Utanlandske artistar og idrettsutøvarar

Utanlandske artistar og idrettsutøvarar skal betale artistskatt når dei opptrer eller er med på arrangement i Noreg. Det er den trekkpliktige sitt ansvar å trekkje og betale inn artistskatten. Satsen på artistskatt er for tida 15 prosent.

Ansvar og oppgåver

  • Artisten eller idrettsutøvaren som er med på eit arrangement eller opptrer i Noreg, skal betale skatt etter artistskattelova med mindre hen er skattemessig busett i Noreg.
  • Før arrangementet finn stad, må den meldepliktige melde frå til Skatteetaten. Du har meldeplikt dersom det er du som har engasjert ein utanlandsk artist/idrettsutøvar eller arrangerer framsyningar der utanlandske artistar/idrettsutøvarar skal delta.
  • Trekkpliktige har ansvaret for å trekkje og betale inn artistskatten til Skatteetaten. Vanlegvis er den trekkpliktige den norske arrangøren som betaler honoraret til artisten.

Gjeld det meg?

Denne sida er for deg som er

  • utanlandsk artist eller idrettsutøvar
  • meldepliktig
    • Du har meldeplikt viss det er du som har engasjert ein utanlandsk artist/idrettsutøvar eller arrangerer framsyningar der utanlandske artistar/idrettsutøvarar skal delta.​
  • trekkpliktig
    • Du er trekkpliktig viss det er du som har ansvar for å trekkje og utbetale skatt. Vanlegvis er det den som utbetaler honoraret til artisten (arbeidsgivaren eller oppdragsgivaren), som er trekkpliktig. 
    • Når det ikkje er nokon norsk arrangør som står for arrangementet, er det den som stiller plassen til rådvelde som er trekkpliktig.

  • har aktivitet som artist eller idrettsutøvar i Noreg, på norskregistrert skip eller norsk kontinentalsokkel, og
  • ikkje er skattemessig busett i Noreg
    • Om du reiser til Noreg for korte arbeidsoppdrag (under 183 dagar i løpet av 12 månader eller under 270 dagar i løpet av 36 månader), skal du betale artistskatt.

Du kan kombinere artistskatt med vanleg skatt om du har fleire roller (annan eller delt aktivitet).

Artistar: Personar som driv med musikk, dans, skodespel, sirkus og liknande. Omgrepet inkluderer også personar som får honorar for opptreden med religiøst, politisk, sosialt eller velgjerande innhald.

Idrettsutøvarar: Fotballspelarar, hockeyspelarar, skiløparar, utøvarar innan motorsport, biljard, sjakk, bridge og annan idrett.

Både profesjonelle utøvarar og amatørar skal betale artistskatt når dei får honorar for å opptre eller vere med på eit arrangement.

Desse er som regel ikkje skattepliktige etter artistskattelova:

  • administrativt og teknisk personell («road crew», riggarar, kamerafolk, filminstruktørar, koreografar, regissørar, trenarar, jurymedlemmar)
  • standby-artistar som ikkje opptrer
  • personar med aktivitet som kunstnar (til dømes målar, skulptør, tatovør) 
  • modellar og mannekengar

Artistar og idrettsutøvarar som berre skal betale artistskatt

  • skal ikkje søkje om d-nummer eller skattekort
  • har ikkje plikt til å levere skattemelding
  • får ikkje eit vanleg skatteoppgjer, men kan be om ei stadfesting på betalt artistskatt

Skattegrunnlaget for berekning av artistskatt

Skattegrunnlaget etter artistskattelova er bruttoinntekta som artisten får ved å opptre i Noreg. Dette omfattar all inntekt som er direkte knytt til framsyninga, uavhengig av om betalinga skjer før, under eller etter arrangementet.

Døme på inntekt som inngår i skattegrunnlaget:
Honorar
for prøveframsyning i Noreg før framsyninga for publikum, eller bonus utbetalt etter framsyninga i Noreg.

