Melding om kjeldeskatt på aksjeutbytte
Norske selskap pliktar å rapportere kjeldeskatt på aksjeutbytte for dei utanlandske aksjonærane sine. Kjeldeskatten bidrar til at alle som har skatteplikt til Noreg, blir trekt rett skatt for utbytte.
Kven skal rapportere kjeldeskatt?
De skal rapportere kjeldeskatt om de
- er eit aksjeselskap, allmennaksjeselskap eller tilsvarande selskap, og
- trekkjer kjeldeskatt på aksjeutbytte, utbyttekompensasjon og renter av eigenkapitalbevis for aksjonærane deira
Det er det norske selskapet som utbetaler utbytte som skal rapportere og betale inn kjeldeskatten til Skatteetaten.
Kjeldeskatt rapportert i meldinga utgjer fastsett skatt.
Betaling og fristar
Frist for å levere melding om trekk av kjeldeskatt
De må levere melding om kjeldeskatt på aksjeutbytte seinast sju dagar etter datoen for utbetaling av utbytte.
Selskap med aksjar registrert i Verdipapirsentralen kan levere meldinga seinast éin månad etter datoen for utbetaling av utbytte.
Frist for å betale trekt kjeldeskatt
Fristen for å betale kjeldeskatten de har trekt, er same dag som fristen for å levere melding om kjeldeskatt på aksjeutbytte. Det vil seie anten sju dagar eller éin månad etter datoen for utbetaling av utbytte.
Skattetrekket skal gjennomførast når skattytaren får, eller får tilgang til å få, utbetalt utbytte eller utbyttekompensasjon, også viss oppgjeret finn stad på eit seinare tidspunkt.
Du må bruke KID-nummer når du betaler. Du får tilsendt informasjon om betaling og KID-nummer når meldinga om kjeldeskatt er sendt inn.
Ansvar ved feil trekk eller manglande innbetaling
Om det ikkje er trekt rett kjeldeskatt eller kjeldeskatt ikkje er innbetalt, kan de bli haldne ansvarlege.
Les om ansvar for skatt på aksjeutbytte til utanlandsk aksjonær i skattebetalingslova § 16-21.
Send inn melding om kjeldeskatt
De må levere melding om trekk av kjeldeskatt seinast sju dagar etter datoen for utbetaling av utbytte.
Selskap med aksjar registrert i Verdipapirsentralen kan levere meldinga seinast éin månad etter datoen for utbetaling av utbytte.
Når du loggar inn får du også oversikt over meldingar de har sendt inn tidlegare, med kvitteringar og høve for å sende endringsmelding.
Du som skal sende meldinga, må ha elektronisk ID for å kunne logge inn.
Slik registrerer du elektronisk ID
Du kan også velje å sende meldinga på papir.
Det er mogleg å rapportere kjeldeskatt på aksjeutbytte på papir dersom de ikkje kan gjere det digitalt. Merk at saksbehandlingstida er lengre enn om de søkjer elektronisk.
Last ned og fyll ut melding om kjeldeskatt på aksjeutbytte
Send til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Dette skjer når du har sendt meldinga
Etter innsending får de
- kvittering som stadfestar at meldinga er levert
- faktura for innbetaling av kjeldeskatt
De finn fakturaen i innboksen på Mi side.
Feil i rapportering eller trekk
Om de har rapportert eller trekt feil kjeldeskatt, må de korrigere trekket. Det gjer de ved å levere ei endringsmelding innan 3 månader etter fristen, og seinast 31. desember i inntektsåret.
Når de sender inn ei endringsmelding, må de oppgi nytt trekkgrunnlag for kjeldeskatten og opplysningar om aksjonærane de endrar for.
Endre meldinga om kjeldeskatt ved å
- logge inn og korrigere trekket i skjemaet
- leggje ved endringsmelding og sende inn endringa
De kan berre endre ei innsend melding på papir når den opphavlege meldinga vart sendt inn på papir.
De må leggje ved ei oversikt over aksjonærane det skal korrigerast for. Oversikta skal innehalde
- namn eller organisasjonsnamn på aksjonærane
- ID-type / d-nummer på aksjonærane
- det skattemessige bustadlandet til aksjonærane
For å rapportere endringane kan de fylle ut melding om trekk av kjeldeskatt på nytt, og sende inn saman med ei oversikt over aksjonærane.
Send til:
Skatteetaten
Postboks 9200 - Grønland
0134 OSLO
Om de treng å gjere endringar etter at endringsfristen har gått ut, må de ta kontakt med oss for at vi skal endre fastsetjinga.
Dette må de sende oss:
- Aksjonær/utbyttemottakar sitt namn, adresse, landkode, skattemessig ID og dokumentasjon på identitet/bustad
- For skattetransparente einingar må de gi desse opplysningane for kvar endeleg mottakar
- Informasjon om utbyttet
- Utdelande selskap, utbyttedato, aksjeportefølje, utbyttebeløp og trekt kjeldeskattesats
- Kva VPS‑konto aksjane var registrerte på ved utbytteutdeling
- Kva endringa eller feilen består i
- Beløpa de endrar frå og til, og dessutan kort forklaring på kvifor feilen oppstod
- Kopi av utbyttekvittering og annan relevant dokumentasjon etter skattebetalingsforskrifta § 5‑10a (dersom tilgjengeleg)
- Fullmakt, dersom andre enn skattepliktig sender inn
Informasjon om kjeldesatsar og refusjon
Trekksatsen for aksjeutbytte er i utgangspunktet 25 prosent, men utanlandske aksjonærar kan ha rett på lågare sats på grunn av skatteavtalar, fritaksmetoden, og liknande. Noreg har avtalar med fleire land om kva trekksatsar aksjonærar i utlandet skal betale.
Om de ikkje kjenner til identiteten til den utanlandske aksjonæren og skattemessige status, skal de alltid trekkje 25 prosent. Les meir i skattebetalingsforskrifta § 5-10a.
Aksjonærar som har rett på redusert kjeldeskatt
Nokre aksjonærar kan ha krav på lågare skattesats. Les meir om redusert kjeldeskatt på aksjeutbytte for utanlandske aksjonærar.
Viss ein utanlandsk aksjonær har blitt trekt for mykje i kjeldeskatt, kan han søkje om refusjon av overskytande beløp på eige initiativ .
Rettskjelder
Føresegnene kjem fram av skattebetalingslova og skattebetalingsforskrifta: