Formuesverdien på bustaden din i skattekortet

Den formuesverdien som står på bustaden din i skattekortet, er ei førebels berekning for at skattetrekket ditt skal bli mest mogleg korrekt.

Her finn du informasjon om korleis me kjem fram til formuesverdien av bustaden din.

Slik gjer me det

Me tar utgangspunkt i informasjon om bustaden din frå skatteoppgjeret 2024. For inntektsåret 2026 er det bestemt at me skal nytte ein oppdatert modell for berekning av formuesverdi på bustad. Den oppdaterte modellen hentar informasjon om omsette bustader frå grunnkrinsar i staden for kommunar. Det er formuesverdien bustaden din ville hatt etter oppdatert modell for 2024 som ligg til grunn for skattekortet 2026.

Me tar også omsyn til ein venta prisvekst i bustadmarknaden og reknar med at bustadprisane i gjennomsnitt vil auke med 9,8 prosent frå utgangen av 2024 til utgangen av 2026.

Om du tidlegare har endra og dokumentert ny marknadsverdi i skattemeldinga, er dette tatt omsyn til.

Formuesverdien av primærbustad

Formuesverdien er 25 prosent av den berekna eller dokumenterte marknadsverdien opp til 10 millionar kroner, og deretter 70 prosent av det som overstig 10 millionar kroner.  

Formuesverdien av sekundærbustad

Formuesverdien er 100 prosent av den berekna eller dokumenterte marknadsverdien.

 

Du kan lese meir om formuesverdi av bustad.

Viktig at du sjekkar tala i skattekortet

Om du meiner at den berekna marknadsverdien er feil, kan du endre skattekortet ditt. I skattekortet må du oppgi den marknadsverdien du meiner er rett ved utgangen av 2026. Du treng ikkje leggje ved dokumentasjon. Formuesverdien blir automatisk berekna. Ei endring av verdi kan ha noko å seie for skattetrekket ditt.

Når du skal levere skattemeldinga neste år, må du derimot kunne dokumentere den endra marknadsverdien.

Endringar du gjer i skattekortet har berre betydning for skattekortet, og vil ikkje bli førehandsutfylt i skattemeldinga. 

Skattemeldinga 2026

Skattemeldinga for 2026 kjem i mars 2027. Dersom den berekna marknadsverdien i skattemeldinga 2026 er for høg, kan du krevje bustaden verdsett etter dokumentert marknadsverdi. Du må sjølv leggje inn den dokumenterte marknadsverdien og oppdatere i skattemeldinga. Du kan lese meir om når marknadsverdien og formuesverdien er for høg og om korleis du kan endre berekna marknadsverdi i skattemeldinga.

Formuesverdi og formuesskatt

Viss formuesverdien av eigedom, bankinnskott og andre eigedelar til saman er større enn gjelda di, har du ein skattepliktig formue.

Du betaler ikkje formuesskatt viss formuen din er under 1 900 000 kroner (2026).

Er du gift, registrert partnar eller meldepliktig sambuar og de blir skattlagde saman, betaler de ikkje formuesskatt dersom den samla formuen er under 3 800 000 kroner (2026). Sjå satsane for formuesskatt.