Alle kostnader som blir dekte av arrangøren skal inngå i skattegrunnlaget. Det er berre arrangøren si dekning av utgiftene artisten har til transport, kost og losji som ikkje skal takast med. Dersom artisten sjølv dekkjer desse utgiftene, kan ein krevje frådrag i skattegrunnlaget ved å leggje fram dokumentasjon.

Plikta til å rapportere og betale artistskatt av inntekta gjeld uavhengig av om inntekta går til artisten sjølv, ein representant for artisten eller eit føretak. Plikta til å betale skatt gjeld også uavhengig av om honoraret blir betalt via ein faktura.

Døme: Plikta til å betale skatt gjeld også royalty som arrangøren betaler via tredjepart til ein artist som både opptrer og er opphavsmann.

Bruttoinntektene skal ikkje rapporterast i a-meldinga og utgjer ikkje grunnlag for arbeidsgivaravgift.

Viss honoraret er avtalt som eit beløp etter skatt (netto), må honoraret førast opp som om artisten sjølv skulle betalt skatten. Det betyr at beløpet må oppjusterast (oppgrossast) til eit beløp før skatt.

Døme

  • Avtalt honorar etter skatt er 30 000 kroner
  • Artisten dekkjer utgifta til reise med eigen bil 400 km (400 km x gjeldande skattesats på 3,50 kroner = 1 400 kroner)
  • Artisten betaler 3 000 kroner i agentprovisjon

Nettohonorar som skal oppgrossast:

Honorar NOK 30 000
- frådrag for transport NOK   1 400
- frådrag for agentprovisjon NOK   3 000
= NOK 25 600
Oppgrossing:  
NOK 25 600 x 100/85 = NOK 30 118
   
Skatteberekning:  
NOK 30 118 x 0,15  = NOK   4 518

= artistskatt som skal trekkjast er 4 518 kroner

Meldepliktig må melde frå om arrangementet

Den som har meldeplikt må melde frå om arrangementet til Skatteetaten. Frist for å melde frå er tre veker før arrangementet finn stad.

Dersom du ikkje rekk fristen, må du melde frå snarast mogleg. Dette gjeld også når arrangementet er over.

På bakgrunn av opplysningane du gir, vil me sende skjemaet «Melding om trekk av artistskatt» (RF-1092) til den som er pliktig til å trekkje og innbetale skatt. Saksbehandlingstida varierer, men dei fleste får skjemaet innan tre veker.

Trekkpliktig må trekkje, betale og rapportere artistskatt

Den som har trekkplikt skal

  • rekne ut og trekkje rett artistskatt
  • betale inn artistskatten til Skatteetaten
  • rapportere til oss kor mykje skatt du har trekt

Du må betale skatten og sende inn «Melding om trekk av artistskatt» innan sju dagar etter at du har trekt skatten.

Betale artistskatt

Når du har berekna skatten, betaler du ut netto honorar til artisten – altså honorar minus artistskatt.

Du får betalingsinformasjon for innbetaling av artistskatt når vi sender deg skjemaet «Melding om trekk av artistskatt». Det er viktig at du berre bruker den betalingsinformasjonen.

Sende inn “Melding om trekk av artistskatt” (RF-1092)

Om du blir oppgitt som trekkpliktig i RF-1091, sender me deg skjemaet «Melding om trekk av artistskatt». Når du får tilsendt skjemaet har vi allereie fylt ut felt med informasjon om deg, arrangementet og artisten.

Du må fylle ut

  • honoraret, eventuelle frådrag og kor mykje skatt du har trekt
  • datoen du utbetalte honoraret​

Dersom det er ei gruppe med fleire artistar, er det mogleg å fordele inntekt mellom desse i skjemaet.

Du kan logge inn for å sende oss skjemaet digitalt.

Du kan sende meldinga og eventuell dokumentasjon i posten til

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

For å korrigere eit innsendt skjema, kan du sende inn ei endringsmelding. Endringsmelding skal berre brukast når du allereie har levert RF-1092 for eit arrangement. Send inn skjemaet på nytt, og huk av for «Endringsmelding».

Artisten skal også ha kopi av endringsmeldinga.

Døme på korleis korrigering kan sjå ut:

2.4 Dato for utbetaling 01.01.2020 + 31.01.2020
2.5 Brutto honorar før skatt NOK 10 000 + 2 500 = 12 500
2.6 Verdi av naturalyting + NOK
2.7 Utgiftene artisten har til kost og losji - NOK
2.8 Utgiftene artisten har til transport - NOK 1 000
2.9 Utgiftene artisten har til agenten - NOK
2.10 Trekkgrunnlag = NOK 9 000 + 2 500 = 11 500
2.11 Trekt skatt (av trekkgrunnlaget i post 2.10) x 15% = NOK 1 725

Send kopi til artisten

Du må sørgje for at artisten får ein kopi av skjemaet som kvittering.

Frådrag

Frådrag betyr at du kan trekkje frå nokre utgifter eller kostnader frå inntekta når skatten blir berekna. Frådraga vil derfor redusere den totale artistskatten som skal betalast.

Når den trekkpliktige sender inn melding om trekk av artistskatt (RF-1092), kan det gjerast frådrag for artisten sine eigne utgifter til

  • transport av artisten sjølv og personleg utstyr, til dømes instrument
  • kost og losji
  • agentprovisjon

Utgiftene må dokumenterast. Det er ikkje mogleg å få frådrag for andre utgifter.

Viss artisten ikkje kan dokumentere storleiken på utgiftene, kan hen likevel få frådrag etter satsar dersom det blir sannsynleggjort at artisten har hatt slike utgifter.

For å krevje frådrag etter satsar må utgiftene sannsynleggjerast ved å leggje ved ei oversikt saman med skjemaet “Melding om trekk av artistskatt”.

Oversikta skal minst innehalde desse opplysningane:

  • dato for avreise frå og innkomst til bustadlandet
  • dato for innkomst til og avreise frå Noreg
  • reisemåte og reiseveg (kopi av billettar må leggjast ved)
  • namn og adresse på overnattingsstad/utleigar. Om det er fleire overnattingsstader, må datoane for overnattingane også førast opp.
  • type losji (hotell, pensjonat eller annan nærare skildra losji)

Viss artisten har betalt transport, mat og overnatting for utanlandske medarbeidarar i samband med arrangementet i Noreg, kan hen få frådrag etter dei same satsane per person per døgn.

Dei årlege satsane blir fastsette i Finansdepartementet si forskrift om takseringsreglar for artistskatt. Søk på “Forskrift om takseringsregler, artistskatt + inntektsår”.

Det er ulike frådragssatsar, alt etter korleis artisten har innretta seg ved opphaldet i Noreg. Satsane finn du i punkt 1.1 i forskrifta.

Dokumentasjon på at artistskatt er betalt i Noreg

Den trekkpliktige eller artisten sjølv kan be om å få skrive ut ei stadfesting på betalt artistskatt. Denne stadfestinga dokumenterer at artistskatten er betalt i Noreg, og kan leggjast fram for skattestyresmaktene i heimlandet.

Spesielt for deg som

Om du er trekkpliktig når artisten blir skattemessig busett i Noreg, kan du ikkje halde fram med å rapportere artistskatt. Då får du rapporteringsplikt etter vanlege reglar

Om du som trekkpliktig er arbeidsgivar når artisten blir skattemessig busett i Noreg, har du også tilbakeverkande oppgåveplikt for året før artisten vart skattemessig busett her. Du endre rapporteringa til a-melding og betale arbeidsgivaravgift.

Les meir om lønn og andre ytingar til utanlandske artistar.

Om du som utanlandsk artist i Noreg er arbeidstakar etter folketrygdlova, er du medlem av norsk folketrygdDu kan kontakte Nav om du har spørsmål om medlemskap eller rettar. Hugs å opplyse om at du er artist som har betalt artistskatt.

Nav kan også vurdere om du kan få fritak frå folketrygda (A1). Satsen for artistskatt blir ikkje endra om du har fritak.

Om du ønskjer innsyn i skatteforholda dine, kan du be om ei oversikt over periodane du har hatt artistskatt. Du må presisere kva år og utbetalarar (trekkpliktige) førespurnaden din gjeld. Viss førespurnaden din eventuelt også gjeld opptreden i ei gruppe, må du oppgi gruppenamnet.

Du kan ikkje betale artistskatt når du blir skattemessig busett i Noreg. du betale skatt etter skattelova frå og med året før det året du vart skattemessig busett her.

Døme: Du blir skattemessig busett i Noreg i 2026. Då må du betale vanleg skatt for inntektsåret 2025.

Artistskatt som allereie er trekt, vil bli omgjord til forskottstrekk eller forskottsskatt, avhengig av om du er næringsdrivande eller lønnstakar. Når du blir skattepliktig etter skattelova, gjeld vanlege reglar for levering av skattemelding.

Viss arrangementet blir avlyst før fristen for melding om artistar (RF-1091)

Den meldepliktige treng ikkje å sende inn meldinga, så lenge artisten ikkje skal ha artistaktivitet i Noreg.

Viss trekkpliktige allereie har fått melding om artistskatt (RF-1092) 

Du må levere meldinga sjølv om ein opptreden er avlyst. Du skal ikkje berekne artistskatt om du har utbetalt kanselleringshonorar til ein artist som ikkje har hatt aktivitet i Noreg. Då fyller du ut null i beløp i meldinga før du leverer.

Døme delt aktivitet er om du både instruerer ei framsyning og opptrer i henne, eller er tilsett som både fotballspelar og trenar for ein fotballklubb.

Viss honoraret er fordelt i kontrakten

Du skal berre betale artistskatt for den delen som gjeld artistaktivitet. For den andre delen du betale skatt etter vanlege reglar. Du kan då kombinere artistskatt med kjeldeskatt på lønn.

Viss honoraret ikkje er fordelt i kontrakten

Du må betale artistskatt av heile honoraret viss artistaktiviteten utgjer den største delen av arbeidet.

Om du også har jobb hos ein annan arbeidsgivar

​Om du har ein annan jobb som ikkje er artistaktivitet, skal du betale vanleg skatt for denne jobben.

Døme: Du jobbar som fotballspelar for ein fotballklubb, men også som rekneskapsførar i eit rekneskapsfirma. Då skal du betale artistskatt for inntekta frå fotballen, og vanleg skatt for inntekta frå rekneskapsjobben.

Du skal ikkje betale artistskatt når du ikkje oppheld deg fysisk i Noreg. Til dømes om du som artist har konsert i utlandet som blir strøymt til Noreg, og du får betalt for strøyminga.

Den norske arbeidsgivaren kan likevel ha rapporteringsplikt.

Viss det ikkje er nokon norsk arrangør som står for arrangementet, er den som stiller plassen til rådvelde for den utanlandske artisten eller arrangøren, ansvarleg for at skatten blir trekt og betalt inn. Dette føreset at plassutleigaren har hatt tilgang til inntektene ved billettsalet eller liknande.

Om det ikkje er nokon norsk arrangør, plassutleigar eller annan utbetalar som kan haldast ansvarleg, er det artisten sitt eige ansvar å trekkje og betale inn skatten.

Retten Noreg har til å skattleggje artistinntekta di kan vere avgrensa av ein skatteavtale mellom Noreg og bustadlandet ditt. 

Uavhengig av skatteavtalen må meldepliktige levere RF-1091 og trekkpliktige levere RF-1092. I RF-1092 kan trekkpliktige oppgi skatteavtalen som årsak til at artistskatt ikkje blir berekna.

Du finn skatteavtalane Noreg har inngått med andre land, regjeringa si nettside.

