Formuesverdien på bustaden din i skattekortet
Formuesverdien som bustaden din er oppført med i skjemaet som følgjer skattetrekksmeldinga di, er ei mellombels utrekning for å få eit mest mogleg korrekt skattetrekk det komande inntektsåret.
Det blir vanlegvis teke utgangspunkt i siste skatteoppgjer. Deretter blir det anslått kor mykje inntekta di og frådraga dine vil endre seg i forhold til dette. Opplysningane frå siste skatteoppgjer er nesten to år gamle når skattekortet blir skrive ut.
Dersom du meiner at den estimerte formuesverdien er feil og at dette påverkar skattetrekket, kan du endre skattekortet ditt. Oppgi formuesverdien du meiner er rett.
Formuesverdien for primærbustad og sekundærbustad skal ikkje vere høgare enn marknadsverdien for bustaden.
For å ta høgde for den venta prisveksten på bustadmarknaden, blir det ved utskrivinga av forskot lagt til grunn ein auke av formuesverdien for primær- og sekundærbustader med 6,4 prosent frå utgangen av 2023 til utgangen av 2025.
Formuesverdi for primær- og sekundærbustader
Formuesverdi for eigen bustad – primærbustad.
Formuesverdi for annan bustad – sekundærbustad.
Formuesverdi og formueskatt
Ein for høg eller låg formuesverdi vil berre verke inn på skattetrekket dersom du betaler formueskatt. Ein einsleg skattytar vil ikkje få skatt på formuen før etter at formuen er redusert med gjelda og eit botnfrådrag på kr 1 760 000 (2025). For ektepar er botnfrådraget på kr 3 520 000 (2025) til saman.