkje bruke melding om lønna arbeid i heimen (A04). Du skal då sende a-melding frå eit system (A02) eller direkte på skatteetaten.no.

Er dei samla lønnsutbetalingane under 6 000 kroner per tilsett i løpet av året, treng du ikkje føre opp dette.

Er du i tvil om du kan bruke forenkla a-melding, kan du lese meir om kva for reglar og unnatak som gjeld denne ordninga.