  • Inntekt til artistar og idrettsutøvarar er ofte regulert i artikkel 16 eller 17 i skatteavtalen, så lenge opptredenen er fastlandet og ikkje eit skip i internasjonalt farvatn.
  • Sjå artikkel 14 A i skatteavtalen mellom USA og Noreg, i tillegg til artikkel 13 (2) c om du er sjølvstendig næringsdrivande.

Du kan søkje om fritak frå å betale artistskatt viss framsyninga artisten/idrettsutøvaren deltar i, er ei offentleg støtta kulturutveksling med eit anna land.

For å få fritak, må arrangementet oppfylle desse vilkåra:

  • Arrangementet/framsyninga må hovudsakleg vere finansiert med statlege, fylkeskommunale eller kommunale midlar og/eller midlar frå styresmaktene i eit anna land.
    • Minst 80 prosent av dei totale kostnadene ved arrangementet må vere dekte av ekstraordinære offentlege midlar.
    • Finansieringa må vere eit ekstraordinært tilskott for å få i stand arrangementet som det blir søkt om fritak for. Det er ikkje nok at arrangøren får tilskott til alminneleg drift.
    • Tilskott frå privatpersonar, organisasjonar, stiftingar eller selskap er ikkje offentlege tilskott.
  • Arrangementet kan ikkje vere av kommersiell art.

Du må søkje på nytt sjølv om du tidlegare har fått innvilga fritak. Eit innvilga fritak gjeld berre opptredenen i perioden det vart søkt om.

Dette må du dokumentere i søknaden:

  • “Melding frå arrangør/plassutleigar om artistar” (RF-1091), viss skjemaet ikkje allereie er sendt inn.
  • Oversikt over alle inntekter og utgifter ved arrangementet. Dette inkluderer også billettinntekter, uavhengig av kven som får desse. Om det ikkje er billettinntekter, må du opplyse om det.
  • Dokumentasjon på tilskott til arrangementet frå stat, fylkeskommune, kommune eller styresmakter i andre land

Du kan sende søknaden og eventuell dokumentasjon i posten til

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Artistar og idrettsutøvarar som er busette i eit EU/EØS-land, kan krevje å bli skattlagde etter skattelova etter utløpet av inntektsåret.

Om du ønskjer å betale ordinær skatt, kan du skrive til oss. Arbeidsgivaren din kan be om ordinær skatt på dine vegner, men må leggje ved ei fullmakt frå deg.

Artistar busette utanfor EU/EØS og som ikkje er skattemessig busette i Noreg, kan ikkje velje ordinær skatt.

Artistskatt Vanlege skattereglar

Du betaler 15 prosent av inntekta di i skatt.

Kor stor del av lønna du betaler i skatt, kjem an på kor mykje du tener og kva frådrag du har.

Du skal ikkje søkje om d-nummer eller skattekort.

Du må ha eit norsk identitetsnummer og du må søkje om skattekort.

Skatten din er ferdig betalt når du får utbetalt lønna di. 

Du blir trekt i skatt når du får utbetalt lønn, men vi sjekkar at skatten din er rett året etter. Det betyr at du kan få tilbake på skatten eller må betale restskatt.

Du får ikkje noka skattemelding neste år.

Du får og leverer skattemeldinga neste år.

Du får ikkje noko skatteoppgjer, men kan be om ei stadfesting på betalt artistskatt.

Du får eit skatteoppgjer neste år som viser om du har betalt for mykje eller for lite skatt i Noreg i fjor. Har du betalt for mykje, får du pengar tilbake. Har du betalt for lite, må du betale meir skatt (restskatt).

Om du som artist har vore skattemessig busett i Noreg og fått innvilga skattemessig emigrasjon (opphøyr av skatteplikt som busett), skal du betale artistskatt om du får eit honorar for aktivitet som artist i Noreg.

Om du framleis er skattemessig busett i Noreg, men oppfyller vilkåra for skattemessig emigrasjon, kan du betale artistskatt om du krev og får innvilga skattemessig emigrasjon.

Aktuelt regelverk